Det här är HTML-versionen av Bibelen for barn. Klicka här för mer information om boken.

Den här boken är hämtad från Projekt Runeberg. Böcker kan vara maskinlästa utan korrektur.

Bibelen for barn




Forord til den elektroniske utgaven



Dette verk av Bernt Theodor Anker (1867-1943) er digitaliseret i juni 2010 av Nasjonalbiblioteket, Oslo og tilpasset for Projekt Runeberg i september 2014 av Ralph E.

BIBELEN FOR BARNBIBELEN FOR BARN

BARNEPREIKER VED PROSTEN B. TH. ANKER

OLAF NORLIS FORLAG OSLO 1938COPYRIGHT 1938 BY OLAF NORLI OSLO

PRINTED IN NORWAY NIKOLAI OLSENS BOKTRYKKERI — OSLOMed takk til dei tvo Bjørgvin-bispane Peter Hognestad og Andreas Fleischer for mange varme minne.PYEEOED

Nokre år sidan skreiv eit blad til burtimot hundrad menneske her i landet, og spurde kva for fem bøker dei vilde velja & ha med seg um dei vart forviste til ei einsam øy for resten av sitt liv. Millom dei fem bøkene nemnde dei fleste Bibelen. Det var dik-tarar, skodespelarar, bladfolk, vitskapsmenner, handelsfolk, karar og kvinner. Dei fleste vilde ha Bibelen med seg. Alle skyna at Bibelen er ei verdfull bok.

Det er sagt av bok-kunnige folk: Ibsen er ein stor dramatisk diktar, Shakespeare er endå større; men han som hev skrive Jobs-boki er større enn dei båe. Og slik er det med mange av bøkene i Bibelen; dei er meister-verk, som er vel verde å lesa.

Eg skynar godt den svenske diktaren August Strindberg då han sa til dotter si: gif mig boken 1 Hva for en bok, pappa? Det är blott en enda bok I svara han.

Ja du veit bibel tyder bok; eit bibliotek er ei boksamling.

Og eg kan godt segja at Bibelen er ei boksamling på 66 bøker, 39 i gamle-testamentet og 27 i nytestamentet. Ho er drjug å koma igjenom, endå du kan putta henne i lumma.

Vil vi læra å kjenna Bibelen, må vi ikkje lesa på slump, som mange gjer. Vi må gjera som Stanley då han skulde læra å kjenna det indre av Afrika: han bygde seg stasjonar, der han stogga i månadsvis; derifrå drog han ut på granskingsferd dag etter annan. Det er nokre slike stasjonar i Bibelen eg vil syna deg i desse preikene. Gud gjeve det må verta levande for deg, so du kan kjenna deg heime: her er eg barn i Fars husl her høyrer eg Fars røyst!Salmenummeri viser til «Nynorsk salmebok».1.

Kain og Abel.

(1. Mosebok 4. kapitel.)

Syng: «Nynorsk salmebok» nr. 536.

Fyrste barnegudstenesta vi høyrer gjete — er då Kain og Abel bar fram offer til Gud. Dei hadde vel lært det av foreldri sine. Plent som når far og mor lærer deg å be kveldsbøn og bordbøn.

Det stend at Herren ansa ikkje Kain og hans gåva. Men han såg blidt til Abel og gåva hans. Kvifor det, trur du ? Abel meinte det so hjarteleg: han tok det beste han hadde og gav det til Gud.

Og Gud såg til hjarta. Du veit det stend i Bibelen at Gud ser på hjarta. Kan du finna det ordet? Du må leita i soga um Samuel og David, so finn du det.

Gud trong korkje lammekjøt eller korn. Men han tok vel imot Abels gåva fordi han såg at Abel meinte det so godt. Nett som når eit lite barn kjem med gildaste dokka si og gjev til ein vaksen kar: den må du ha! Det smakar godt å kjenna hjartevarmen, endå vaksen-karen er likeglad med dokka.

Kain meinte visst ikkje større med offeret sitt. Han berre gjorde som far og mor hadde lært han. Slik er det mange som bed med munnen, men ikkje med hjarta. Mange konfirmantar bøygjer kne ved altaret, men meiner ikkje større med det. Ja tenk det finst foreldre10

som ber barnet sitt fram til døypefonten og meiner ingen ting ålvorleg med det. Eg vil ikkje snakkn um brudpar som kjem upp til altaret og bøygjer kne der, og so fer heim og turar eit syndigt brudlaup!

Kva trur du Gud tykkjer um so vore? Du kan veta at Gud ansar ikkje slike offer som berre er for syn skuld eller for skikken skuld. Skikken er bra nok. Men hjarta

må vera ærlegt og ope mot Gud.

*

Kain vart sint då han skyna at Abel vart nummer ein. Han vart ovundsjuk, kjenner du det ordet? Det er ein fæl sjukdom det!

Gud likar ikkje gutar som er viktige. Minnest du Øyvind, ein glad gut, som Bjørnson fortel um? Han gjekk for presten, og las og streva hardt for di han vilde stå nummer ein på kyrkjegolvet. Gamle Bård skulemeister skyna dette var gale for Øyvind. Dei som er viktige, dei veks ikkje dei, ser du. So tok han Øyvind i skule: trur du at du med eit so vore hjarta kan møta ærleg fram til konfirmasjon på sundag? Nei, sa Øyvind. Han bøygde seg, og takka til at han fekk lov å vera med, um han so skulde stå langt nede.

Det veit du Kain og burde gjort. Gud tok han kjærleg i skule: kva slags hjartelag er det du hev, Kain! Kvifor er du sint? Gud vilde få han til å lyfta augo til himmelen. Men Kain gjekk og skjegla nedfyre seg. Augo speglar hjartelaget, hev du set det? Fy so stygge augo vert når vonde tankar rår i hugen! «Hev du godt i tankar, so kan du lyfta augo upp!» segjer Gud til Kain; «men hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer!»

Eg kan eit framifrå ordtak som eg vil læra deg: vonde tankar skal ein møta på dørstokken. Kan du11

ta uppatt det! «Vonde tankar skal ein møta på dørstokken!» Ja for elles slepp dei inn i hugen din. Og når dei fyrst hev sloppe inn, er det meste rådlaust å få dei ut att.

Eg veit ein gut, han heitte endå Per. Han hadde late syndige tankar få makt yver seg. Då han vilde jaga dei ut, fekk han berre spottande svar: du trur du kan jaga oss ut du! vi har sett oss fast vi, og renner rundt i hausen din! er vi fyrst komne inn, fær du oss ikkje ut att. Henrik Ibsen skreiv ei heil bok um den guten. Per Gynt heiter boki. Per vart bannlyst frå heimen sin, liksom Kain, av di han ikkje heldt syndi i age. Hadde berre Per Gynt bede Gud og menneske um tilgjeving, og umvendt seg! Men det vilde han ikkje. Han hadde lært seg eit ulukkelegt ordtak: gå utanum, sa bøygen. Heile tidi gjekk han utan-um ansvaret, utan-um sanningi, og fuska seg fram i verdi heile sitt liv.

Hadde Kain opna hjarta for Gud og bede Gud um hjelp mot dei vonde tankane, so hadde han vunne yver dei. Gud sa so kjærleg: du skal få styrke til å halda syndi i age. Det var eit evangelium det! ein kjærleg lovnad!

Beste rådi mot stygge tankar, det er: å leggja i hop hendene og be til Gud. Eette vegen er å høyra på det Gud segjer og lyda han. Gud vil deg vel, det veit du. Han vil ikkje ta ifrå deg noko som er godt. Berre det

som er til skade for deg, det segjer han du må forsaka.

*

Det heitest at Kains etterkomarar vart dugande folk. Ja det var bra nok. Dei vart glupe smedar, både jarnsmedar og koparsmedar. Dei vart jamvel diktarar og spelemenner. Alt sovore er Guds gaver til oss menneske. Men kva munar det alt når vondskap og råskap12

fær nytta Guds gaver til skade og ulukka? Yi treng Guds hjartelag til å nytta dei på rette måten, so dei vert til lukka og velsigning. Det ser vi kvar dag i verdi no, både i Europa og i Asia. Å so vondt det er med kultur utan kjærleik!

Vi treng å be: Jesus, styr du mine tankar! Eg skal segja deg: Per Gynt kunde og verta frelst når han bøygde hugen sin, på kne for Jesus. Ja tenk! då kunde han vorte kvitt alle dei stygge tankane sine. Jesus kan jaga dei ut att. Han fyller hugen din med gode tankar. Han lærer deg å gløyma din eigen bate. Han lærer deg å gleda deg når andre vinn fram. Ja det er vedunderlegt kor alt vert umskijt når Jesus slepp inn. Dif or segjer Jesus: Sjå eg stend for døri og bankar. Dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg gå inn til han og halda nattverd med han. Veit du å f inna det ordet i Bibelen? Det finn du i siste boki, i Johannes Openberring.

Du ser at heile Bibelen frå fyrste til siste boki peikar rette vegen: umvendings-vegen til Gud, burt frå æresykja og ovundsykja og hat, til takksam audmjuk gleda og hugnad i alt som er godt. Og vegen heiter Jesus. Amen.

Syng:

Um nokon til å synda lokka meg vil,

so svarar eg: nei! nei! nei!

mine augo, mine øyro dei vil eg stengja til;

hug og hender dei opnar eg ei.

Min Gud meg etlar rom hjå seg, det er mi visse tru.

Inkje ureint der kan bu.13

Bed nokon meg å synda når ingen det ser, då svarar eg: nei! nei! nei!

For eg veit det er eit auga som skodar alt eg gjer.

Jamvel midnettes blundar det ei.

Det granskar all min hug og hått og all mi minste trå,

um ho heim til Gud vil nå.

*

Men spør meg min Frelsar: vil du fylgja min veg? då svarar eg: ja! ja! ja!

Spør han hjartemildt og varsamt: seg, er du glad i meg? ja då svarar eg hugheilt: ja! Du ser nok at det vantar enno mykje i mi tru. Men min rikdom det er du!2.

Esau og Jakob.

(1. Mosebok kapitel 32).

Syng: nr. 531.

Kven likar du best, anten Esau eller Jakob? Esau var ein villmann, veit du. Det var fælt at han selde odelen sin berre for å metta magen. Han stend til skræmsla for alle som vanvyrder barneretten sin. Kjenner du nokon som hev selt barneretten for meste inkjevetta? gutar som sel den rikdomen sin berre for ei stutt moro? Det var rart at Isak og Rebekka kunde få slik ein son som Esau. Tenk kor bestefar Abraham hadde syrgt yver den sonesonen! Like vel tykkjer eg Esau var snildare enn Jakob. Esau var ein bjørn. Og de veit det heitest at bjørnen er godlidande. Men Jakob var ein rev, sløg og lur, so han jamt lurde seg fram i livet. Det var arv frå mors-ætti. De veit Eebekka hadde ein bror som heitte Laban. Jakob var ein liten Laban han og.

Jamt og stødt gjekk Jakob og lurde på korleis han kunde få odelen frå Esau. Og det var ikkje fritt anna Eebekka heldt med Jakob. Tenk um Jakob hadde vore ein snild bror! tenk um han hadde sagt til den svoltne Esau: ja, bror! du skal med gleda få maten eg hev laga, han er deg vel unnt! Trur du Jakob hadde tapt på det? Eg er viss um at Jakob hadde vorte15

lukkeleg av det. I staden vart han ulukkeleg trass i alt han kara til seg. Fy so stygg han var då han nytta høvet og narra Esau til å selja odelen. Og endå verre då han narra den gamle blinde far sin! Eg tykkjer meste ikkje noko so ufjelgt som å narra blinde folk. Yi hadde ein blind organist i Ullensvang i mange år. Han var makalaus glup til å finna fram på vegane, so han greidde seg godt. Ein gong han skulde ned på bryggja i Odda, sa ei kona til son sin: du skal fylgja Guttorm. Guten hadde ikkje hug. Og Guttorm hadde heller ikkje hug: eg greier meg åleine eg. «Du skal!» sa mori. Og tenk, so leidde guten den blinde mannen beint på ein stolpe, so han slo andletet til blods. Den guten trur eg ikkje vart noko lukkelegt menneske. Alt sovore kjem att det, ser du.

Og so at Jakob kunde ljuga so grovt, og jamvel snakka gudleg lygn: «Herren din Gud sende dyret imot meg,» sa han. Og du veit det var ikkje sant. Han fekk svi for det Jakob, og det heile sitt liv. Alt sovore kjem att det, ser du. Eøma frå heimen sin laut han. Og han såg aldri att mor si. Til morbror Laban rømde han. Og der heldt han ved å lura seg fram. Det er ei ufysi soga korleis store-Laban og vesle-Laban narra kvarandre. Jakob fekk yvertaket, han var den luraste.

Det kom ein dag han laut lura seg vekk frå Laban på heimveg til fedralandet sitt. Men det var ikkje so beint: Laban kom etter han. Og Esau kom imot han med 400 mann. Jakob freista med revestrek då og: sende mykje fint fe til Esau; han visste Esau var glad i gode beist. Men trygg kjende han seg ikkje. Den notti han gjekk der åleine i myrkret, kjende han seg maktlaus og rådlaus. Han kom i slik sjele-naud at det var bokstavleg som hau tok tak med ein sterk marni. Og det var Gud sjølv han laut stridast med.16

Heile sitt liv såg hart i eit nytt ljos: «No fær eg hausta det eg hev sått! Å kor ille eg hev stelt meg! Jamt hev eg gjenge mine eigne vegar i staden for å fylgja Guds veg.» For fyrste gong i sitt liv tek han for ålvor til å be til Gud. Det gjekk so hardt at han naudbad Gud: eg slepper deg ikkje fyrr du velsignar meg! Den notti vart Jakob umvend. Difor fekk han eit nytt namn: Israel, den som strider med Gud. Han fekk eit nytt namn; han skulde verta eit nytt menneske: heretter skulde han ikkje lura seg fram, hål og sløg som fyrr, heretter skulde han be: ber meg på dine hender! vis meg den rette veg! Han skulde stri med Gud i bøn, og vinna alt av Guds nåde.

Eg hev sagt til konfirmantane mine: Gud gjeve de ikkje må stella dykk som Jakob, so de må sleppa å gå igjenom so hard ei umvending! Det gjekk på vetet laust. Eg veit um fleire menneske som hev gjenge frå vetet då samvetet vakna og heldt domedag yver dei. Her sit folk i sinnssjukehus av den grunn. Og det er ikkje å undrast på: når ein Jakob fær sjå korleis han hev fare åt, då vert han ifrå seg sjølv av anger og angest.

*

Gud var god mot Jakob. Han tilgav han. Og han velsigna hau. Men fylgjene av det vonde han hadde gjort fekk han dragast med heile sitt liv. Han fekk ein ulukkeleg heim med dei tvo konene. Dei var ovund-sjuke på kvarandre. Lea såg at Jakob var gladast i Eakel. Rakel misunnte Lea at ho fekk so mange søner. Trætta og kjefting var det stødt millom dei. Når Jakob kom heim, fekk han høyra det. Sanneleg hadde han bunde ris til sitt eige bak!

Etter han var umvend, bar han det med audmjukt tolmod. Men usemja millom Lea og Rakel kom att17

hjå søiieiie. Lea-sønene fekk motvilje mot Rakel-sonen som fekk dubbelt av Jakobs kjærleik. Og det var rimelegt at Lea-sønene fekk liten kjærleik til far sin når dei såg at far var so lite glad i mor.

So kom den dagen dei seide Josef, og narra Jakob til å tru eit villdyT hadde drepe han. Stakkars Jakob! han kjende seg fatig då. Og endå meir då dei laut ha Benjamin med seg til Egypt. «Skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus,» segjer Jakob, det læt so sårt.

Medan dei var burte, tokst han nok med tunge tan-kar: eg hev ikkje betre stelt meg! det er berre rett-ferdigt um eg fær tunge slag. Han bøygjer seg og strider med Gud i bøn. So ein dag han sit og skodar mot sør, kjem ei av smågjentene springande: bestefar, no kjem dei! Han ser støvskyer langt burte, det er ein karavane; det er truleg sønene hans. Dei kjem nærare: han ser mange vogner, og mange klyvdyr. Han tel sønene: jau der er Benjamin! der er dei alle elleve! no vanta berre Josef! «Fekk de korn, gutar?» «Ja vi fekk unøgjes! og mykje meir! han som styrer i Egyptarland, det — det er Josef!» «Lever Josef? lever Rakel? kan dei daude risa upp? » Det er ein dansk diktar Christian Richardt som hev skildra dette møtet i eit dikt «Jakob i Hebron».

So laut sønene ut med sanningi: vi narra deg, far! vi seide Josef til nokre farande handelsfolk, og so duppa vi kjolen hans i bukkeblod og sende til deg.

Då lyfte gamlen hendene til forbanning: de narra meg!!

Men brått seig hendene ned: kven var det som slakta kidet og sveipte skinnet kring hals og handled? kven var det som narra den gamle blinde far sin? «Herre, kor du hugsar grant!»

2 — Anker: Bibelen for barn.18

Det gjeng i arv alt sovore. Er de ulydige mot far og mor, so kan de vera visse på at de sjølve fær ulydige born. Tidt hev eg høyrt foreldre klaga seg: eg fær ikkje borni mine til å ly da! men eg og var ulydig mot

mine foreldre! no er borni mine like eins mot meg.

*

Men Jakob vart velsigna av Gud, trass alt han hadde synda. Han kvikna i hugen, og jubla: Å du store syn! Josef son min er enno i live! eg vil av og sjå han fyrr eg døyr.

Han fekk røyna at Gud er god mot syndarar som vender um.

Finn upp den 103de salmen i Bibelen. Det er so sant alt det som der stend: Han tilgjev all di skuld. Han lækjer alle dine brester. Han kryner deg med nåde og miskunn. Han mettar di sjel med godt, so du vert ung att som ørnen. Han gjer ikkje med oss etter våre synder. So høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldig yver dei som ottast han. So langt som aust er frå vest, let han vår misgjerd vera burte frå oss.

Er det ikkje stort?

Du kan syngja same salmen i «Nynorsk salmebok» nr. 464. Eg syng han tidt. Og eg hev lært borni mine å syngja han. Syng han no du!10.

Josef.

Syng nr. 535.

Ein gong spurde eg borni på kyrkjegolvet i Odda: kven var den fyrste speidar-guten? Ja kva hev speidar-gutane lova? «Å tena Gud og fedralandet, hjelpa dei som treng, og ly da lovene.» Det gjorde Josef.

Men kvifor laut han lida so mykje vondt? Eg skal freista svara på det.

Josef var grumguten heime. Det er aldri bra når far og mor eig slik ein grumgut: dei skal ikkje gjera skil på borni sine. Grumguten vert lett viktig. Jamvel Jakob totte Josef hadde for store tankar um seg sjølv når han drøymde at sol og måne og elleve stjerner la seg å gruve for han «Kva er det du finn på, gut?» sa Jakob.

Det var ikkje fint av Josef å sladra på brørne sine. Slik fisletut eller bisetut likar vi ikkje, gjer vi vel?

Det vonde Josef leid, skulde brenna alt ovmod ut or hugen hans. Og det han fekk røyna av vondskap og svik, det skulde læra han å vera trufast og god mot alle. Og det lærde han.

Han gret då handelsmennene drog av stad med han og selde han til Potifar. Der skulde han vera træl! det var noko for grumguten det! Men han gjorde ut av det det beste han vann. Han gjorde meir enn han var nøydd til. Han var ein trugen træl. Potifar kunde lita på han: Josef stelte med alt, som um han åtte20

.det sjølv. Det var speidargut det! Aldri sur, alitid audd, tenestviljug, i godt humør. \ Då han so vart sett i fangetårnet av di Potifar-koqj. laug på han, — ja då gjorde han sitt beste der og. Styresmannen i fangetårnet fekk godvilje for Josef, og seke han til å sjå etter dei andre fangane. Og der fekk Josef syna han var ein ekte speidargut: han var somVn solstråle for dei andre fangane.

Eg he^idt spurt borni både i skulen og i kyrkja: når du er snüd, kven vert glad då f Dei svarar: Gud. Og Jesus. oXdet er so sant: når du er snild, vert Gud glad. Og JesuXvert glad: det var nett det han meinte då han døypte aeg og lyfte deg inn i Guds rike: han vilde gjera deg tilSein snild gut og til ei snild gjenta. Men kven fleir vert g(ad når du er snild? Far og mor, det er sant. Større glefcka kan ikkje du gjera far og mor enn når du er snild og gild mot alle. Ja so vert dei glade dei du er snild imot, aet er klårt. Men er det ikkje ein til som vert glad? Jau du sjølv! Hev du ikkje kjent det: når du gjer noko godt, so vert du varm um hjarta. Men gjer du noko gale, so kjenner du du frys innvendes; og når du er likesæl og ikkje vil bry deg med å hjelpa andre, so kjenner du deg so underleg tom og kald i hugen.

Ein harding hev laga det verset: den største gleda du kan ha er den å gjera andre glad. Kan du læra dei linene? «Den største gleda du kan ha — er den å gjera andre glad».

Eg skal segja deg noko herlegt: slik er Guds kjærleik! den største gleda Gud kan ha, er den å gjera andre glad. Slik er Jesu kjærleik: han vilde tena andre! han gav ifrå seg alt! både himmelliv og jordliv ofra han for å hjelpa oss.

Det er ei lov som gjeld for alt liv, det veit alle21

speidargutar og speidargjenter: gjer det beste ut av alt! gjer det beste ut av motgang og møda! gjer meir enn di plikt! stell med alt som um du sjølv åtte det! ver ein solstråle der du ferdast, so du spreider solskin ikring deg! so vert du sjølv lukkeleg. Slik ein solstråle var Josef den morgonen han fann skjenkjaren og bakaren i ulag. Han fekk dei til å opna seg og jortelja suti si; berre det var ein lette for dei, kan du tru. Og so fekk Josef hjelpa dei.

Du minnest han bad skjenkjaren: kjære vene, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kan verta fri! eg hev ikkje gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for. Ja, men kvifor let Gud han koma der då? Jau Gud tenkte alt til det gode. Fyrst lærde Josef å verta tolug og audmjuk. Og so førde Gud det slik at fangetårnet vart uppvegen hans.

Vi lyt alle mange vender lida vondt her i verdi: noko for vår eigi skuld, noko uforskyldt. Vi heng ihop soleis: den eine lid for den andre! foreldri må lida for borni sine, og borni for foreldri. Då gjeld det at vi bøygjer oss som Job og segjer: Herren gav, Herren tok, Herrens namn vere lova! Då vert alt til velsigning. Job vart dubbelt so rik etterpå og tvifelt velsigna av Gud. Og soleis med Josef og. Brørne hans hadde tenkt å gjera han vondt då dei selde han. Potifar-kona tenkte å gjera han vondt då ho laug på han. Men Gud tenkte alt til det gode.

Ein gong eg var på skule-visitas i Tyssedal, hadde dei i øvste klasse 1. artikel, um korleis Oud styrer. Eg spurde dei (det var i 1919, straks etter den fæle heims-krigen var slutt): kven var det som fekk denne krigen i stand? var det Gud? eller var det menneske? «Det var menneske,» svara ein gut. «Det var Gud!» sa ei gjente. «Kvifor vil ikkje du segja det var Gud?» spurde22

eg guten. «Nei for Gud gjer ikkje noko som er gale,» svara han. «Ja men Gud styrer mennesketankane,» sa gjenta. Og so vart det eit heilt ordskifte um dette. Eg greidde ikkje å løysa floken. Det greier visst ingen av oss. Guten hadde sjølvsagt rett i det, at Gud gjer ikkje noko som er gale; det galne vi menneske gjer, lyt vi ta skuldi for sjølve; vi må ikkje kasta skuldi på Gud. Men på hi sida hadde gjenta ogso rett: Gud styrer. Um dette hev det vore sagt eit godt ord: Gud vil ikkje alt som hender; men han vil noko med alt som hender. Yi kjem visst aldri lenger enn til å segja som Josef sa til brørne sine: de tenkte vondt, men Gud tenkte det til det gode.

Sjå berre det gode som Gud fekk ut av heimskrigen! aldri hadde eg vona å få sjå so mykje frigjering for dei trælbundne folkeslagi i Europa! Eg hadde kjent meg sjuk i hugen ved tanke på at Eussland skulde tyna Finnland, tenk no vart Finnland fritt. Eg kjende samhug med danskane i Sør-Jylland, eg leid med dei; tenk no kom dei attende til Danmark. Mang ein gong hadde eg syrgt yver Polen, som vart sundbytt og sundrive av dei tri stormaktene; no vart Polen sjølvstendigt. Sameleis med Bøhmen som i 300 år hadde vore trælka av Austerrike. Fransmennene i Elsas kom heimatt til Frankrik . Og ein ting til: Det hadde vore sagt eit syrgjelegt ord her heime at «lik-klokkene ringjer yver dei små folkeslagi». Skynar du meiningi? det vilde segja at vi småfolk åtte ingi framtid; vi vilde verta gløypte av storfolki! Tenk no såg det ut som Gud snudde upp ned: stortrolli sprakk, ingen sat tryg-gare enn dei småe nasjonane. Ja det kan tidt gå upp og ned. Det kan sjå ut som alt gjeng på tverke. Vi lyt lida og tola mangt. Men «Guds mylna mel trygt, um ho mel seint». Kjenner du det ordtaket?23

Det som menneskje tenkjer gjera vondt med, det vender Gud til velsigning. Det skal Josefs livssoga læra oss. Vi unner han so hjarteleg den store gleda då han fekk kasta seg um halsen på far sin; det var giede-tårer som rann ned etter kjakane hans den dagen. Yi unner gamle Jakob den same store gleda. Og vi unner alle brørne at dei fekk velsigning til straff i staden for forbanning. Dei bad so audmjukt um til- gjeving; og dei jekk tilgjeving både av Gud og av Josef.

Ei onnor livssoga lyt eg peika på som lærer oss å tru på Guds styre: det er soga um langfredagen. Kva tid hev det set myrkare ut enn langfredagen! Men påskedagen vart det umsnutt alt i hop. Nettupp då menneske tenktest gjera vondt, då tenkte Gud det til det gode: han snudde langfredags myrker um til ljos for alle menneske på jord. «Guds mylna mel trygt!» ja det er visst og sant. Berre bi, so skal du sjå!

Vår kjære biskop Hognestad hev skrive ei heil bok med den titelen: Gud styrer. Med den boki vilde han hjelpa oss til å tru på Oud, um det ser aldri so vonlaust ut.

Lukkelege er de smågutar og små-gj enter um de lærer den leksa: Gud styrer. «I tyngste trong til himmels stig då upp vår song. Der styrer han som all vår vande venda kan, og snu vår gråt til song og sigers låt.»

Du kjenner den salmen? nr. 160 i «Nynorsk salmebok ». I Jesu namn me stemna fram. Syng den salmen. Kvart verset er so makelaust gildt. Det er mange

kristne som hev gledt seg i den salmen, kan du tru.

*

Endå ei leksa må du læra av Josef, det han sa: korleis skulde eg gjera so stygg ei gjerning og synda mot Gud? Gud hev gjort alt godt for meg! Aldri skal nokon narra meg til å svika Gud og svika Jesus. Amen.M

10.

Moses.

Syng nr. 171.

Hev du høyrt gjete vesleguten som var dømd av kongen til å drepast straks han var fødd? og likevel vart prins i kongsborgi? Det er som eit eventyr, men eg meiner det er sant.

Moses skulde verta hovding i Israel: han skulde gjera dei tolv ættene til eitt folk; han skulde leggja grunnvollen for heile Israels-soga. Det var difor Gud laga det so vedunderleg for vesleguten.

Moses vart 120 år gamal; åri feil i tri bolkar, kvar på 40 år: fyrste 40 åri var han prins i Egyptarland; næste 40 år var han gjætar i Midian; siste 40 år førde han folket gjenom øydemarki til Kanaan.

Det var mykje denne mannen laut læra. I prinse-åri gjekk han storskulen og høgskulen i Egypt. Du veit egyptarane var fremste kulturfolket den tid. Moses vart ein framifrå kulturmann: han lærde ikkje einaste å lesa og skriva og rekna; han lærde matematikk, land-mæling, bygningskunst, stjernelæra, helselæra, og han lærde å kommandera ein her. Skynar du kor alt dette kom vel med då han skulde vera Israels hovding? Mange av dei gode lovene som jødane fekk av Moses, peikar tydeleg på den lærdom og kunnskap han fekk på prinseskulen i sin ungdom.

Men so dei næste 40 åri prinsen skulde gjæta, kva25

skulde hau læra der? Han skulde læra å verta mild og tolug. Det trongst vel. Du minnest han var ein hissigkropp som ikkje vilde bøygja seg for nokon: han fauk upp i sinne og slo i hel! Ein lang lang skule var det for Moses der ute i Midjan. Men so ein dag kom Guds kall til han; du kan lesa um det i 3. kapitlet i 2. Mosebok: Gud tala utor ein klungerrunne som stod i ljos loge og like vel ikkje brann upp. Moses var redd Gud, han løynde andletet sitt. Men der fekk Moses sitt store møte med Gud, der lærde han Israels Gud å kjenna. Gud nemner seg Jaha ve; det tyder: eg er den eg er. Det er eit agelegt namn. Israelsfolket våga meste ikkje nemna det; dei sa «Herren»; dif or stend det i Bibelen vår jamt «Herre» i staden for Jahave.

Gud laut meste truga Moses til å ta imot det store kallet; prinsen hadde vorte modlaus no, hadde ikkje stor tru til seg sjølv lenger; han laut berre lita på Gud. «Er eg den mann at eg kan ganga til Farao? og kan eg føra Israel ut or Egypt ? » «Ja, svarar Gud, for eg skal vera med deg!»

So hende under på under, og folket slapp ut or trældomen, midnettes påskenotti; dei song lovsongar, og dei lovsongane gjekk frå munn til munn, frå ætt til ætt i mange tusen år; enno syng jødane påskesal-mane sine um Herren «som med si sterke hand leidde oss ut or Egyptarland».

Men Farao trega og sette etter dei med heile her-makti si. Då tok Israelsfolket til å knurra og mukka mot Moses: fanst det ikkje graver i Egypt, med di du lokka oss hit ut til å døy i villmarki? var det ikkje det vi sa med deg: la oss vera i fred! sa vi. Fy, å fy! slike småungar dei var! «Ver ikkje redde! sa Moses, Herren vil stri for dykk!» Ja du veit kor det gjekk: dei slapp yver Baudehavet på fjøra; men då Farao kom etter,26

flødde sjøen, og i stormflodi drukna Farao og heile herens hans. Den lovsongen dei då song, stend i 15. kapitlet i 2. Mosebok: kvinnene song skiftevis med karane, og dei dansa til songen, det var som ein heil folkevisedans.

Men kor lenge varde jubelen? Berre 3 dagar; dei gjekk yver aude heiar, vart tyrste, og vanta vatn. Då mukka dei mot Moses: kva skal vi drikka? Moses tok det fint, dei fekk vatn. Men ikkje lenge etter, so mukka dei for dei var svoltne: det vøre betre vi hadde døytt i Egypt då vi sat uppyver kjøtgrytene og åt oss mette! Hev du høyrt slike ungar! dei skulde havt ris! og det fekk dei og. Men Moses var mild og tolug. Dei fekk kjøt til kvelds. Og næste morgon låg det noko fint kornut burtetter heidi. Ma-na? ropa folket: kva er det? Og kvar einaste morgon i desse åri sanka dei manna or marki.

Moses førde folket til Sinai-fj ellet; det var der Moses hadde møtt Gud i klungerrunnen; no skulde heile Israel få eit møte med Gud. Og der skipa Gud si pakt med Israel, ei æveleg pakt som stend ved makt enno i dag.

Gud openberra seg i toreljod og røyk, det galdt å aga desse ungane. Og dei fekk ein støkk i seg: tala du med oss! sa dei til Moses, la ikkje Gud tala, for då døyr vi. Dei fekk alle dei 10 bodordi som vi enno hev i katekisma, berre noko brigda. Og heile folket sa ja og amen: alt det Herren hev sagt, skal vi gjera!

Men so veit du kor det gjekk medan Moses var uppe på fjellet: dei truga Aron til å laga ein gullkalv; kalven var vel ikkje større eim at ein kunde halda han i loven; men 2 horn hadde han og ei rova, og minnte noko um ein kalv! Dermed so dansa dei og ropa: dette er guden som fylgde deg ut or Egyptarland. Dei var rådlause, vil du og eg segja; det kunde aldri verta folk av slike27

småungar! kva muna det å læra deim katekisma? dei hugsa ikkje frå dag til annan. Men Moses var tolug; han bad for folket: å gjev du kunde gløyma syndi deira! kan du iklcje, so strjuk meg ut or boki di.

Soleis gjekk heile fyrste året. Til Kanaans grense kom dei; 12 mann vart sende inn i landet, skulde sjå kor alt var laga. Dei kom att og fortalde: landet er rikt nok, men kanaanitene er store og sterke, vi greier dei ikkje. Då tok folket til å murra att: dei skreik, og dei gret heile notti: Gud gjeve vi hadde døytt i Egyptarland! Vi vil ta oss ein hovding og fara attende til Egypt!

Hadde det vore meg, so vilde eg ha svara: far attende med dykk! utakksame folk! eg vil ikkje ha meir med dykk å gjera! Men Moses var mild og tolug, mildare enn alle menneske på jordi, stend det (4. Mosebok 12, 3). Han bad til Gud; han minnte Herren um det han hadde love: Du Herre er tolug og rik på nåde! tilgjev broti åt dette folket, liksom du hev havt tol-mod med dei heile vegen frå Egypt og hit.

Moses hev fenge vitnemål som mest ingen annan: honom lit eg so på, segjer Gud, at eg hev sett han yver heile mitt hus; munn til munn talar eg med han.

Ja Moses var ein stor mann. Han var ikkje stor i eigne augo. Men han såg stort på Gud og på Guds kall; det var saki. Vi kan godt segja at for denne mannens skuld hev Israelsfolket halde seg heilt til i dag. Det er eit under at ikkje jødane hev drukna millom dei andre folkeslagi, eller smelta saman med dei. Det plar elles gå slik: det gjekk soleis med normannane i Frankrike, dei vart fransmenn! det kjem til å gå soleis med nordmennene i Amerika, dei vert amerikanarar. Men jødane held seg i alle land. Dei hev enno Mose-lovi og pakti frå Sinai.28

Og ein dag skal koma då dei angrar sitt fråfall, stend det i Bibelen; det er difor vi driv Israelsmisjon. Det er berre so ille at kristne menneske fer stygt med jødane; dei hev gjort det i alle desse mange hundradåri, og dei gjer det enno. Yi skal læra av Moses å elska Israelsfolket, Guds eige gamle folk, folket til Abraham og Moses, folket til Jesus vår Frelsar.

Moses fekk døy i fred på Nebotinden, der han såg Kanaanslandet framfyre seg, og gledde seg, og takka Gud. Eg tenkjer andletet hans stråla då, som det stend um han: det stråla av andletet hans når han hadde havt møte med Gud. Og eg tenkjer det stråla av kjærleiken hans som han alltid åtte til dette stakkars skrøp-lege folket sitt.

Moses på Hebo! sjølv slapp han ikkje inn; men han såg fram i dei mange hundrad år, og velsigna Israel.

Mange vender stend vi gamle soleis og ser fram i tidi: det landet vi har drøymt um, eit Guds rike på jordi, med kjærleik og rettferd og reinleik og sanning, der krig og fyll og uliv ikkje f inst. Vi signar dykk unge som skal taka arven etter oss: no må de taka dette landet i eiga! de skal kliva upp på akslane våre, so ser de betre enn vi. Og so vil Gud velsigna alle norske gutar og gjenter, so de må byggja eit lukkelegt Norge i pakt med Gud. Amen.

Syng nr. 141, v. 5: Gud lat då bløma i kvar bygd ein ungdom rik på tru og dygd, og lær deim Kristi lydnad!10.

Josva.

Syng nr. 596, v. 2.

Veit du kva namnet Josva tyder? Det er same nam -net som Jesus. Ja då veit du det tyder ein frelsar. Jesus frelser oss frå det som vil tyna og skjemma livet vårt, han bergar oss inn i Guds rike. Josva frelste Israelsfolket frå fiendane deira, og berga dei inn i Kanaanslandet.

*

Når vi les Josva-boki, tykkjer vi fælt kor stygt Josva för med Israels fiendar. Det vilde Jesus aldri gjort. Jesus hev lært oss å elska, fiendane våre. Sjølv bad han for dei som för stygt med han.

Når vi les bøkene i det gamle testamentet, lyt vi håtta på at dei var ikkje kristne nokon av mennene der. Dei kjende ikkje Jesus. Yi kan ikkje døma dei etter Bergpreiki. Dei visste ikkje betre. Dei tok seg mange koner, dei drap og pinte folk, dei laug og narra og stal og røva; jamvel dei beste var ikkje frie for sovore. Yi tykkjer ikkje det var rett av israelitane å jaga kanaan-itane ut or landet sitt, og sjølve rana det til seg. Det minner um forfederne våre i vikingtidi, då dei herja og plundra, so dei bad i kyrkjene i Frankrike: Gud! frels oss frå dei rasande nordmennene! Forfederne våre var ikkje kristne den tid. Dei visste ikkje betre. Tor med30

hamaren var guden deira. Største æra i livet var å slå ned for fote.

Åsmund Vinje segjer um dei: I myrke villa tidt dei rava. Men endå er det sanne ord: dei åtte det som du må hava um ein gong du skal verta stor.

Kva var det då? Jau dei åtte mod og offervilje, dei åtte tru og tiltak. Og soleis var det med Josva ög. Josva er eit lysande mynster for alle tider på tru og mod og offervilje. Det var ikkje for ingenting han hadde vore med Moses i 40 dagar på Sinai-fjellet. Då israelitane miste modet, for kanaanitane var altfor store og sterke, då sa Josva: «Ver ikkje redde! Herren er med oss!» Han hadde tru til Gud.

Difor tok Josva hovdingromet etter Moses. Gud segjer: «Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses! aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg! ver sterk og stø! At kanaanitane laut vika for israelitane, hadde sin gode grunn: kanaanitane var gamle og utlevde og rotne, israelitane var eit ungt folk. Det gjekk som i folkevandringstidi då dei unge germanane tok land frå dei gamle utlevde folk i Europa. Soleis gjeng det jamt i heims-soga: dei gamle lyt døy, dei duger ikkje lenger til å leva.

*

Men kanaanitane stod yver israelitane i kultur, same-leis som romarane og grekarane åtte meir kultur enn germanane. Moses stod høgt, Josva ogso. Men elles stod Israelsfolket lågt. Dei var meste som småungar på 2—3 år. Du veit 2—3 års ungar hev ikkje mykje vet.

Israelitane laut ta kanaanitane til læremeistrar. Israelitane hadde vore nomadar, det vil segja at dei flutte frå beite til beite. No skulde dei setja bu, byggja seg heimar, og dyrka jordi. Alt det hadde kanaanitane31

god greia på. Yi kan godt læra mange ting av heid-ningar. Det var berre bra når kanaanitane synte israelitane korleis dei skulde pløgja og så og hausta: når du pløgjer, må du sikta beint, so plogen dreg beine forer! når du sår, må du ikkje kasta kornet i haugar, men spreida det til høgre og vinstre! når du haustar, må du binda kornet saman og setja kornbandi upp til turk! og so må du tresk ja og mala kornet, so du kan få etande mjøl!

Men dei nøgde seg ikkje med det. Dei sa: når du skal pløgja, må du be til plog-guden og ofra til han! når du skal så, er det andre gudar du må be og ofra til! elles gjeng det gale med heile sånaden; sameleis må du halda deg til vens med haustgudane! og når du skal mala kornet, må du ikkje gløyma å ofra til kvern-guden! elles gjeng det gale med mjølet!

Israelitane var truskyldige soleis. Dei leit på det gom kanaanit-bøndene sa. Dei tok til å ofra og be til jordgudane i Kanaan. Tenkte visst at Herren dei hadde møtt i øydemarki, berre var ein nomadegud, som vanta vet på jordbruk!

Vi kan smila og rista på hovudet av slik tankegang. Men tenk! det er snaudt eitt hundrad år sidan det hende her i landet at norske bønder, når dei skulde på kverni og mala, tok med seg eit spikjelår til fossegrimen, so han skulde la malingi lukkast!

Du skynar det var ein stor fåre for israelitane at dei soleis gjekk i skule hjå kanaanitane. Ein annan fåre var at israelitar gifte seg med kanaanit-kvinner. Dei læide borni sine å be til kanaanit-gudane. Det var stor fåre for at Israelsfolket skulde gløyma Herren og drukna i heidenskap.

Josva såg det. Han ottast ilt for framtidi. I dei tvo siste kapitel i Josva-boki kan du lesa um det. Han32

kalla i hop fyrst styresmennene og hovdingane, og so heldt han stort folkemøte attmed heilagdomen i Silo. «No er eg gamal og langt fram i åri,» segjer han; «Herren hev gjort vel mot oss i alle ting og gjeve oss dette gilde landet. Ver no uryggjeleg støe! Gjev dykk ikkje i lag med desse folki! tak ikkje gudenamni deira på tunga, men haldt fast ved Herren dykkar Gud! Feil de ifrå, og held lag med desse folki, og de gifter borni i hop og blandar dykk med kvarandre, so vert desse folki ei snara og ei fella for dykk, til dess de misser dette gilde landet.»

Til sist segjer Josva til folket: «Z dag må de velja 'kven de vil tena! Eg og mitt hus, vi vil tena Herren/» Det var gripande, ikkje sant? Og folket vart gripe av ordi, so dei ropa: «Å nei! aldri vil vi falla frå Herren og tena andre gudar. Herren er vår Gud. Vi og vil tena Herren!» Men det måtte vera alvor: Josva minnte um kva det kostar å tena Herren; han er ein streng Gud; han toler ikkje at de tener andre gudar! Jau, vi vil tena Herren, svara dei. Då tok Josva ein stor stein og reiste han upp under ei eik attmed heilagdomen til å minna folket um det dei hadde lova.

Vi har mange slike minnesteinar i Noreg og; dei skal prenta inn i borni som veks upp: kom i hug alt det Herren vår Gud hev gjort for oss! Steinane talar, um andre tagnar; dei manar til truskap.

Det kostar å vera trugen: mange snur ryggen til Gud, og dei spottar når ein gut eller ei gjenta bed bordbøn eller les i Bibelen eller syng eit salmevers. Vågar du gjera det?

Eg undrast korleis borni og barneborni hans Josva stelte seg! Dessverre hender det at born av truande og trugne kristne feil ifrå Gud. Men dei hev visst min-ningar heile livet um han far og ho mor eller um godfar33

og godmor som trudde på Gud og bad til Gud; for mange hev dei minningane ført til umvending.

Det Moses og Josva hadde gjort, det dei hadde sagt, dei bønene dei bad for folket, den truskapen dei synte, og alt det dei leid vondt for folket skuld, det var eit velsigna sæde som bar grøda til sist. Um domartidi vart syrgjeleg myrk, då folket seig ned i heidendom i fleire hundrad år, so var ikkje arven frå Moses og Josva heilt øydelagd. Det skynar du nok?

Og ser det tidt myrkt ut i Noreg, so eig vi ein velsigna arv frå alle trugne kristne, alle som våga vera trufaste mot Herren vår Gud. Det gror alltid liv i fotefari etter dei som med sanning kan segja: eg og mitt hus, vi vil tena Herren. Amen.

Syng nr. 593 i «Nynorsk salmebok»: Statt upp til strid for Jesus!

3 — Anker: Bibelen for barn.6.

Moabit-kvinna Rut.

Syng nr. 637, v. 1—3.

Moabitane budde austanfor Daudehavet. Då israel-itane var komne so langt på ferdi til Kanaan, slo dei læger på moane der. Moabitane vart redde, og kongen deira sende bod etter ein profet som heitte Bileam: kom og bed ei våbøn yver dette folket! eg veit at den du signar er velsigna, og den du bannar er forbanna. Mange pengar skulde Bileam få til løn. Og endå han visste at Israel var Guds folk, so fylgde han bodet. Men då han skulde til å opna munnen, velsigna han Israel. Moab-kongen ropa: kva er det du gjer? eg fekk deg hit til å banna fiendane mine, og so velsignar du dei! Bileam svara: eg kan ikkje segja anna enn dei ordi Herren legg meg i munnen. Det viser at Bileam var ein sann profet, og at Herrens Ande kom yver han når han tala profet-ord. Tri gonger freista Bileam å banna Israel; han var huga på å tena dei pengane! Men det gjekk like eins. Du kan lesa um det i 4. Mosebok. Tridje venda var det han bar fram dei namngjetne profetordi um «stjerna av Jakob»: eg skodar han, men ikkje no! eg augnar han, men ikkje nær! ei stjerna som or Jakob stig!

Bileam var ein stor profet; men han var eit låkt menneske: då han ikkje tente pengane med spåmanns-yrket, so gav han Moab-kongen ei djevelsk råd: du35

skal narra israelitane til å synda, då vert dei veike, og so vinn du yver dei! Det er skire djevelskap: å leggja feller for veike medmenneske, so dei skal falla.

Det minner meg um fyrste venda det var kappleik på hardingfela i Vestmannalaget: ein framifrå spelemann møtte fram, han vilde visseleg fenge fyrste premi; men tenk so narra dei andre spelemennene han til å drikka seg full, dei visste han var veik for sterk drykk; dermed var dei kvitte han i kappleiken. Det er nett slik djevelen fer fram med å freista oss menneske.

Det lukkast altfor vel den gong på Moab-moane; israelitane synda, og det kom ei sott på dei, so yver tjuge tusen av dei døydde.

Men fleire hundrad år seinare kjem ei moabit-kvinna og gjer bot for den syndi. Kut heitte ho. Rutsboki er ei liti perla frå den myrke domartidi. Ja ho er vel skrivi lenge etter.

Du kjenner soga? Ein mann frå Betlehem for til Moab-landet med kona og tvo søner; dei tvo sønene gifte seg med tvo moabit-gjenter, Orpa og Rut. Då både mannen og sønene døydde, vilde gamlemor heimatt til Betlehem. Orpa og Rut fylgde henne. Då sa gamlemor, Noomi heitte ho: det er best de snur! de kan ikkje øy da ungdomen dykkar med å fylgja meg. Men Rut sa: der du gjeng, vil eg ganga! der du stanar, vil eg stana! ditt folk skal vera mitt folk, og din Gud skal vera min Gud! der du døyr, vil eg døy.

Det var fint sagt, tykkjer du ikkje det? Rut er eit lysande døme på truskap og tru og trufast kjærleik. Og ho var ei heidningkvinna.

Det gjekk godt med Rut. Ho kom med Noomi til Betlehem nett i skurd-onni. Fatigfolk hadde lov til36

å sanka aks på åkrane etter skurdfolket. Og det gjorde Eut: ho sparde seg ikkje, bøygde ryggen sin, og pitla eitt aks i senn, heldt på frå tidleg um morgonen til seine kvelden, kvilde seg ikkje det slag, stend det; trufast og trottug heldt ho ut heile dagen.

Boas heitte gardmannen; han var ein god mann; han helsa skurdfolket: Herren vere med dykk! Og skurdfolket svara: Herren velsigne deg og! De kjenner att dei ordi frå gudstenesta vår? når presten helsar frå altaret «Herren vere med dykk!» so syng heile kyrkje-lyden til svar: og med di ånd!

Boas gådde den ukjende kvinna som gjekk der og pitla aks. Og då han fekk ve ta kven ho var, sa han: du skal vera velkomi her på garden! mat og drykk skal du få saman med skurdfolket mitt! Herren løne deg for det du hev gjort mot vermor di! Israels Gud skal gjeva deg fullt vederlag, han som du søkjer og trur på!

Ja so veit du Boas gifte seg med Eut. Ho vart bestemor til Isai, kong Davids far. Det er difor Euts-boki hev kome med i Bibelen.

Moabit-kvinna var mor til Davids ætt og dermed til Davidssonen Jesus.

Gud miskunnar alle menneske, heidningar so vel som jødar. Eutsboki fortel oss det: Gud gjer ikkje skil på folk! Ho skal minna oss um å ikkje vanvyrda noko menneske, kva folk dei so høyrer til.

Og kunde de smågj enter og smågutar vera so snilde med dei gamle som Eut var med Noomi? I heimen min heng eit bilete av Eut på veggen; eg vil gjerne borni skal sjå på henne og læra av henne. Ho gjeng der med kornaks ho hev pitla. Ja de kan læra my kje av Eut: de kan læra å vera trottuge i arbeid, passa godt på småting som brødsmular og matrester, liksom Eut då ho bøygde seg og plukka upp aks for aks. Her er37

mange menneske som ikkje vil gjera seg so små! ja her er mange nordmenn som ikkje vil arbeida utan dei fær stor løn. Det viste seg då her var arbeidsløysa, og ståt og kommune sette i gang naudsarbeid dei kalla: når dei ikkje fekk stor nok løn, so streika dei! Nordmennene hev ord for å vera store på det: dei slær stort på når dei hev råd! og so brukar dei upp alt dei tener og meir til. Det er ikkje slik i andre land: dei hev mange stader den skikken at dei skal leggja seg upp noko av løni si, kor liti ho er, og so lyt dei leva av resten. Vi vil gjerne læra borni våre å spara og vera smånøgde og takksame; det er ingen ting som er verre enn kravfulle born; dei vert aldri lukkelege.

Og vi vil læra borni orden: at dei aldri slengjer frå seg sjokoladepapir eller appelsinskal eller fyrstikker! Eg er glad når eg ser speidargutar og speidargj enter plukka upp alt sovore. Det hev mykje å segja at det fagre fedralandet vårt ikkje skal skjemmast av sovore slurv og slarv. Det var so gildt å sjå i parkane i utlandet, der born og ungdom fritt fekk leika seg: det var aldri noko å sjå som dei kasta frå seg.

Gud gjeve ungdomen vår — syn for det! det er vondt når nordmenn spelar storfolk og er likesæle med småting.

Men mest av alt skal de læra av Eut å tru på Gud og gjeva han heile hugen. Yi bed um at kristendomen må gå i arv frå ætt til ætt. Vi gleder oss når borni våre segjer til oss gamle: ditt folk skal vera mitt folk, og din Gud skal vera min Gud! Amen.

Syng nr. 637, v. 4 og 5: den som hev foreldri kjær, han er og Herrens hjarta nær!10.

Samuel.

Syng nr. 594, v. 1 og 2.

Samuel åtte ei god mor. Hanna heitte ho, og ho er vel verd å verta nemnd. Det heitest at ein stor mann hev alltid ei god mor. «Du gamle mor, du gav til meg mi mjuke hjarterot.»

Hanna hadde lova at Samuel skulde vigjast til Guds tenesta: um denne guten bad eg, og Herren høyrde bøni mi; difor gjev eg han att til Herren, so han skal vera ei gåva frå Herren alle sine levedagar. Han var snaudt 2 år gamal då mor hans førde han til Herrens hus i Silo. Der voks han upp. Mor hans laga prestekjole åt han; det måtte vera løglegt å sjå den vesle guten i kvit messehakel. Han fekk etter kvart arbeid med å vakta lampane på den sjuarma ljosestaken i heilag-domen; dei skulde brenna nott og dag; so laut ein pussa dei og passa dei med ny olje kvar morgon og kveld, so dei ikkje slokna. Du kan tenkja deg kor varsam vesle Samuel var i arbeidet sitt; han slurva det ikkje frå seg!

Både Samuel og øvstepresten Eli låg og sov i kovane attmed heilagdomen. Ei nott ropa Herren på Samuel; det var noko nytt og ukjent i dei tidene; «det var dei myrke dagar, Guds ord var fåhøyrd segn»; difor tenkte Samuel det var Eli som ropa. Tri gonger hende det,39

til sist sveiv det Bli: kanhenda det er Herren som ropar. Og so lærde lian Samuel å svara: tala, Herre! tenaren din høyrer.

Det var vond tidend Samuel fekk å bera fram for Eli: ulukka yver ætti! Men Eli bøygde seg under svepeslagi: han er Herren, han gjer det som tekkjest honom!

Ein gong Åsmund Vinje låg sjuk på rikshospitalet i Oslo, kom Ivar Åsen upp til han. Det var vondt for Vinje å liggja der, venelaus, einsam og vanvyrd, og so sjuk! Men Ivar minn te um dei ordi av gamle Eli: han er Herren, han gjer det som er godt i hans augo. Då trilla tårene ned yver dei skrinne kjakane hans Vinje: det er fagre ord, sa han.

Samuel vart ein Herrens profet. Han stend på dør-svilli millom domartidi og profettidi; han fekk gjort ende på den syrgjelege domartidi; og han opna ein ny sogebolk i Israels soga.

Han vart reformator, veit du kva det vil segja? du hev høyrt at Martin Luther var reformator i kyrkja; reformasjonen heiter tidsskiftet, då Luther førde kyrkja heimatt til apostlane og til det nye testamentet. Soleis fekk Samuel reformera Israels religion: han førde guds-dyrkingi heimatt til Moses og Moselovi. Det vart ei vekkjingstid, ei nyvakning som dei aldri hadde upp-levt fyrr. «Vil de venda um til Herren av heile dykkar hug, so tala Samuel til folket, so skil dykk med dei framande gudane og avgudsbileti! Og tenk, so gjorde dei det. Eit veldigt bål hev det vore då dei kom frå alle heimane med avgudsbileti og kasta dei på varmen. Samvetet vakna: dei syrgde yver syndene sine; dei fasta og dei bad; vi har synda mot Herren, sa dei.

Filistarane hadde kua Israel i mange år; men no rauk dei, og rømde sin veg. Då sette Samuel upp ein40

minnestein, Ebeneser, det tyder hjelpesteinen: til no hev Herren hjelpt oss!

Men Samuel skyna det var ikkje alt gjort med dette. Det er ei røynsla i vekkjingstider at elden kolnar snøgt; det gjeld å smida med' jarnet er varmt, og halda jarnet varmt i eino. Og Samuel kom i hug kor Israel hadde falle frå — gong på gong. Veit du so kva han fann på ? Han drog ikring og heldt skule med ungdomen. Han flutte skiden frå stad til stad. Og ungdomane strøymde til. Yi kan kalla det ungdomsskule, eller vi kan kalla det folkehøgskule: målet var å kveikja eld i ungdoms-hugen både religiøst og nasjonalt. Dei lærde å kjenna fedrasoga um Abraham og Isak og Jakob og Josef og Moses og Josva; dei lærde å elska fedra-arven og fedra-landet; dei lærde å sjå med heilage augo på Israels soga. Og dei lærde å kjenna Moselovi og leva etter henne. Det vart heilagt alvor for desse ungdomane å gjeva seg heilt til Herren; dei fekk tru på Israels framtid; dei kjende det ein heilag odel at Israel var Guds folk. Når so skulen var slutt, og dei kom heimatt, vart desse ungdomane som små profetar kvar i si grend. Soleis heldt Samuel vekkjingi ved like.

Profetskular kalla han desse skulane; og elevane heitte profetborni. Sume tider gjekk det underlegt med formene; du veit folket stod ikkje høgt i kultur endå. Dei dansa med' dei song; og dansen vart tidt so vill at dei sjølve ikkje visste til seg: dei såg ut som dei var galne. Seinare vart profetskulane i Israel meir åndelege. Både Elia og Jesaja heldt profetskular. Og profetborni voks seg frie for slike utvokstrar etter kvart. Men upptaket gjorde Samuel, og det skal han ha all æra for: frå skulane hans gjekk det nye Israel ut, og skapte ei ny soga.41

Ein annan ting som Samuel gjorde til å få skikk på folket, var at han førde inn kongedømet. Det ser ut til at han var ikkje mykje huga på det frå fyrstundes: ein konge tek seg makt og trælkar folket! Men so skyna han det var det beste: det vart aldri folkeskikk i landet utan. Sist i Domarboki stend det so råkande: i dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.

Folket sjølv vilde ha ein førår i krig; dei såg kor alle dei hine folki hadde slike drustelege førarar som skræmde og sette støkk i fiendane: slik ein vil vi og ha, sa dei. Og Herren sa til Samuel: lyd folkekravet!

Det er tvillaust at kongedømet i Israel var til bate for folket. Kongen samla folket: fyrr hadde dei tolv ættgreinene drive kvar sin politikk! no kom dei smått um senn til å kjenna seg ein nasjon. Kongen kunde tvinga dei som var ulydige. Med kongedømet kom Israels stordomstid med David og Salomo.

Men mannen som la den nye grunnvollen for denne stordomstidi, var Samuel, Israels andre lovgjevar, den nye Moses, reformatoren som førde folket heimatt til Gud og heimatt til seg sjølve. Det var Samuel som lærde Israelsborni å lyda etter profetordi og taka imot Guds openberringar: det var so mykje Herren hadde å læra folket sitt. Endå var dei som småborn: laut ganga i skule, frå klasse til klasse; etter kvart skulde dei få sjå meir og meir av Guds vilje; dei skulde opna seg for ljoset frå Guds sol, meir og meir etter kvart dei maktast ta imot det.

Alt stod berre på det eine: at dei lærde å be Samuels bøn: tala, Herre! tenaren din høyrer! Amen.

Syng nr. 537 i «Nynorsk salmebok»: Gud, lat oss i din kunnskap mannast!10.

David.

Y • ^

Syng nr. 594, v. 3.

Kjenner du eventyret um Oskeladden som var smale-gjætar og so vart konge i Israel? David heitte han. Yngste sonen heime, vanvyrd av brørne sine, og av far sin med; dei rekna ikkje med den vesle guten. Liten og raudleitt var han. Det stod ingen age av David.

Nei då var Saul anna til kar, høgvaksen, staut og ageleg. Han var konge slik som folket vilde ha han: når slik ei kjempa kom køyrande i stridsvogni med gylt selety og blankpussa våpen og koparhjelm som glima i soli, då vart fiendane fjetra og rømde. Slik var aldri David. Men han var kongen etter Guds hjarta, det vil segja: ein som ikkje leit på seg sjølv, men laut lita berre på Gud.

Du kjenner soga um David og Goliat. Dei tri eldste brørne til David var med i krigen. David var for liten. Men Isai sende han med nista til brørne: brød og oste-skiver og steikte aks. Der fekk David sjå Goliat, der han briska seg av di ingen våga slåst med han. Då tok David til å tenkja store tankar. Men brørne flirde: du! vyrdløysa! kva vil du her! far heimatt! og gjæt smalen, det er ditt yrke.

David gjekk til kong Saul og baud seg til å gå mot Goliat. Han fortalde kor Gud hadde hjelpt han mot villdyri då dei vilde drepa smalen: eg tok strupetak43

på udyret og gav det bane. Kan du tenk ja det er sant? Eg veit det hev hendt noko av same slaget her i landet, at ein gut greidde ein bjørn som kom mot han på tvo med gapande kjeft: vinstre armen putta guten langt inn i svelget på bjørnen so han ikkje kunde bita, og med høgrehandi dreiv han kniven inn i b jarta på bjørnen. Det var eit under. Men David meinte som so at når Gud er med oss, so røyner vi mangt eit under.

Saul smilte til David, ungguten som vilde slåst med Goliat. «Du f ær prøva våpenkjolen min og sverdet mitt og brynja og koparhjelmen min,» sa Saul. Men du veit dei var altfor store til David; han såg ut som ein jolebukk då han kom i Sauls herbunad. Nei David la i veg berre med gjætarstaven og slyngja. Goliat banna: kom bit du! so skal eg gjeva kroppen din åt fuglar og villdyr. «Du kjem imot meg med sverd og spjot,» ropa David, «men eg kjem imot deg i Herrens namn.» Og so veit du han vann. Israelsheren jubla, filistar-heren rømde.

Det vart ei festleg heimkoma for Israels-sønene. Kvinnene kom syngjande og dansande imot dei. Dei hadde laga ein sigersong med umkvædet: tusen tynte kong Saul, men David tie tusen! Dei smurde tjukt på: David hadde felt ein einaste ein, og Saul hadde ikkje felt nokon. Men Saul vart brennande harm og ovund-sjuk på David.

Det var ein tragedie med Saul. Veit du kva ein tragedie tyder? Syrgjespel heiter det på norsk. Ei syrgjeleg soga var livssoga hans Saul: ho tok til so strålande, og enda so ynkeleg. Han gjekk sine eigne vegar, i staden for å berre lita på Gud. Og so gjekk det gale. Han miste modet, vart tunglynd, fekk rider av sinnssjukdom.

Yi kjenner frå Noregs-soga ein sovoren sinnssjuk44

konge, Sigurd Jorsalfar. Å kor vondt han hadde det. Og han visste seg skuldig han og: ein ting er å vera sjuk, sa han, men verre er det å vera sjuk av synd.

Soleis var det med Saul og: det vonde samvetet herja hugen hans. Det er so rørande å lesa um at vesle David sat og spela og song for han og letta tunglyndet hans med musikk: når David slo harpa, so var han so sæl, og Saul ved hans tonar fann lisa. Og likevel: då ovundsykja kom yver Saul, kasta han spjotet sitt etter David. Det var Kains vonde auga som Saul og hadde fenge. På resten laut David røma. Han fekk ein trist ungdom soleis: utrygg på livet vanka han heimlaus ikring i mange år. Gong på gong var Saul etter han. Det var eit under at David kom ifrå det med livet. Det var berre Guds makt som berga han.

Tvo vender er det fortalt at David kunde ha drepe Saul. Men han gjorde det ikkje. Då Saul fekk greia på det, gret han: du hev gjort godt imot meg, medan eg gjorde ilt mot deg. Men snart fekk den vonde åndi makt yver Saul på nytt.

Det er eit lysande ungdomsbilete vi eig av David. Trui på Gud bar honom uppe i dei tunge dagane dei mange åri. Og då David vart konge etter Saul, ser vi framleides ei lysande framferd. David syng syrgjekvæde yver Saul: Israels prydnad! drepen ligg du på haugane dine. Og han gjorde sælebot mot Sauls ætt, endå dei heldt fram med borgarkrigen, so det varde år og dagar fyrr David fekk eiga kongedømet i fred. Han lønte vondt med godt, og vann yver det vonde med det gode.

Skynar du det er rette måten?

*

Noko av det fyrste kong David gjorde, var at han tok Jerusalem, siste byen i landet, som låg so høgt uppe45

på bratte Sionsfjellet. David gjorde Jerusalem til hovudstaden sin, og førde Guds kista dit upp, og reiste tabernaklet der.

Det var ei festleg ferd, kan de tru: eit fylgje på tretti tusen mann, herklædde med glitrande våpen, og ein fylking av musikantar som spela på harper og cithrar, trummer og bjøller og cymblar; til musikken dansa og leika folket. David sjølv dansa av all makt i ein messehakel av lin. Det var fagnadrop og lurljod, so det ljoma utyver heile landet der ikring. So ofra dei brennoffer og takkoffer i fyregarden. Festmåltid fekk dei alle. David velsigna folket, han tok kostnaden med alt i hop.

Det er ikkje utrulegt at den 24. Davids-salma byggjer på det som hende den dagen. Ein svensk tonediktar Gunnar Wennerberg hev laga tone til han: tonen tek til med trompet-støytar og trumme-kvervlar; so kjem ein herold, ein utropar, fram og syng: gjer portane høge og dørene vide, so herlegdomskongen kan draga inn! folket spør i munnen på kvarandre: kven er då denne herlegdomskongen* og han svarar: det er Herren sterk og veldig, det er Herren, Herren, alihers drott, han er herlegdoms-kongen.

David sette hundradvis av songarar og spelemenner til å syngja og spela ved gudstenestene. Instruktøren heitte Asaf; han er kjend frå yverskriftene til sume Davids-salmar. Det var tydelegt for alle at David åtte skaldegåva. Borni og ungdomen lærde kvædi hans og song dei jamt. Men David hev ikkje dikta alle salmane i den boki som ber hans namn. Dei er ikkje dikta på Davids tid heller. Mange er dikta seinare, heilt ned i makkabear-tidi kanhenda. Det er fem samlingar av salmar som til sist er hefte i hop. Men David hev fenge namnet sitt fest til heile boki. Plent liksom salmediktaren Landstad hev fenge nam-46

net sitt på den salmeboki han gav ut, endå dei fleste salmane er av andre. Ja endå til den «reviderte» ber Landstads namn; og den æra er Landstad vel verd! Sameleis David: han sette heile salmeverket i gang;

difor heiter han «Israels ljos og ljuvlege songar».

*

Seinare hende mangt i Davids liv som ikkje er gildt å minnast. Det synte seg: menneskja hev ikkje godt av å få makt og rikdom. Serleg sårt er det å koma i hug kor David fekk drepa Uria og tok kona hans! det var so grov ei ugjerning, at ho måtte få syrgjelege fylgjer for David: folket fekk mindre vyrdnad for han, og sønene hans miste agen for far sin. Soleis heng det i hop med Absalons uppreist.

Like vel skal vi ikkje gløyma at David audmykte seg for Gud og menneske. Den 51. salmen er Davids syndevedkjenning. Han bed: Gud, skap i meg eit reint hjarta. I 32. salmen fortel han kor han hadde det jyrr han audmykte seg: dag og nott låg tyngsla på meg, segjer han. Men då eg fekk opna meg for Gud, då tok han burt mi syndeskuld. Difor skal alle be til Gud, segjer han, og leggja alt ope for hans dom. Det er vegen til gleda i Guds frelsa.

Ja vi kristne er glade i mange av Davids-salmane: dei tonar av jubel frå mange frelste syndarar. Eg nemner til sist i dag den 23. salmen; er han ikkje dikta av David sjølv, so kan vi trygt segja det er Davids livsrøynsla som der finn ord: Herren er min hyrding! eg vantar ingen ting! han fører meg på grøne beite og til silrande bekker! jamvel i tyngste trengsla, i myrkaste motgang, i daudeskuggens dal — er eg ikkje redd! for du er meg! Amen.

Syng nr. 418 i «Nynorsk salmebok» 1. verset.10.

Salomo.

Syng nr. 580.

Det hende seg ein dag kong David sat i slottet sitt i Jerusalem med hoff-folki ikring seg. Han tok til å tala um å byggja eit tempel i staden for tabernaklet, som berre var eit telt. Du kan lesa um det i 7. kapitlet i 2. Samuelsboki. Heile kapitlet bør du lesa igjenom. Hoffprofeten Natan bukka for kongen: Gjer alt det du finn fyre! Herren er med deg! Men notti etterpå fekk Natan ei openberring frå Herren: David skulde ikkje byggja templet; son hans skulde gjera det. Det er gripande korleis Herren minner David um livssoga hans: Eg henta deg frå beitet der du gjætte småfeet, og sette deg til konge yver Israel. Eg vil gjeva deg eit namn som dei største på jordi. Og so held Herren fram: «Son din skal byggja hus åt meg. Hans kongsstol vil eg grunnfesta til æveleg tid. Eg vil vera far for han, han skal vera son min. Gjer han noko gale, vil eg refsa han; men mi miskunn skal aldri vika frå han. Stø skal ætti di standa, traust og trygg skal din kongsstol standa til æveleg tid.»

Det er klårt at dette ordet peikar på kong Salomo: han bygde templet; og det galne han gjorde skjepla ikkje Guds miskunn; kongsstolen fekk standa i fred, trygg og traust so lenge Salomo levde.48

Men det er ogso klårt at ordi peikar lenger fram: «til æveleg tid,» stend det. Både profeten Natan og kong David og alle som høyrde desse ordi, skyna det var ein spådom um Messias, den store kongen som Israelsfolket venta. Gamle Jakob hadde nemnt han då han velsigna Juda son sin: ikkje skal kongespir kverva frå Juda ell' styrarstaven ifrå hans stol, fyrr Freds-drotten kjem. No fekk Natan bera fram det fagnad-bodet at Messias skulde koma i Davids ætt.

Difor heiter Messias frå den dagen alltid Davids son. Dei som kalla Jesus Davids son, dei sanna dermed at Jesus var Messias. Det var det dei gjorde palmesøndagen då halve Jerusalem ropa «hosianna Davids son». Og eitt namn til fekk Messias frå denne spådomen: Guds son, etter ordet Herren sa: eg vil vera far for han, han skal vera son min. Når døyparen Johannes vitna um Jesus: han er Guds son, då segjer han med det at han er Messias. Sameleis då Natanael sa: Babbi, du er Guds son, du er Israels konge. Like eins då lære-svemane i båten på Genesaret ropa: Ja sanneleg er du Guds son. Eller då Simon Peter svara: Du er Messias, den levande Guds son. Det var same namnet øvstepresten Kajafas nytta: seg oss: er du Messias Guds son?

David-sonen og Guds-sonen! Difor syng vi: Jesus er den Davids son som større er enn Salomon.

Ja du veit Jesus var endå meir enn både David og Natan og jødane i det heile skyna: han var Guds ein-borne son frå æva av. «Det vesle barn i Betlehem han var ein konge stor, som kom frå høge himmelborg ned til vår arme jord.»

Men so mykje fekk då Israelsfolket tak i: Messias skulde vera Guds utvalde i sers meining. Og alle pro-fetane frydar seg når dei ser fram til den store kongen49

som skal koma i Davids ætt. Dei venta alle dei skulde få sjå han fyrr dei døydde. Kvar gong ein kongsson * vart fødd, kom spursmålet: tru han er Messias?

Det er ikkje utrulegt at David tenkte Salomo var Messias: at han gav han namnet Salomo peikar i den leidi, Salomo tyder Fredsdrotten. I same leidi peikar dei ordi David sa til Salomo; du kan lesa dei i 1. krønikebok 22. kapitel, 9. og 10. vers: «Herrens ord kom til meg, segjer han: du skal få ein son! Salomo skal vera namnet hans; han skal vera son min, eg vil vera far hans, og eg skal grunnfesta kongsstolen hans i all æva.» Det vart eit vonirot: Salomo vart nok ingen Messias. Vonbrot på vonbrot leid alle dei som venta, gong på gong, i 1 000 år. Men venta gjorde dei like brennande.

Salomo vart berre i sume stykke eit fyrebilete på Messias. Han fekk stort ord på seg: han var visare enn alle andre, heitest det. Du veit han synte stor visdom då han skiide trætta millom dei 2 møderne: ho som vil at barnet skal leva, ho er mori! Og du minnest det kom ei dronning frå Saba i Etiopia som hadde høyrt gjete kong Salomo; ho vart reint ifrå seg, lydest det: i visdom og vyrdnad gjeng du yver gjetordet eg hev høyrt. Det heitest og at Salomo dikta fleire tusen ordtøke.

Alle ordtøke er visdomsord henta ut or gamle røynsler; vi gjer vel i å akta på dei. Vi har mange norske ordtøke: ærlegt varer lengst! som du sår, so fær du hausta! Ivar Åsen hev samla mange; sjølv var han ein vismann; men dei ordtøki han samla hev han ikkje laga sjølv. Sameleis var det vel med Salomo. «Salomos ordtøke» i Bibelen er ei samling som hev auka etter kvart, lenge etter Salomo døydde. Men like eins som David fekk sitt namn knytt til salmeboki, so fekk

4 — Anker: Bibelen for barn.50

Salomo knytt namnet sitt til Ordtøki. Kjenner du noko av Salomos Ordtøke ? «Du leting, gakk til mauren og lær visdom!» «Tak vare på hjarta ditt framum alt; livet gjeng ut frå det!» «Gjev meg ikkje rikdom eller armod, men gjev meg kvar dag mitt daglege brød!»

Salomo var rik. Men han slo stort på: han hadde 40 000 par vognhestar og 12 000 ridehestar. Kongsstol fekk han seg av filsbein, klædd med skirt gull, med 12 støypte løver på sidene; det var ikkje laga maken i noko rike, heittest det. Mykje fekk han i skatt av små-kongane og jarlane i grannelandi; men mykje laut israelitane svara i skatt. Det var ikkje fritt anna dei murra; men for Davids skuld, heitest det, heldt dei fast ved Salomo so lenge han levde.

Tempelbygget vart ei nasjonal sak, som heile folket med gleda var med på. David hadde sanka i hop vyrke i mange år, og jamvel laga ferdig teikningar til templet. Frå Fønikia kom cedertre hogge på Libanon, fløytt til Joppe, og køyrt fram yver Saron-sletta; 30 000 arbeidsfolk var med i dette arbeidet. Salomo fekk bygg-meistrar og tre-skjerarar og vevarar frå Fønikia: dei skar ut kjerubar i veggene, og serleg gjorde dei seg fyre med dei tvo kjerubane på nådestolen. Du kan lesa um alt dette i 1. kongebok eller 2. krønikebok; det er forvitneleg lesnad.

Då so templet var ferdigt, heldt dei vigsla i lauvhytte-helgi. Salomo velsigna folket og takka for velgjort; han bad ei bøn som vi nyttår ved kyrkjevigslene her i landet: «Himlane kan ikkje røma deg, kor mykje minder då dette huset. Men du må høyra i himmelen dei bøner som vert sende frå dette huset.»

Det er vondt å lesa um Salomo at han seinare bygde altar for framande gudar. Og han fekk mange imot seg: far din la på oss eit hardt ok! sa folket til son hans.51

Eg kjem i hug til sist: vi gamle lyt gjera som David med det vi hadde tenkt å byggja upp: vi legg til rettes so mykje vyrke vi vinn! Her er mykje arbeid som ventar på borni og barneborni våre, både her i Noreg og elles på jordi: i fredssak og fråhaldssak og helsestell og husstell. Gløym ikkje det!

De unge skal byggja det vi ikkje vann.

Gud signe ungdomen vår! Amen.

Syng nr. 426, v. 4—7.10.

Profeten Elia.

Syng nr. 617, y. 1.

Hev du høyrt gjete kong Akab og dronning Jesabel i Samaria? Akab hev fenge uord på seg. I grunnen var han sjølv ikkje so verst. Men Jesabel, dronningi, dotter av fønikarkongen, ho var fæl.

Fønikane var handelsfolk. Ser du på kortet, går du åt at Fønikia er ein smal landstrime millom fjell og fjord. Det var lite dyrkjingsland. Dei laut ut på sjøen og finna levemåte. Fyrst fiska dei. So siglde dei. So handla dei. So tok dei nytt land. Kartago i Nord-Afrika er ei fønikisk utbygd. Utrulegt er det ikkje at dei på vikingferdene sine hev gjesta dei norske fjordane. I alle fall veit vi dei var inn i Øystersjøen.

Mange fine saker førde dei heim med seg. Dei vart kulturfolk desse fønikane. Dei stod høgt i upplysning. Det heitest det var fønikane som lærde europeane bokstavskrifti vår. Det heitest dei var dei fyrste som laga glas. Andre uppfinningar hev dei og fenge æra for.

Du skynar Jesabel var som ei fin prinsessa frå civilisasjonens land. Og no var ho dronning i bonde-bygdi i Israelslandet. Ho såg ned på desse bøndene i Samaria, skynar du, dei hadde ingen kultur dei! Eit skrikande døme er soga um Nabot, bonden som ikkje vilde selja odelen sin; han heldt fedra-arven heilag.53

Akab gav seg på det, endå han var fælt leid for han ikkje fekk kjøpa det jordstykket han hadde hug på. Men Jesabel sa: eg skal læra den bondetampen! Og so laga ho ein komedie med falske vitne og urettferdige domarar som dømde Nabot frå livet. Han vart steina, for gudsspotting, sa dei. Og so gjekk Jesabel inn til Akab: no kan du få Nabots vingard! Slik var ho.

Endå verre var det at ho bygde seg tempel for fønikargudane Baal og Astarte. Den avgudsdyrkjingi var sameint med fyll og ulivnad. Bondeungdomen i Samaria vart fjetra av all den luksus som Baals-templet hyste. Mange hundrad prestar gjorde tenesta der. Eit veldigt orkester og veldige songkor med sanse-kveikjande musikk! Flott utstyr, gull og dyre Steinar, meir enn Salomos tempel i Jerusalem. Og fin røykjelse strøymde mot alle som kom inn i Baals-templet. Det var nett som ein amerikanar sa då han kom inn i ei romersk-katolsk kyrkja: that's religion! you may see, you may hear, you may smell religion! Det er religion det: der kan du sjå og høyra og lukta religionen!

Mykje annan luksus førde Jesabel inn i Samaria, i husbunad, i klædebunad, i matstell og selskapsliv. Ein av dei profetane der nord som hev skrive profet-bøker heiter Amos. I Amos-boki kan du lesa um det: «På filsbeinssæte dei ligg. Og late på pallen dei heng. Gjødkalv-bingen gjev steik. Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar!»

Frå Samaria kom motane til Jerusalem. Jesabels dotter Atalja vart dronning i Jerusalem og førde med seg same luksusen. Du kan lesa i 3. kapitlet i Jesaja-boki um all den fine klædebunaden gjentene tok til å pynta seg med: panneband, øyredobber, armband, fot-kjeder, fingérgull, naseringar, slør og flor, lukteflasker og speglar.54

Fotkjeder batt dei kring oklo so dei skulde læra å trippa. Tenk eg hev set her i landet for femti år sidan norske damer som gjekk med slike kjettingar for å tvingast til å ta stutte steg; det var på moten den gong. Naseringar er ein ukj end mote her i landet. Men spør um ikkje ungdomen vår vilde dilta med når naseringane fyrst kom på moten! Vi kallar det snobbeskap. Vi er forfærdleg redde for at norsk ungdom skal verta utskjemd av sovore.

Snobbeskapen breidde seg yver heile Israels-riket. Dei apa etter Jesabel og hoff-folki hennar. Mange bønder flutte inn til Samaria, og bygde seg flotte hus i byen, so dei kunde vera med i det fine kulturlivet.

Men ein dag stod det ein underleg mann og preika på gata i Samaria. Klædd var han i ei hard kappe av kamelhår; det var ikkje lin eller silke eller anna mjukt ty; du kan vera viss um at kamelhårskappa klæja på kroppen! og kring livet hadde han bunde eit simpelt lerbelte. Det var profeten Elia. Han preika mot alt det nye som Jesabel hadde ført inn: det gjeng gale med Guds folk! sa han; ungdomen vert utskjemd og karakterlaus! dei duger ikkje til å dvrkja jordi! dei misser vyrdnaden for f ederne og for sin f ederne Gud! heilo folket vert rot-laust, finn aldri heim og hamn i den framande kulturen.

Han freista samla ungdomen i profetskule, der han dreiv på med fedrasoga, fedralovi, fedra-arven, og trui på Israels fedragud. Nokre fåe fekk han tak i. Vi kjenner i alle fall ein av dei, han som tok arbeidet upp då Elia døydde. Elisa heitte han.

Men stort set fekk Elia berre spott og flir: han fylgde ikkje med tidi den karen! gamaldags og sur og upraktisk var han! Eg tykkjest sjå kor dei stod ogpeika fingrar åt han når han preika i Samaria.55

Til å vekkja folket kom ein turke som varde i yver tvo år. Det vart naud og sut i landet. Då spurdest det um folket vilde umvenda seg. Og det såg til sist ut so, den store dagen på Karmelsfjellet. Du kan finna det fjellet på kortet, det sting ut som eit stort nes i Mid-havet. Der stod Elia åleine mot dei mange hundrad Baals-prestane. Dei skulde kappast um å be til kvar sin gud. Og den gud som svara med eld, honom skulde folket tena. Heile Israel var boden å koma til denne stemna. Og du kan skyna at alle fylgde levande med i det som hende.

Den tyske tonediktaren Mendelsohn hev laga eit heilt syngjespel som heiter «Elias». Der høyrer vi kor alle Baals-prestane ropar: Baal! svara oss! Baal, svara oss! Høgre og høgre ropar dei. Yillare og villare dansar dei kring altaret; det vert som fossedur og løvebrøl til sist. Dei flengjer seg med spjot so blodet flyt! det skulde få Baal til å tykkja synd i dei. Men Baal svara ikkje. Heile dagen gjekk med; dei fekk god tid til å prøva guden sin. Leid ut på aftanen, steig Elia fram, bygde altar for Herren av tolv Steinar, grov ei veit kring altaret, hogg sund offer-uksen, fyllte veiti med vatn, og auste vatn yver veden og offerdyret, so ingen skulde segja det gjekk varme i veden av seg sjølv.

So stod han der åleine og bad til Herren: svara meg, Herre! svara meg, so dette folket kan få kjenna at du Herre er Gud og dei må venda hugen til deg! Då slo ljonelden ned og åt upp brennofferet og veden og steinane og moldi, og sleikte upp vatnet i veiti. Heile folke-mengdi vart rivi med av underet. Dei kasta seg å gruve og ropa: Herren er Gud! Herren er Gud. Og dei rudde ut Baals-dyrkjingi med eitt slag. Det var ein stor dag for profeten Elia. Det såg ut som ei heil um-vending.56

Men då Jesabel vilde drepa Elia, viste det seg kor liten merg det var i folket. Ingen våga stå henne imot. Elia hadde venta at dei vilde slå ring um Herrens profet til vern mot Jesabel. Men nei! snobbeskapen hadde hola ut karakteren: det var ikkje manns mod å Uta på meir. Elia laut roma.

Vonbrotet knekte den sterke profeten. Han ynskte han måtte få døy: no er det nok! ta livet mitt Herre!

Han vilde ha eit møte med Israels Gud. Difor gjeng han heilt sør til Sinai-fjellet, der Gud skipa pakti med Israel. Han klagar seg sårt: «Eg hev brunne av brennhug for Herren, alihers Gud! men Israelsborni hev vendt seg burt frå di pakt! altari dine hev dei rive ned! profetane dine hev dei drepe! eg åleine er att, og meg stend dei etter livet!»

No må de høyra vel etter: Dette møtet med Gud den morgonen attmed Sinai, det er noko heilt nytt, eit gjenombrot til klårare og mildare syn på Gud. Høyr no: «Herren gjekk framum. Fyre Herren kom ein stor og veldig storm, so fjell rivna og klettar klovna; Herren var iklcje i stormen. Etter stormen kom ein jordskjelv; Herren var ikkje i jordskjelven. Etter jordskjelven kom eld; Herren var ikkje i elden. Etter elden høyrdest ei mild susing; då tala Herren til Elia».

Er det ikkje som Jesu milde røyst? Gud kjem ikkje i eld og røyk som på Sinai med dei 10 bodordi; han kjem stilt og hjarteleg. Han set ikkje støkk i oss; han lokkar som ein hyrding på sauene og lammi: kom hit til meg! so skal de finna livd og kvild.

Elia fær eit nytt arbeid: han skal ikkje lenger vera den stormande eldprofeten på gatene i byen! det sit rundt ikring i landet sju tusen trufaste; millom dei skal no Elia ha sitt arbeid, millom «dei stille i landet», som vi kallar dei.57

Elisa tok arbeidet upp etter Elia. Og fleire profetar kom, Amos og Hosea hev skrive profetbøker, so vi ser kor det bar mot undergang for Israelsriket. Hundrad år etter Elia gjekk det til grunns; og vi høyrer ikkje gjete dei meir.

Her er mykje vondt som herjar folkelivet i Europa i dag. Det lcan gå gale med heile Europa, det skynar vi. Det spørst um dei trufaste kristne fær ungdomen med seg på umvendings-vegen til Gud. Det er difor vi held barnegudstenester og sundagsskular; det er difor vi skipar speidarkorps; det er difor vi driv folkehøgskular og ungdomsskular. Ungdomsfylkingen som lyfter Jesu Kristi fana til strid mot all avgudsdyrking og som vil kryna Jesus til konge yver alt menneskeliv, — den fylkingen er voni for framtidi.

Og i den striden har vi mykje å læra av mannen i kamelhårskappa. Dei som gjeng fram i Elias ånd og kraft, dei skal venda fedrahjarto til borni og barnehjarto til fedrane og vinna Herren eit velskikka folk. Amen.

Syng nr. 617, v. 3 og 4.10.

Profeten Jesaja.

Syng nr. 101, v. 1.

Jesaja er kongen millom profetane. Som ei kongeørn flyg han yver viddene, med utsyn yver heile verdi, med framsyn mot tidene som kjem, og med djupsyn inn i dei duldaste løyndomane.

Jesaja var av kongsætt, av Davidsætti. Hoff-folki og kongslyden totte han kasta seg vekk med di han vart profet. Det var plent som når ein prins i våre dagar vert lækpreikar. I staden for å dyrkja statsmannskunsten og verta diplomat, vart Jesaja domedags-preikar mot hoffet og storfolket i Jerusalem. Det han preika var dom og undergang til straff for synd og gudløysa. Jesaja valde, som det heitest um Moses i Hebrearbrevet (11,25), «å heller lida vondt med Guds folk enn å ha ei stuttvarig njoting». Skynar du at Jesaja gjorde rett? Skynar du at Jesaja vann større lukka med å velja Guds vilje?

Eller skal vi segja: han hadde ikkje noko val? han laut ly da då Gud kalla han! I 6. kapitlet i Jesaja-boki fortel han sjølv kor det bar til. Han såg i ei syn Herren sitja på ein høg kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet. Serafar stod ikring; kvar av dei hadde seks venger; med tvo løynde dei andleti sine; med tvo løynde dei føtene; og med tvo flaug dei. Dei ropa til59

kvarandre: heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot! all jordi er full av hans æra.

Det er desse ordi vi tek uppatt i «præfasjonen» ved kvar festgudstenesta og ved kvar nattverds-tenesta i kyrkja vår. Du må læra å syng ja dei ordi, so du kan syngja med! alle må syngja til kvarandre i veldigt kor, so kyrkjetaket lettar seg. Bed skulemeisteren eller presten eller ein annan å læra deg syngja alle kyrkje-s vari!

Det var ei ageleg syn Jesaja såg: «Grunnen under dørstokkane riste, og huset vart fyllt med røyk.» Jesaja kjende Guds dom i samvetet: «Usæl er eg! det er ute med meg! eg er ein mann med ureine lipper!» Like eins som då Simon Peter uppmed Genesaret seig ned for Jesu føter og ropa: gakk burt frå meg, herre! eg er ein syndig mann! Du veit Jesus sa til han: ver ikkje redd! heretter skal du vera med meg og vinna menneske for Gud. Jesaja fekk og hjelp: ein av serafane tok ei glo frå altaret og rørde ved munnen hans: no er syndi di sona, sa han. Du skynar det var Guds glødande kjærleiks eld som brende burt ureinskapen. So varmt er det å kjenna Guds heilage kjæileik, at dei vonde tankane våre brånar når vi kjem nær han.

Og so tala Herren til Jesaja: kven skal eg senda? Jesaja svara: send meg! Soleis vart Jesaja kalla til profet.

Profetane i Israel var ikkje spåmenn. Dei var talarar som forkynte Guds vilje til folket. Med vakne augo fylgde dei alt som hende, og fann so det rette ordet for kvar ny tid. Difor ser vi hjå profetane at syni vidar seg ut etter kvart. Serleg fær dei etter kvart klårare syn på Gud.

Det forteist i den egyptiske gudelæra um ein gud som hadde tett slør yver andletet, so ein kunde ikkje60

sjå andletsdrag!. Soleis var det frå fyrstundes med Israels Gud: det var slør som løynde Guds andlet for folket. Profetane letta på sløret, so Israel fekk sjå meir av Guds andletsdrag. Ja vi kan segja: profetane drog det eine sløret til sides etter det andre, — til dess Guds andlet lyste fram i sin fulle herlegdom i Jesus Krist.

Du må lesa i Jesaja-boki, og sjå til å verta kjend med nokre av preikene hans. I 1. kapitlet talar han mot dei åndlause offer som folket bar fram: kva skal eg med alle slaktofferi? Det ser ut til at profetane fær klårare syn for gudsdyrkjing. Slik som den 50. salmen segjer: skulde eg eta kjøt av stutar? og drikka blod av bukkar? Det er andre offer Gud vil ha: ofra lov og takk til Gud! den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette vegen. «Lær å gjera godt!» segjer Jesaja, «legg vinn på det som rett er! hjelp den farlause til å få rett, før sak for enkja!» Vi skynar det var mykje fanteskap som gjekk fyre seg i Jerusalem. Dei vilde vera Guds folk, og dei heldt sine skikkar; men dei gjorde urett og levde stygt. Det skyna Jesaja var rådlaust: høgtidsferd og fanteferd hand i hand — det høver ikkje i hop. Som Jesus sjølv segjer: Jesaja tala sant um folket: med lippene lovar dei meg; men hugen er langt ifrå meg.

Men so hev Jesaja i 1. kapitlet eit strålande fagnad-bod å bera fram: «Um syndene dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø!» Hev du høyrt noko so herlegt? Gud vil reinsa oss, og gjeva oss den snøkvite brudlaupsklædnaden, som høver i den store kvite flokken for Guds kongsstol.

I 2. kapitlet ser Jesaja alle folkeslagi kjem til Herren og vert hans folk. Det er heidningmisjonen han ser fram til. Du veit vi nordmenn var heidningar;61

so kom det misjonærar frå England og Frankrike og førde oss til Herren.

Og so ser Jesaja ei tid då det skal verta ende på all krig: dei smider plogjarn av s verdi sine! folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk!

Jesaja 5. kapitel er ein morgonsong: han syng um ein vinhage og det er Israel, som Gud hadde planta og verna og vyrdsla; han venta seg god haust, men det fekk han ikkje! Det er den djupe profetsorgi i Jesajas hjarta som syng denne klagesongen. Jesaja ser domen kjem yver Jerusalem. Visstnok greidde ikkje assyrar-kongen Sankerib å taka byen. Kong Hiskia bad til Gud, og han vart bønhøyrd. Men Jesaja ser ei onnor stormakt ovra seg der aust: Babel. Det vert som ein veldig storm når domen kjem: den tjukke skogen vert nedhoggen (10, 34).

«Men ein kvist skal renna or Isaistuven.» Det er j oleevangeliet som lyser her (11, 1):

«Isai stuv som til frelsa er vald skyt livs-kvisten fager og mogen.»

Isai veit du var far til David. Heile kongstreet vart avhogge då Nebukadnesar tok den siste kongen i Jerusalem med seg i lekkjer. Men ein stuv stod att, og or den stuven skal Messias renna, segjer Jesaja. Han venta eit bel å få sjå Messias. Han kallar han Immanuel (7, 14); det tyder: med oss er Gud. Men det gjekk ikkje so snøgt.

Jesaja levde lenge, under mange kongar. Under kong Hiskia hadde han det etter måten godt. Men då Manasse son hans vart konge, kom umskifte. Manasse hadde i sine prinsedagar harmast yver den gudlege62

tonen i kongsborgi. Og saman med dei gudlause ka-meratane sine gjorde han reint bord då han vart konge. Han forfylgde dei truande israelitane. Det vart ei martyrtid alle dei mange åri Manasse var konge i Jerusalem. Jesaja vart drepen. Segni fortel at han vart putta inn i eit holt tre, og so saga dei treet tvers yver. I Hebrearbrevet 11, 37 stend det at sume vart gjenomsaga, det siktar til denne segni.

Ei gleda var det for Jesaja å samla ein liten flokk trufaste ungdomar i profetskulen sin; der heldt han den heilage voni vaki: «Sjå eg og borni mine er teikn og varsel i Israel,» segjer han (8, 18). Dei var «Israels rest», som skulde berga framtidi for Israelsfolket. «Legg vitnemålet og læra i hjarta åt læresveinane mine!» sa han. Det var ikkje anna å venta enn at desse ung-gutane fekk høyra spott: «Driv de på med bøneboki enno de?» Plent som mange spottar i våre dagar når unge gutar og unge gjenter vil vera kristne. Du må ikkje vera redd for sovoren spott. Øv deg upp i å tola slikt: du døy r ikkje av det um folk flirar åt deg. Og du hev godt av å røyna litt soleis: du vert sterkare og støare, du fær meir karakter og meir viljestyrke! lat dei læ, og lat dei spotta! eg vil halda fast på mi dåpspakt og gjera bruk av barneretten min.

Læresveinane hans Jesaja vart vel ikkje drepne alle. Dei fekk gjeva den heilage arven ifrå seg til borni sine. Og bøneboki vart ikkje brend.

Kor stort eit namn profeten Jesaja fekk i Israels-soga, viser seg i det, at tvo andre store profetar hev heft sine bøker inn i Jesaja-boki: kap. 40—55 av ein stor profet i Babylon, vi nemner han den andre Jesaja! og kap. 56—66 av ein tridje profet etter heimkoma frå Babel. Jesaja hev av dei skriftlærde i Israel fenge æra63

for alle desse profetiane. Og vi bisnar ikkje på det. Jesaja var kongen millom profetane. Syng nr. 106, v. 4:

Sjå ljoset skin utyver jord,

vil syndemyrkret spreida.

So upp kvar syndar! lat Guds ord

få lysa deg og leida deg!

Sjå dagen runnen er,

og notti undan fer.

So vakna du som sov,

at Kristus må få lov

å lysa upp ditt hjarta! Amen.12.

Kong Josia.

Syng nr. 534, v. 1.

Kjenner du kong Josia? Du må lesa um han i 22. og 23. kapitlet i 2. Kongebok. Yi har mykje å læra av han.

Åtte år gamal vart han konge i Jerusalem. Tenk berre åtte år gamal! Han var ein god gut, som heldt seg nær til Gud frå barndomen, stend det. Det fylgjer stor velsigning yver heile livet for dei som vil vera Guds born frå barndomen, so dei fær leva heile sitt liv i pakt med Gud. Det er det vi strevar med i skule og heim: at borni våre som er døypte og hev fenge barnerett hjå Gud, aldri må snu ryggen til Gud.

Då Josia var sekstan år gamal, berre ungguten, då stend det at han gav seg heilt til Gud. Det var som ein konfirmasjon det. Du veit når du vert vaksen, segjer mange: no er du fri! no kan du slutta med alle lekser og salmevers og bøner. Og mange snur seg ifrå Gud når dei vert vaksne. Det er vondt å sjå mange konfirmantar sluttar å gå i kyrkja, sluttar å beda, sluttar å lesa i Bibelen, og ikkje gjeng dei til altars. Det hev jamvel vore sagt: det ser ut som vi konfir-merar borni burt frå Gud.

I Garborgs «Haugtussa» skildrar han korleis djevelen held konfirmasjon millom ungdomen og lærer dei upp til å gå sine eigne vegar. Han høyrer dei i sine bodord,65

i si tru og i sine bøner, som alt saman peikar burt frå Gud. Men du må ikkje tru det tek seg so fælt ut. Nei det tykkjest vera so fint og uskyldigt. Fyrste gong eg las det upp for folk, var det ein som sa: ja men slik lever vi då alle i hop! Det 1. bodordet i «svartekatekisma» heiter berre: sjå ut som dei andre i all di ferd! Ja er det ikkje slik gutane og gjentene fer åt ? sjå ut som andre vaksne ungdomar! Det ser helst ut som det er fire ting ein vaksen gut må læra: drikka og banna og røyk ja og sputta! det er karslegt! då er han vaksen!

Eg skal fortelja deg noko: alle som er levande kristne, dei segjer meste alle det var i ungdomen dei gav seg heilt til Gud. Liksom Josia. I ungdomen feil det lettast. Seinare vert hugen hardare. Dei fleste levande kristne gav seg yver til Gud fyrr dei var tjuge år. Etter trettiårsalderen er det meste ingen som umvender seg.

Jaa det jinst! Gud skje lov! Men det er reine undan-tak.

Det er so ålvorsamt dette, at vi lyt ropa det ut: Å tenk på Gud i ungdoms år!

Yi har mykje meir å fortelja um kong Josia. Då han var tjuge år gamal, tok han til å reinsa burt av-gudsdyrkingi i Jerusalem. Då var han myndig vorten. Han trudde seg til å reformera folkelivet. Og det trongst. Både far hans og bestefar hans hadde drive med avgudsdyrking. Bestefaren var den fæle kong Manasse som forfylgde og drap dei truande israelitane. Han bygde avguds-altar i sjølvaste Herrens tempel! han dyrka jamvel Molok, eit gudebilete av kopar som dei gjorde glødande, og so ofra dei småborn som dei la i armane hans.

6 — Anker: Bibelen for barn.66

Det fortelst at på resten kom Manasse i naud, og freista bøta det vonde han hadde gjort. Men det var ikkje so lett. Og son hans heldt fram med det som vondt var.

Det fyrste kong Josia gjorde, var å setja i stand Herrens tempel. Han hadde både murarar og timmer-menner og andre handverkarar i arbeid. Pengar til arbeidet samla han inn. Mykje kom inn i «tempel-kista», det som vi kallar «kyrkjebørsa».

So hender det ein dag noko merkelegt. Eiksskrivaren kom og skulde henta pengane, øvstepresten tømde «tempelkista», og so segjer han: eg hev funne ei lovbok i Herrens hus. Han sende henne med til kongen. Eiksskrivaren las upp or lovboki. Og då vart kongen reint forfærd: han reiv sund klædi sine, som du veit dei gjer i Austerland når noko tungt gjeng dei til hjarta.

Kan du gissa kva dette var for ei lovbok? Det var den vi kallar 5te Mosebok i Bibelen.

Mosebøkene er samla i hop smått um senn. 5. Mosebok vart nett skrivi då Josia var konge. Ho skulde hjelpa Josia med reformasjonen. Mykje moglegt at ho byggjer på upprit frå den gong Moses tok avskil med folket sitt. I alle fall vert alle formaningane lagde i munnen hans. Dermed fær dei meir «autoritet». Det er meint slik: kva vilde Moses ha sagt oss, um han hadde levt no?

Skal vi lesa nokre av desse formaningane?

I 8. kapitlet stend: «Gløymer du Herren, og held deg til andre gudar, so er det ute med deg!» 130. kapitlet stend: «Himmel og jord tek eg til vitne at eg hev lagt fram for deg liv og daude, velsigning og forbanning! vel då livet, so skal du få leva, både du og ætti di.» Det var slike ord som la seg tungt på kong Josia.67

Jesus var so glad i 5. Mosebok. Alle dei tri ordi han nytta til å svara freistaren i øydemarki, dei er alle henta fra 5. Mosebok. Det store bodordet i lovi som Jesus nemner gong på gong, det stend i 5. Mosebok: Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta, av all din hug, av all di makt.

Det er 1. bodordet, ikkje sant? slik som Luther hev uttydt det i katekisma: vi skal ottast og elska Gud yver alle ting, og setja all vår lit einaste til han. Du skynar at 5. Mosebok hev djupare syn på Gud enn lovi på Sinai. Det lyder so hardt frå Sinai: du skal ikkje ha andre gudar! Det lyder so hjartevarmt: du skal elska Herren din Gud. Skynar du at her vert det burtteke noko av sløret frå Herrens andlet, so dei

mildare andletsdragi hans ter frem?

*

Josia lyste ut ei stemna med alle Juda-mennene. Han las upp åt dei det som stod i boki. Han steig fram og gjorde lovnad: at han vilde fylgja Herren og halda bodi og lovene hans av alt sitt hjarta. Og han heldt det han lova. «Maken til konge hadde ikkje vore i Israel, stend det: det var ingen som soleis hadde vendt seg til Herren av alt sitt hjarta. Og maken hans kom aldri meir», stend det.

Josia gav kongsbod til heile folket: Haldt påske for Herren dykkar Gud etter fyreskriftene i denne pakt-boki. Sovori påskehelg hadde ikkje vore haldi sidan profeten Samuels dagar. Josia gav tretti tusen påskelam til folket, so dei i alle heimane kunde ha kvar sitt påskelam.

Ofringane og tempeltenesta i det heile sette han i fast skikk, so all tenesta gjekk etter ritualet. Josia er den andre reformatoren, Samuel var den fyrste refor-68

matoren. Yi kan nemna Josia den tridje lovgjevaren i Israel, etter Moses og Samuel.

Men det var dessverre for seint. Frafallet frå Herren hadde vore altfor inngrott. Etter Josia kom tri søner og ein soneson på kongsstolen. Dei fær alle det etter-mælet: dei gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som f ederne deira. Og so kom domen yver Jerusalem.

Josia sjølv sette livet til i strid mot egyptarkongen, på Iisreels-sletta aust for Karmelsfj ellet, ved ein stad som heiter Megiddo. Heile Juda og Jerusalem syrgde yver Josia. Profeten Jeremia laga ein syrgjesong som gjekk frå munn til munn, frå ætt til ætt, i mange hundrad år. Det vart skikk å syngja slike kvæde i Israel. Ein seinare profet Sakarja nemner sorgi yver Josia: når Israel ein gong umvender seg til den krossfeste Messias, når dei «ser upp til han som dei hev gjenomstunge», då skal dei syrgja sårt: jammeren skal verta stor i Jerusalem liksom jammeren på Megiddosletta, segjer han.

Ja den dagen Israel umvender seg — skal Josias reformasjon bera æveleg frukt. Då skal dei sannast ordi frå 33. kapitlet i 5. Mosebok:

Ei borg er den eldgamle Gud.

Hit ned når hans evige arm.

Å Israel, kor du er sæl!

Kven er vel som du?

eit folk som hev Herren til frelsar,

din verjande skjold

og ditt veldige sverd!

Og vi syng med dei: Vår Gud han er so fast ei borg. Han er vår skjold og verja. Amen.69

Syng nr. 534, vers 2:

Lat det då lukkast med onni og møda. Vis oss dei sannaste vegar å gå! Ja lat det lukkast med groren og grøda! Sign i din kyrkjelyd store og små! Herre, lat åkren med eksingar digna! gjev du oss gleda av grøderik jord! Herre vår Gud, du må rikeleg signa kyrkja du planta her uppe i nord!

Ja det må vi be Gud um, fyrr det er for seint, so det ikkje skal gå med oss som med Jerusalem. Og når vi bed um det, må vi hjelpa til at arbeidet lukkast i heim og skule og kyrkje. De smågutar og smågjenter kan og hjelpa til med det, ikkje sant f Gjer som Josia: lev heile livet i pakt med Gud, frå ungdom og til alder grå! Amen.12.

Profeten Jeremia.

Syng nr. 493, vers 1.

I Bibelen vår stend «Klagesongane» straks etter Jeremia-boki. Mange hev meint Jeremia hev dikta dei. I den danske bibelen vi hadde i min barndom var yverskrifti: «Jeremiæ Begrædelser». Stakkars Jeremia! han hev fenge «Begrædelserne» knytte til sitt namn! Folk hev jamvel laga eit ord for klagemål, og kallar det jeremiade. «Teg no still med jeremiaden din!» segjer dei.

Ja Jeremia var ein syr g j ande profet.

Han leid mykje vondt. Ein gong vart han sett i gapestokken ved inngangen til tempeltunet. Slike gapestokkar hadde vi her i landet i mange år utanfor kyrkjene, der sette dei fast slike som hadde forsynda seg; dei fekk ein klave kring halsen, som vart læst med eit lås, so dei slapp ikkje laus. Kven som vilde kunde sputta på dei. Soleis laut Jeremia stå ein heil dag og ei heil nott.

Gong på gong vart han kasta i fangeholet, sumtid sat han der i lang tid. Ein gong kasta dei han ned i ein tom brunn; der var ikkje vatn, men blaut gyrma; og Jeremia sokk ned i gyrma. Brannen var so djup at dei laut fira han ned med tog; der skulde han svelta i hel; men ein hirdmann totte synd i han, og fekk draga han upp or bruxmen; han laut fira ned ein bylt med71

klædefiller til å leggja under armane; elles vilde dei ha slite armane av han då dei drog han upp. Men han vart sitj ande fange i vaktgarden i år og dagar.

Verre enn alt det vonde han leid på kroppen, var det han leid på sjeli. Han syrgde yver folket sitt, av di han såg det gjekk imot undergang: <cHjarta er sjukt i meg,» segjer han (8, 18). «Auga må gråta av di Herrens folk vert burtført» (13, 17). Det minner um Jesus som gret yver Jerusalem, ikkje sant? dei tårene var heilage! dei kom frå eit hjarta som brann av kjærleik til folket. Og slik var det med Jeremia og.

Han hadde eit mjukt hjarta. Like vel segjer Gud han skal vera «ein jarnstolpe og ein koparmur» mot kongane, mot hovdingane, mot prestane, og mot lyden i landet» (1, 18).

Han var berre ungguten då han vart kalla til profet. Han bad seg undan: «Å Herre Herre! eg kan ikkje, for eg er so ung.» «Ver ikkje redd!» sa Herren, «for eg er med deg.» Han måtte lyda. Men ein tungsam ungdom fekk han. Liti gleda upplevde han. Einsam gjekk han jamt, hadde ingen heim.

Jamvel hans eigne skyldfolk og bysborn vilde drepa han: du skal ikkje tala profetord i Herrens namn, annars skal du døy for vår hand! segjer dei til han. Det er då han nyttar biletet um lammet, det som seinare hev vore nytta um Herren Jesus. «Eg var som eit spakt lam som vert leidt til slakting,» segjer han; «eg visste ikkje at dei la upp løynderåder mot meg» (11, 19).

Det var ikkje underlegt at Jeremia laut syrgja. Liksom Jesus palmesundagen segjer: visste du berre! men det er dult for augo dine! slik såg Jeremia folket gjekk i blinde og trøysta seg med at dei var Guds folk; mange falske profetar täla trøyst: det er ingen fåre, sa dei.72

I ei veldig tale frammed templet ber Jeremia fram Herrens tuktande ord. Du kan lesa den tala i 7. kapitlet i Jeremia-boki: «Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel! de stel og myrdar og fer etter andre gudar! og so kjem de fram for mi åsyn i templet og segjer: no er mo berga!» Det var skrikande hyklar-ferd dette: religionen vart berre ei soveputa!

Kristendomen kan og verta misbrukt til falsk trøyst midt i eit syndeliv. Det er bra at folk gjeng i kyrkja og i bedehus! det er bra at dei les i Bibelen og bed! Men vil dei ikkje umvenda s eg, so munar det inkje. Treng då alle menneske umvenda seg? treng prestane ogso umvenda seg? Ja du! alle som er syndarar må venda um til Gud, elles er dei dømde! Og det er ikkje gjort med berre ein gong. So lenge vi har synd å dragast med, so lyt vi gå umvending8vegen dag etter dag.

Du minnest at Luther helgemessaftan 1517 spikra upp 95 setningar på kyrkjedøri i Wittenberg. Yi reknar reformasjonen frå den dagen. Veit du kor den fyrste setningi lydde? Eg skal herma ordi, so du kan læra dei: «Når vår Herre Kristus segjer umvend dykk! so meiner han at kristenlivet her på jordi skal vera ei dagleg um-vending». Du minnest avlåts-kræmaren Tetzel som selde avlåtsbrev for pengar? dei som hadde kjøpt eit sovore brev pukka på det for Luther: no er vi berga, sa dei. Det var dette som sette kveik i Luther: dette var då falsk trøyst, fusk og fanteskap! Og so kom reformasjonen. Det er fårlegt for oss kristne å trøysta oss med at vi er døypte og konfirmera og kan vår barnelærdom, — eller trøysta oss med at vi er umvende og høyrer med til Guds folk, — og so leggja oss til å sova utan å stri mot syndi. Eg vil gjerne prenta eit ord i alle kristne, og de smågutar og smågjenter må ikkje gløyma73

det: dersom ein kristen er ferdig med umvendings-vegen, so er han ferdig med Jesus og. Det er på umvendings-vegen vi møter Jesus. Den tronge vegen kailast han. På den breide vegen har vi ikkje bruk for Jesus. Og det er alltid ein breid veg dei falske profetane fører folk inn på.

Difor har vi godt av å høyra på Jeremia der han lyfter røysti mot dei falske profetane: lyd ikkje på dei som segjer: fred, fred! endå det ingen fred er! eg hev ikkje sendt dei, segjer Herren, dei talar lygn i mitt namn!

*

Folket i Jerusalem spotta Jeremia, ein tusseladd totte dei han var. Og sume tider såg han underleg ut. Ei heil tid gjekk han med eit ok kring halsen. Det var til å prenta inn i folket: vil de ikkje høyra på det eg segjer, skal de sjå det: slik skal Juda koma under Babylons ok.

«Han gjer folket modlaust», lyddest det, «både her-mennene og folket, med di han preikar slik.» Det var ikkje langt ifrå at dei nemnde Jeremia ein «folkefiende», han som elska folket varmare enn nokon. Ja de veit Jesus vart og dømd som ein folkefiende. So blinde kan vetuge menneske vera! Henrik Ibsen hev skrive eit diktarverk som heiter «Ein folkefiende». Det er ein dokter som fær den domen yver seg av di han vågar Begja sanningi. Dei som vil tena Gud og gjera rett og segja sant, lyt vera budde på sovore. Kva vilde du velja? vilde du ljuga og svika Gud for å vera til vens med folk? Gud gjeve du alltid må velja å vera ærleg og trugen mot sanningi, kva det so skal kosta!

Eitt ugløymande hende er fortalt i 36te kapitlet i Jeremia-boki. Jeremia hadde fenge bod frå Herren at han skulde skrive preikene sine på ein bokrull, og so74

senda bokrullen til kongen. Kongen sat i vinterhalli, det var i desember månad, det brann i ei panna med glør framfyre kongen; dei hadde ikkje skikkelege omnar den tid. Ein av hovdingane rulla upp bokrullen og las for kongen. Kvar gong hovdingen hadde lese ein eller fleire teigar, tok kongen og skar teigane av rullen med ein pennekniv, og kasta dei på elden i glo-panna! Tenk at kongen kunde gjera det! jamvel hovdingane kjende det gjekk kaldt ned etter ryggen på dei. Trudde verke-leg kongen at han kunde brenna upp Guds ord?

I staden for den boki som brann upp, skreiv Jeremia ei ny, det er den vi har i Bibelen.

Endå Jeremia var heimlaus og vanvyrd og forfylgd, so var det då nokre få ungdomar som lydde på han og fylgde i hans fotefar. Det var som ein profetskule det og. Vi møter læresveinane hans seinare. Av Jeremia lærde dei å tola motgang og liding. Dei lærde å skyna at det er nett gjenom liding vegen gjeng til siger yver det vonde. Slik som Jesus viste oss ved si liding. Det var læresveinane hans Jeremia som kom til å bera folket fram gjenom fangetidi i Babylon.

Du minnest frå bibelsoga at kong Nebukadnesar frå Babylon kom tvo vender og tok Jerusalem: fyrste venda i 606. Då sparde han byen, tok den unge kongen Jekonja med seg i fangeskap, og saman med han ein flokk ungdomar, millom dei var profetane Hesekiel og Daniel og den andre Jesaja. Andre venda var i 588, då kong Sidkia gjorde uppreist, og Nebukadnesar brende upp Jerusalem og templet, stakk augo ut på Sidkia, la han i lekkjer, og tok han med seg.

Jeremia hadde åtvart han. Det visste Nebukadnesar, han baud Jeremia vera med på gode vilkår. Men han valde å vera heime i sitt ulukkelege fedraland. Det er moglegt at han då dikta «klagesongane». Men han fekk75

ikkje døy heime. Dei jødane som var att tvinga Jeremia til å fylgja dei til Egypt. Der døydde han, den lidande profeten, og «ingen kjenner gra vi hans». I

Men framsyni hans lever. Han hadde skrive trøyste-brev til dei som var burtførde fyrste venda: «Eg vil gjeva dykk framtid og von,» segjer Herren. «Sjå det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil skipa ei ny pakt med Israels hus og med Juda hus: eg vil leggja lo vi mi inni deim og skriva henne i hjarto deira; då skal dei alle kjenna meg, både små og store.» Med sovorne strålande utsyner fryda seg Jeremia. Som gamle Simeon kunde han segja: no kan eg fara i fred! auga mitt hev skoda di frelsa. Amen.

Syng nr. 493, vers 2: Yanvyrde gjekk dei her på jord.12.

Menneskja kongen på jordi. Salme 8.

Syng nr. 23, v. 1.

«Når eg ser din himmel, månen og stjernene, — kva er då eit menneske at du kjem det i hug, eller ein menneskesøn at du ser til honom! Like vel gjorde du han lite lægre enn Gud! med herlegdom og æra krynte du han! du sette han til herre yver dei verk dine hender

gjorde! all ting la du under hans føter.»

*

Eg er so glad i denne salmen. Fyrste dagen eg var uppe til presteeksamen, fekk eg den å skriva um. Eg sat og gledde meg: det «gjorde so godt i hjartegrunn og kveikte som dogg i dalar».

Du ser straks kva tid pd døgret salmen er dikta, ikkje sant? Det er månen og stjernene han ser på himmelen, ikkje soli. Det må vera ein kveldssalme då, skynar du. Eg trur helst det er ein av tempeltenarane som stend på tempeltunet ein klår måneskinskveld og skodar upp mot himmelen.

Han kjem til å tenk ja på kor stor Gud må vera! Tenk alle desse millionar stjerner! Ingen kan telja dei.

Når han den gong vart teken av Guds stordom, må vel vi i vår tid verta det endå meir. Yi har betre77

greia på allheimen enn dei hadde den gong. Vi veit at desse stjernene er store himmelklotar, mange av dei er større enn jordi. Det er berre av di dei er so endelaust langt burte, at dei ser ut som små knappenålshovud! Kor stor trur du jordi tek seg ut for dei som bur der uppe? Og du og eg? Vi vert heilt upp usynlege, tenkjer eg, som små usynlege bakteriar eller basillar!

Kor stor Gud må vera! Og kor små vi menneske er! Det er trulegt at den store Gud aldri kjem i hug slike småkrypar som deg og meg!

Og like vel — det er det herlege salmediktaren ber fram: Gud sette oss til herrar yver alt sitt skaparverk. Alle ting la han under våre føter. Han gjorde oss lite lægre enn seg sjølv.

Vi kjem her til å tenkja på skapingssoga i 1. kapitlet i Bibelen. Gud sa: lat oss skapa menneske i vår likning, so dei vert biletet vårt! dei skal råda yver fiskane i havet, yver fuglane under himmelen, yver alt liv som leikar på jordi.

Vi menneske skal vera med Gud og styra verdi og halda livet uppe på jordi. So høg vyrdnad hev Gud gjeve oss.

Det er kongeleg vyrdnad yver alt ærlegt menneske-arbeid. Det er guddomeleg vyrdnad å vera Guds med-arbeidarar.

Ikkje minst med bondearbeidet. Bøndene er med og skaper mat til millionar svoltne munnar. Dei er med i Guds skaparverk um våren,

«då atter som eit under nytt liv av daude gror».

Det er som eit guddomlegt eventyr dette, at vi sender millionar bakteriar ut yver markene til å løysa upp og skapa liv: millionar usynlege Guds englar.78

Eller ein vedhoggar! Der legg han til skogs med øks på nakken. Berre å eiga ei øks er kongeleg rikdom. Det tok mange tusen år fyrr menneskja kom so langt. Han høgg so flisane sprutar. Kan han sine ting, so dett treet og vert liggjande der han peikar. Sagar han so treet upp i kubbar, og høgg kubbane upp til småved. Gjeng det ikkje med øksehogg, so driv han inn ein kile (ein bleig kallast det austpå), kanhenda endå ein kile, og endå ein! for du skal sund! Og kubben sprekk. Vedskiene vert ferdige til å putta i omnen, so vi kan sitja varmt i stova kaldaste vetteren.

Det er kongen på jordi dette, som rår yver Guds skapning.

Eller tenk på kor menneske vinn yver dei sterkaste dyri, kan temja dei og nytta dei til arbeidsdyr. Hestar sg uksar, mykje sterkare enn oss menneske, kan vi temja med taum og beisl, so dei må lyda oss.

«All ting la Gud under våre føter: småfe og storfe, jamvel villdyri i marki; fuglen under himmelen, fisken i havet, alt som fer på havsens stigar. Jamvel den veldige kvalen kan menneske fanga og nytta ut.

Det er kongen på jordi dette, som rår yver all Guds skapning.

Enn elektrisiteten! fossekrafti! Der puttar menneske fossane inn i turbinrøyrar og fører dei beint på ein dynamo, som lagar heile fossekrafti um til elektrisk kraft. So nyttår vi henne til ljos, til varme, til drivkraft. Er det ikkje eit eventyr!

Jamvel den trådlause elektrisiteten i lufti — fangar vi inn i radio og trådlaus telegraf! Um vi berre for ein mannsalder sidan hadde snakka um slikt, vilde folk sagt: du er galen du! Men Gud hev lagt alle ting i våre hender.79

Berre at vi nyttår alt til hans æra! Berre vi gjev Gud æra for alt!

Eg minnest ei gamal kona, ho var yver 90 år då dei la inn elektrisk ljos i huset hennar. Ho gjekk ut og vilde skoda på stolpane og leidningane. «Nei at dei kan få ljos av vatn, det hadde eg aldri trutt! men eg segjer no det, at det er Guds krap, dette og».

Ja visst t r det so. Vi lyt segja som i denne salmen fyrste verset og siste verset: Herre, vår Herre! kor her-

legt ditt namn er yver all jordi!

*

Men ein ting lyt vi koma i hug. I 2. kapitlet av Hebrearbrevet er ordi frå 8. salmen nemnde: alle ting la du under hans føter! men, segjer han, og det er eit syrgjelegt men: enno ser vi ikkje at alle ting er han underlagde!

Kva tenkjer han på, trur du?

Kanhenda han tenkjer på naturkrefter som men-neskja enno ikkje rår med? Slik som vind og ver! dei har vi enno ikkje lært å styra. Og mange meiner at menneske kjem aldri til å rå med ver og vind.

Eller kanhenda han tenkjer på sjukdomar og ulukker som kjem yver oss, vi stend mang ein gong rådlause mot sovore.

Og «dauden gjenom verdi gjeng, han vil rydja liv or lande. Mannsens barn som blom i eng bleiknar for hans kalde ande. Under denne myrke makt er alt liv på jordi lagt.»

Ja døy lyt vi alle: der stend vi maktlause.

Endå verre er det med alt det vonde i oss menneske.80

Tenk på ein full mann! han ser ikkje ut som ein konge han! han kan ikkje styra seg sjølv! Eller ein sinnatagg som ikkje kan styra tunga si, kanhenda ikkje ein gong armen sin! Stakkars kongen på jordi som ikkje kan styra seg sjølv! Vi har mist kongekruna vår, vi syndarar på jordi.

Men so kjemiHebrearbrevetmed eit jublande «men»: Jesus hev vunne att den kongekruna vi hadde mist. Han vann yver dauden: ljoset og livet foT alle mann strålande upp med vår Frelsar rann. Han hev fenge all makt i himmel og på jord. Og han vil gjera ende på alt det vonde.

Å um han kunde få styra og råda yver oss! Då skulde det verta til velsigning for oss menneske, all den makt Gud hev lagt i våre hender.

Brorson hev ein salme, nr. 352 i «Nynorsk salmebok». Syng heile den salmen, helst på folketonen. Han gjeng igjenom all Guds skapning: min Gud, din visdom er so stor, at mannemål må tegja!

Vi stend liksom den gamle tempelskalden og skodar upp mot stjernehimmelen: kor stor Gud er! og kor liten eg er! og likevel hev Oud lyft meg upp til seg: Guds barn, Guds tenar, Guds medarbeidar skal eg få vera.

I Jesu namn skal lovsong tona: Halleluja! vår Gud er stor! og himmelen svarar Amen.

Syng nr. 23, vers 5.12.

Kyrkjehuset — Herrens hus. Salme 84.

Syng nr. 581.

«Mi sjel lengtar, ja naud-stundar etter Herrens fyre-gardar. Hjarta ropar av fagnad til den levande Gud.»

Er du glad i å koma til kyrkje?

Eg veit ein gut som gledde seg umåteleg.

Ja eg kjenner mange smågutar og smågjenter som tykkjer det er fest når dei fær fylgja far og mor til kyrkje. Eg minnest eg var sjølv glad kvar gong eg fekk lov å vera med. Eg skyna ikkje stort av preikene. Men eg song med i salmane; og eg lærde snart å syngja med i kyrkjesvari: «Gud vere lova for sin glade bodskap,» som vi song kvar jol og påske og kvitsunhelg; no syng vi det kvar sundag. «Og med di ånd,» som folket svara når presten helsa «Herren vere med dykk». Og «Amen». Eg skyna ikkje kva Amen tyder. Seinare fekk eg veta det er jødemål, og på jødemål er det same ordet som vårt «tru»; «amen tyder: det lean du lita på! Du veit Luther i katekisma set det um tvo vender: etter Trui «det er alt saman visst og sant»; etter Fadervår «ja, ja, det slcal verta so!» Grunntydingi er: det kan du lita på; etter bønene våre: du kan lita på at Gud hev bøn-høyrt deg; etter Trui: du kan hugheilt byggja på det gom Gud hev gjort; det er ein trygg grunnvoll Gud hev

6 — Anker: Bibelen for barn.82

lagt for oss menneske, «ja denne grunn stend evig fast, um både jord og himmel brast.»

Men det var Jesus eg tenkte på då eg nemnde ein gut som gledde seg so umåteleg. Kvar påskehelg var Josef og Maria upp til Jerusalem. Når dei kom heim, fortalde dei um gudstenesta i Herrens tempel, um songen og musikken, um øvstepresten som lyste velsigning yver lyden, um ofringane i fyregarden, og um den store folkestemna. «Kan ikkje eg få vera med?» spurde Jesus. «Jau når du vert 12 år, skal du vera med!» Han gledde seg, og talde åri. Då han var 10 år, tenkte han: no er det berre 2 år til; då han var 11 år, sa han med seg sjølv: næste år fær eg vera med. Elias Blix hev dikta ein salme um han då han var 12 år. «Kom sjå eit barn på kyrkjeveg som upp til Sion stundar. Sjå Jesus med foreldri dreg og til Guds hus seg skundar. So hjarteglad han fylgjer deim, som barnet når det lengtar heim og trår til faderhuset.» Eg tykkjer eg ser Jesus gjeng i fyrevegen; dei andre gjekk so seint!

Det tok mange dagar frå Nasaret til Jerusalem, sers då dei laut kroka utum Samaria. Mæler du på kortet, fær du vel um lag 150 km veg. Skal vi seg ja at dei greidde 30 km for dagen, so tok det fem dagar. Men dei var mange i ferdafylgjet. Det var nok fleire andre tolv-års gutar. Og det kom nye flokkar i fylgjet etter kvart.

Og so song dei. I Davids-salmane har vi 15 salmar med yverskrift: ein song på høgtidsferdene; det er frå salme 120 til og med salme 134. Vi veit at når dei kom upp på Oljeberget og såg tvers yver Kedron-dalen Jerusalem og templet glima i soli, då song dei jamt den 121de salmen: eg lyfter augo upp til fjelli.

Alle truande jødar var glade i templet. Salme 84, som vi har til tekst i dag, er dikta av ein levitt som hadde vore med i tempeltenesta. «Ein dag i dine fyre-83

gardar er betre enn tusen andre,» segjer han. Han lengtar dit. Sjeli hans kan ikkje leva utan samfund med den levande Gud. Han samanliknar seg med sporven og svala og segjer: der fann eg reir, der fekk eg bu trygt.

Eg kjem i hug ei kyrkja i Sør-Jylland; det var den tid det låg under Tyskland; det gjekk på tysk i skulane og tysk i kyrkjene; danskane laut byggja seg kyrkjer på eigen kostnad der dei kunde få høyra Guds ord på mors-målet. Det var 30 huslydar som hadde kosta seg den kyrkja eg tenkjer på, for 30000 kroner. Yver inngangen stod dei ordi tekne or denne David-salmen: som i sit rede den vildsomme fugl, und ved dit alter din tjener et skjul! Og rundt ikring utanpå kyrkje-veggene hadde dei mura små fuglereir der små-fuglar kunde byggja og bu.

Kjenner du den Blix-salmen: Det er so godt å vitja Guds hus og heilagdom på jord —? Det stend at der byggja fuglar små; den arme duva kurlar og lengtar dit å nå. Du skynar kva slags fuglar det er som byggjer der? men skynar du kva slags duva det er meint? Duva er ein heimekjær fugl; ho trivst ikkje burte frå folk. Då Noa sende duva ut or arki, kom ho attende; ramnen derimot greidde seg godt der ute. Duva er bilete på heimekjære menneske som ikkje kan trivast der ute, men naudstundar etter den levande Gud.

Yi har mange salmar som skildrar den lengsla. Grundtvig hev dikta ein salme yver ord i den 42. Davids salme: «Som tørstige hjort monne hige»; i «Nynorsk salmebok» stend han nr. 838; men der vantar eit vers som lyder so: når andre til kirke mon gange, da sidder jeg her udi vrå; de kvæde så liflige sange, men jeg må ei høre derpå. Du kan tru det er mange sjuke og gamle som lengtar etter å koma i kyrkje, men kan ikkje. Ein gamal mann sa med meg nokre år sidan:84

visste dei kor ille dei fer med seg dei som ikkje gjeng i kyrkje når dei kan, so vilde dei gå dit tiåre. Ja vi treng å få vigsla yver arbeids-veka. Og når vi fær syngja oss saman med alle kristne på jord, i gudstenesta i kyrkja vår, so kjenner vi: her er vi nære Gud, her er Guds hus, her er himmelens port! høgt under loftet! romsamt å pusta ut.

«Til denne helga Herrens hall or kvardags ståk me bera skal dei kjære små i skirsle-skrud, Tier vert dei vigde inn til Gud. Til denne helga Herrens hall or heim-sens fårar koma skal dei unge som sin lovnad gjev til Gud i daude og i liv».

Det er fortalt i Mose-bøkene at Arons prestestav skaut friske skot inne i det høgheilage. Det er det Blix siktar til med ordi: Der inni heilagdomen der fordom blømde Arons stav. Eg hev spurt konfirmantane mine: trur de det er sant? dei veit ikkje kva dei skal svara. Men eg hev set det eg: vi felte ein poppel på prestegarden eit år, og la stomnen attmed skytjeveggen; året etter skaut den avhogne stomnen friske grøne skot. Det er eit bilete på det som hender gong på gong i kyrkja: «der læra me det under, at turre tre skyt knupp»! «turre tre», det vil segja: turre menneske fær friskt liv inn i hugen, so dei tek til å smila og syngja og takka Gud.

Du veit vi kan tilbeda Gud alle stader. Heime skal det og vera ei kyrkja for Gud. Og ute i Guds natur, der kan vi og halda gudstenesta. Ein gong ei ungdomsstemna vart nekta kyrkja, heldt vi gudstenesta ute; det var ein sumarsundag under klår himmel; vi laga preikestol og altarbord med bøneskammel; vi hadde hornmusikk i staden for kyrkjeorga; og klokkaren stod fram og bad: Herre, eg er komen inn i denne store herlege kyrkja di, og vil høyra det du vil tala til oss.

Men kyrkjehuset er sers heilagt, innvigt til Gud.85

Der stend døypefonten, der stend altarbordet, der kling kyrkjeklokkene: kom heim til Gud. «Alt fekk si vigsla i kyrkjefamn»! Det er ikkje råd å greia seg for folket vårt utan kyrkjetenesta. Mange trøystar seg med radio; og for dei som ikkje kan koma til kyr kje, er guds-tenestene i radio umissande. Men kyrkja er noko sers: der finn vi samfund med kvarandre og; alle dei mange heimane møtest der i ein større heim som femner um heile follcet. Vi treng å få nørt den samkjensla, ikkje sant! vi må læra sjå på kvarandre som ein stor stor syskinflokk. Då kjem vi nærare Gud og. Gud er ikkje Far for nokre få; han er Far for alle. Jesus kjem med bod til alle dei burtkomne borni: kom heim til Far! Ingen stad vert dette so levande for oss som

under den romsame kyrkje-kvelven.

*

Lat kyrkjehuset vera heilagt for oss! Eg såg upp-slag på kyrkjedørene i utlandet: her er Guds hus, her må du vera still, her må du beda. Det var for turistane skuld uppslagi stod der. Det er fælt kor liten vyrdnad mange syner kyrkjehuset, snakkar høgt, lær, og er urolege, i staden for å vera still i andakt og bøn. Når kyrkjeklokka ringjer saman, må alle vera samla, so gudstenesta kan taka til med still bøn.

Hev de sundagsskule i kyrkja, so akta på at de ikkje er uvyrdne. Stilt skal det vera i Guds hus. Eg såg det i Tyskland, i Frankrike, i Italia: anten det var born eller vaksne, med same dei kom inn i kyrkja, so bøygde dei seg og bad til Gud, anten det var kvardag eller helgedag.

Yver kyrkjehusi må lysa dei ordi som stend i 84. salmen: Kor elskelege dine bustader er, Herre. Kyrkje-ne våre er vigde til høgtid for vår Gud. Amen.

Syng nr. 629 av vår kjære biskop Støylen.12.

Haustfest. Salme 65, 10—14.

Syng nr. 213, v. 1—3.

Guds bekk er full av vatn. Du hev krynt ditt gode år. Beiti i øydemarki dryp. Haugane fyllest av lovsong. Eng jane er klædde med sauer. Dalane er fulle av korn.

Det er fortalt i 1. Kongebok at profeten Elia kom til ei enkja i Sarepta (eller Sarefat, som byen eigenleg heitte). Det var i den lange turketidi. Enkja åtte berre ein neve mjøl i krukka og ein liten grand olje i krusi. Like vel laga ho ei liti kaka åt Elia fyrst. Til takk fekk ho det underet at mjølkrukka vart ikkje tom, og ikkje oljekrusi heller, so lenge turken varde. Denne Sarepta-krukka hev vorte eit bilete på det underet Gud gjer jamt: at «fatigt brød på armods bord kan rikt dei mange metta». Gong på gong lyt vi u idrast: Guds bekk tryt aldri: kvart året gror nytt liv, med mat til millionar munnar, er det ikkje eit under!

Arbeida for føda må vi. Arbeidet er eit adelsmerke, ei æra, — og ei lukka. Det er ikkje sant at arbeidet er ei forbanning for syndi skuld; arbeidet høyrde med i paradiset!

Det er ille at mange klagar for dei må slita og streva formaten. Arne Garborg hev skildra i «Bondestudentar» ein bondegut som lengtar burt frå jordarbeidet. «Den87

gom kunde verta skulemeister!» segjer han med seg sjølv; «det måtte vera gildt å vera skulemeister: gå inne heile dagen turr og varm, ja sundagsklædd og fin! det var berre ein leik mot å gå og vabba i moldi!» Jamvel på skulen fekk han høyra at arbeidet var ei straff for syndi.

Nei! nei! nei! det er ikkje sant! Det høyrer med til Gudsbiletet at menneskja skal vera med og halda uppe livet på jordi. Og ikkje noko arbeid er so guddomlegt som jordarbeidet: der er du med Skaparen i hans skapar-verk. Det er rekna ut at jordi her i Noreg skulde kunna fø 4 millionar menneske når ho berre vart godt dyrkja. Det lydest som eit under, ikkje sant? Men bondeungdomen hev mange vender snutt ryggen til bonde-arbeidet, hev fare til byen, eller til fabrikkane. Der fær dei høgre dagløn og meir fritid, det er det som lokkar. Dei håttar ikkje på at det er dyrare å leva der, og meir helsedrepande arbeid. Og rett som det er, vert dei uppsagde; so stend dei arbeidslause. Ja det er ei forbanning det: å vera arbeidslaus! Og arbeidsløysa aukar i eino: dei kjem i vane med å leva på forsorg eller på fatigkassa eller på arbeidsløyse-trygd, eller kva det no heiter. Eg hev høyrt frå ein fabrikkby det lever der f leire hundrad gutar og gj enter som aldri hev arbeidt ein einaste dag i mange år.

Ja det er ei ulukka, både for fedralandet vårt og for ungdomen. Du kjem i hug når du hadde fenge gjort skikkeleg frå deg eit vanskelegt arbeid, då kjende du deg sæl, ikkje sant? anten det var eit vanskelegt reknestykke eller det var eit snikkar-arbeid i sløgdskulen. Det høyrer med til Guds skapargleda det. Den gleda unner Gud oss alle.

Eg trur ikkje nokon kjenner seg lukkelegare enn bonden um hausten. Visst hev han slite frå morgon88

til kveld. Visst leid han vonbrot på vonbrot når regnet skj emde ut høyet, eller turken øydela åkeren. Du veit vi lyt finna oss i det veret vi fær. Eg trur det er dette som hev gjort bøndene våre so toluge: i tusen på tusen år hev dei lote tola at grøda visna eller rotna. Bonden lærde å bøygja seg for Gud.

Bra er det med kunstig vatning som dei hev laga i sume bygder. Gildt er det at hesjehøyet toler meir væta. Framsteg er det at frukttrei vert sprøytte mot makk og mugg. Vi må bruka vetet i næringslivet jamt; det høyrer med til menneskeadelen det.

Ei sers uppgåva hev husmoderne, som skal få maten til å strekka til. Dei skal halda hus, vera hushaldarar, øhonomar heiter det på gresk i ny-testamentet. Sanneleg lyt husmori bruka vetet, skal ho få nok til dei mange svoltne munnane: skaper gjer ho mykje av lite kvar einaste dag, drygjer kvar bite, vøler og bøter, mot-gangar møter og vanskane vermer med hjartelag!

Hjartelag ja, det må til! då gjeng arbeidet lettare, og då vert det mykje betre gjort. Sjå på mor der ho sit og vøler klæde til mann og barn: ho syr og ho lappar, og bed yver arbeidet: Gud signe kroppane som slit desse klædi! varme skal dei vera! og heile og reine! Sjå på mor der ho stend i kjøkenet og steik jer: hj artevarmen gjeng i eitt med omnsvarmen, sveiten lyt ho turka frå panna, men smiler lel: Gud signe alle munnane som no skal få sin mette!

Slik med alt arbeid! Der stend tvo veitegravarar nede i åkeren. Eg spør den eine: kva er det for arbeid du driv med? Han svarar: å det er eit slit og slep, og surt fortente skillingar! So spør eg den andre, og han svarar: jau her er for mykje vatn i åkeren; difor lyt vi veita ut vatnet, so det kan gro betre! bi no til næste år, skal du sjå kor åkeren gulnar. Han var adelsmann89

denne arbeidaren. Den andre var ein træl som træla berre for skillingen.

Nekta skal vi ikkje at mange hev det altfor tungt, so arbeidet gjev helseknekk; serleg hender det tidt i vår tid at folk vert nervesvekte; det hender med ei husmor, det hender med ein arbeidsmann. Og når arbeidskraft! minkar, då vert ikkje arbeidet ei gleda som det skulde vera. Yi lyt sjå å bøta på det so godt vi kan. I fleire bygder hev soknesysterne løyst av slitne hus-møder so dei kan få ferie.

Men so segjer eg til smågutane og smågjentene: de må hjelpa mor og letta for henne! Og far også: når han kjem trøytt heim, so veit eg det hev hendt at veslegjenta eller vesleguten drog av han dei våte styv-lane, gav han sokke-byte og varme tøflar på føtene! då var det som far kvikna til, trøyttleiken var burte:

kor koselegt det er å koma heim!

*

Men etter alle onnene um sumaren smakar det godt um hausten å halda takkefest.

Kva tid trur du maten smakar best når vi takkar Gud for han? eller når vi takkar berre oss sjølve? Han smakar best når vi takkar Gud; det hev eg røynt når eg set meg til bords: eg kjenner kor uforskyldt det er at eg fær mat! det er nåde alt i hop, av Guds kjærleik! det er Gud som dukar bord åt meg kvar dag. Då smakar maten mykje betre enn um eg tenkjer på at eg sjølv hev slite og sjølv fortent han, ja igrunnen burde eg havt betre mat til løn for det strevet eg hev havt! Hu, då kan du tru du fær ikkje mykje godt av maten. Eg er viss um at ein dokter vil segja det same: magen meltar maten betre når vi er i godlag, segjer dokteren.

Fyrste kokeboki vi fekk her i landet, er skrivi av90

eventyr-Asbjørnsen. Han segjer: ved måltidene må alltid føres en lett og behagelig konversasjon. Skynar du det? Når vi et, skal vi alltid tala um noko som er gildt, so kjem vi i godlag. Huglaget hev mykje å segja for helsa.

Det er godt å takka både Gud og menneske. Takkar

du far og mor for maten? det må du aldri gløyma.

*

Haustfesten hjå jødane var lauvhytte-helgi midt i oktober. Dei budde i lauvhytter; det er full sumar der gør i oktober månad. Og du veit det er festlegt med lauvhytter um sumaren: det er svalt og sunt og angande søtt. Jødane tok lauv av oljetre og myrt og palmer, og batt det i hop med seljekvister. I sju dagar varde haustfesten. Og då stod gleda høgt mot himmelen. Det var folkefest som minner både um vår j olefest og um vår 17. mai. Det heittest at den som ikkje hadde vore med i lauvhytte-helgi, han visste ikkje kva gleda er! Dei song og takka Gud. Salmane 65 og 66 og 67 høvde godt på haustfesten. Les igjenom dei, so ser du det. I 65. salmen stend mange kjende og kjære ord; derifrå har vi namnet «krunår»: når grøda er rik, segjer vi det er krunår i år. Gud hev krynt året, stend det. Er det ikkje vent når dei syng at beiti i øydemarki dryp av velsigning, at haugane lovsyng Gud, og engjane er klædde med sauer, det var i tusenvis det, ser du.

Når vi held haustfest i kyrkjene våre, har vi tidt lagt upp på altaret noko av grøda: kornband, eple, kål, poteter og anna godt. Vi vil dermed segja til Gud: det er du som hev gjeve oss alt i hop! du skal ha æra og takk.

Tidt har vi ofring kring altaret den dagen. Då er det som alle, små og store, møter framfor Gud: vi har91

80 mykje å takka deg for! vi vil syna oss takksame so godt vi kan. Det er featlegt når heile kyrkjelyden soleis gjeng kring altaret og legg gåvene sine fram for Gud.

I sume bygder hev dei fest um ettermiddagen og. Dei bed inn alle fatige; og det som bøndene hev med seg til kyrkje av årsens grøda, etlar dei då ut til dei fatige.

«Ja han som veksa let på jord all årsens rike grøda, han er hjå oss i livsens ord, som signar all vår møda. For hausten her og hausten der Gud vere lov og æra, som ved vår Herre Kristus kjær vår Fader vilde vera.» Amen.

Syng nr. 646 i «Nynorsk salmebok», ein salme som er 400 år gamal.12.

Den himmelske kongen. Salme 110.

Syng nr. 595.

«Ditt folle møter viljugt fram på ditt veldes dag! I heilagt skrud kjem din ungdom til deg, som dogg or fanget pd morgonroden.»

Det er ikkje tidt at den himmelske kongen fær samla store fylkingar. Det ser ut som folk flest lite bryr seg um å møta fram til hans tenesta. Men det hev hendt sume vender at folkemengdene flokka seg ikring han.

Vi minnest den store dagen på Karmel då heile folket ropa: Herren er Gud! Herren er Gud! Vi minnest då dei mange tusen i Galilea vilde taka Jesus med makt og gjera han til konge. Og vi minnest palme-sundagen då det såg ut som heile Jerusalem vilde hylla Jesus. Eg kjem og i hug den veldige bylgja som gjekk yver Europa i krossferdene; ropet ljoda frå munn til munn: Gud vil det! Gud vil det! keisarar og kongar og hovdingar budde seg til strid under krossf ana i Jesu namn.

Men alle desse rørslene varde so stutt og muna so lite. Det var ikkje lenge etter Karmel-dagen vi finn folket på ei onnor leid. Og dagen etter dei i Galilea vilde gjera Jesus til konge stend det: frå den tidi drog dei seg undan i tusenvis. Kor mange dagar det var millom palmesundagen og langfredagen, kan du telja på fingrane; dei same som ropa hosianna eine dagen, ropa93

krossfest den andre dagen. Og krossferdene! det kom ingen ting ut av dei når vi ser på endemålet; det var eit stort mistak og slett ikkje i Kristi ånd at dei skulde drepa dei vantruande.

Sameleis gjeng det tidt med mange religiøse vek-kjingar: dei ser so lovande ut; det ser ut som alle vil med til Gud, men so altfor mange feil ifrå; og dei som var uppe i den glødande vekkjingi, er kanhenda no lenger burte frå Gud enn fyrr.

Korleis heng dette i hop ? Salme 110 segjer: ditt folk møter viljugt fram. Viljugt må det vera. Ingen tvang!

Det er syrgjelegt å tenkja på den måten Olav Harald-son og Olav Tryggveson nytta til å kristna Noreg; det gjekk med harde råder: anten dåp eller dråp! For det meste gav folk seg og tok imot dåpen. Men du veit det var ikkje godviljugt. Og då hadde det ikkje djupe røter. Vi skal or salta des&e tvo kongane: det var skikk den tid å bruka makt til å kristna folk. Karl den store gjorde det same; og han var eit mynster for kristne kongar. Kyrkjefar Augustin hadde synt vegen, ut ifrå ordi i Jesu likning: nøyd dei til å koma inn! Jesus meinte ikkje med makt; han meinte dei skulde naud-beda, slik som ei husmor nøyder gjestene sine til å eta. Men tidi var slik.

Eg er redd at mange hev fenge motvilje mot kristendomen for tvangen skuld. Det var med tvang reformasjonen vart innførd. Og tvangen som kong Kristian den sette la på folket er enno i friskt minne: dei som ikkje kom til kyrkje på messedagane, dei som ikkje gjekk til altars minst tvo vender for året, dei kom i gapestokken og laut bøta. Det sit enno agg i folket vårt mot kyrkjetvangen i dei tidene.

Eg kjenner born av kristne foreldre som beint fram hev sagt då dei vart vaksne: no vil eg slå meg laus!94

no hev eg levt i tvang heile barndomen. Du veit det er stygt sagt, og kanhenda urettferdigt og: kan henda far og mor gjorde sitt beste! og so fær dei utakk til løn! Men det viser at tvang munar inkje når det gjeld kristendom. Det må gå med det gode.

Viljugt må borni koma til Gud. Vilhugt må ungdomen møta fram og gjeva seg i Herrens tenesta. Viljen må vakna. Det nyttår lite med kjensler. Og det munar likso lite med spekulasjon um det løner seg. Å lokka med løn, det er ikkje rette måten; det snur seg snart andre vegen: det løner seg ikkje! I «Arnljot Gelline» hev Bjørnson lagt i munnen på værdalsbøndene fyre Stiklestadslaget: kva ventar oss som fylgjer deg? Olav Haraldson svarar: de kan venta å falla for Kristi åsyn, tapa gods og alt de hev kjært. Det var ikkje lokkande vilkår. Men det stend so vent: bøndene våpen seg fann og fylgde.

*

Når kongar skulde få folk, laut dei helst lokka med her-fang. Mange store her-førarar fekk folk i mengd der dei visste dei fekk herja og plundra i fiend-land. Slik lokka Wallenstein i 30-års-ufreden. Slik lokka Skule Bårdson: den som feller ein lendermann, skal få lendermanns vyrdnad; den som drep ein sysselmann, skal få sysla hans; kvar av mine menner skal ta våpen og klæde og gull og sylv etter den fienden han feller. Då ropar mennene: heil, heil kong Skule! og ein av hovdingane segjer: no er vi visse på siger i alle slag.

Det er ein skammeleg måte å lokka folk: dei kjem nok viljugt på ei vis; men det er ikkje av kjærleik, det er berre av havesykja.

Den himmelske kongen hev ikkje bruk for slike te-narar. Dei som vil fylgja han må vera viljuge til å95

lida tap pd alt. Slik var det med apostlane: lat oss gå med han, so vi kan døy med han! dei vilde heller døy med Jesus enn leva utan Jesus. Og martyrane! dei vart truga og lokka: vil de fornekta Kristus, skal de sleppa fri; men elles skal de verta pinte på verste vis! dei svara: kom med pinslene! vi kan ikkje fornekta Kristus! Dei vilde heller ha det vondt med Kristus enn å ha det godt utan Kristus. Ja det er kristendom!

Det hende at kongar gav trælane sine fri. Eg hev høyrt um ein som sa til trælen sin: du er fri! du kan gå kva veg du vil! Trælen svara: er eg fri? kan eg gå kvar eg vil ? ja då vil eg tena deg alle mine dagar. Det var fri vilje. Og slik er det med oss som vil fylgja den himmelske kongen. Ean hev kjøpt oss fri frå trældom under synd og redsla og alle vonde makter. Han kjøpte oss fri med sitt eige blod. Og difor segjer vi: hev du gjeve ditt liv for meg, so er det ikkje for mykje um eg gjev deg heile mitt liv! vil du ha slik ein liten kryp som meg, so er eg visst ikkje for god! tak meg heilt, heile min ungdom, alle mine evner, all min styrke, og all min veikskap! lat meg berre få tena deg frå ungdom og til alder grå! Det er viljugt, ikkje sant?

Eg skal fortelja deg um ein flokk ungdomar som gav seg heilt i Herrens tenesta; det var for yver 40 år sidan. Det tok til med sju studentar ved Cambridge-høgskulen i England; dei vilde ut på misjonsmarki med evangeliet um Guds frelsa. Idrottsmenner var dei alle sju, spræke karar, kunnskapsrike, dugande. Dei var gripne av Kristus og gav seg heilt til han. Dei fekk fleir med seg. Frå høgskule til høgskule breidde seg denne ungdomsrørsla. «Friviljuge» nemnde dei seg (volunteers på engelsk). Generalsekretæren i denne rørsla er den namngjetne John Mott. Her i Noreg fengde elden hjå mange unge. Dei melde seg til misjons-96

tenesta i Kina: Arthur Hertzberg, Jørgen Nielsen, Yolrath Vogt, Andreas Fleischer og andre studentar. Dei var ikkje teologar dei fleste; dei fleste hadde studera naturfag og lækjarvitenskap. No vilde dei bruka kunn-skapane sine i misjonstenesta. Og du veit ein kristen dokter kan mang ein gong preika med sitt liv betre enn nokon prest på preikestolen. Heile rørsla sette seg til mål: å nå ut til alle folkeslag med Kristi evangelium no i vår tid. Frå Japan sende dei kristne japanske studentar telegram til eit studentmøte i Amerika: make Jesus king! gjer Jesus til konge! Det var fana dei fylka seg under. Ein song fekk dei, som vert sungen på mange mål yver heile verdi. Arne Garborg sette han um på norsk: Lov Jesu namn og herredom.

Det var denne rørsla presten i Stavern fortalde um til Jonas Lie på hans gamle dagar. Jonas ropa på kona si: Thomasine! dette må du høyra! dette er store utsyner.

I det siste har vi fått endå ei rørsla frå England, Oxfordrørsla; ho fengjer frå land til land. Mange gjev seg yver til Gud og vert hans bodberarar; dei set seg til mål at Kristus skal råda og styra alt vårt liv, selskapsliv og samfundsliv og ungdomsliv. Dei vil på den måten få ende på det vonde i verdi. Ja det er målet som den himmelske kongen hev sett seg.

Vil du vera med? Å ta sin Gud i sinn og set ja livet inn, — det er liv det!

Kvart nytt konfirmant-kull skulde vera som eit nytt kompani i den fylkingen som møter viljugt fram i Herrens strid mot alt det vonde. Ja Gud gjeve det! Som doggdropar, uteljande i mengd, friske og unge, til velsigning for alt liv! Amen.

Syng nr. 324, serleg vers 4; ein av konfirmantane mine song det verset straks fyrr ho døydde.12.

Den andre Jesaja.

Syng nr. 252.

Du hev høyrt gjete vismannen Sokrates i Aten, som var dømd til å døy av di han sa folk sanningi? Fyrr han døydde, sa han: kjem det nokosinne ein heilt god og rein og heilag mann på jordi, so vil menneskja visseleg krossfesta han. Det var som ein spådom um Jesus, ikkje sant?

Korleis kunde han segja so sant eit ord fire hundrad år i fyrevegen? Gud hadde vist han det, det er so. Men han hadde og røynt noko so vore sjølv. Soleis er menneskja: dei beste livet lata må, av di dei meir enn andre sjå, heitest det i ein salme av Vinje. Verdi er so laga: ho toler ikkje høyra sanningi.

Meir enn hundrad år fyrr Sokrates levde i Babylon den store profeten som hev skrive kapitel 40—55 i Jesaja-boki; vi nemner han «den andre Jesaja».

Kapitel 53 skildrar kor Herrens tenar lid det verste nokon lida kan. Det er plent som profeten skulde stå ved krossen på Golgata langfredag; han hev dif or vore nemnd den 5te evangelist, ved sida av dei 4 evangelistane som fortel Jesu lidingssoga. Høyr berre: «Me såg han, men ei såg han hugnadleg ut: vanvyrd var han, ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom, me rekna han for inkje! Men våre sjukdomar var det han bar, og våre pinsler han tok på seg; ja han vart såra for våre brot

7 — Anker: Bibelen for barn.98

og sundbroten for våre synder. Han fekk refsing, til fred for oss; i såri hans fann me lækjedom. Alle for me vilt, vende oss kvar sin veg; men Herren let råka honom det me alle var skuldige i. Viljug leid han, let ikkje munnen upp, som lam på veg til slakting, som sauen tegjer under soksi».

Du kan lesa heile kapitlet. Kan du tenkja anna enn at han som skreiv desse ordi sjølv hev set Jesu liding på Golgata ? Men ordi er skrivne 5—600 år fyre. Profeten hev sjølv røynt noko av det same.

Høyr no etter! og sjå um du kan tenkja deg inn i samanhengen:

Herrens tenar er eigenleg Israel, som vart vanvyrdt av heidningfolki og skamfare på alle måtar. Det er klårt det er Israel han tenkjer på når han segjer: kven er blind som Herrens tenar? (42, 19).

Profeten gjev folket trøyst. Ja heile denne andre luten av Jesaja-boki er nemnd Trøyste-boki. Ho tek til: trøysta, trøysta mitt folk!

Dei leid vondt i Babylon, burtførde frå heim og fedraland. Du kjenner den 137de salmen: ved Babels elvar der sat me og gret; harpene hekk millom vier-runnar! dei kravde song av oss: syng Sions songar! kor kunde me syngja Herrens song på framand jord? gløymer eg deg Jerusalem, so gjev mi høgre hand må visna!

Sers harde fangekår hadde dei ikkje: dei fekk lov å byggja seg hus, fekk jord å dyrkja, kunde ta til med handel og samla seg rikdom. Mange israelitar fann seg etter kvart vel til rettes. Det viste seg då persarkongen Kyros gav dei lov å fara heimatt; mange vilde ikkje. Du kan veta det var vondt for dei trugne jødane som lengta heim og aldri kunde slå seg til ro på framand jord; — det var vondt for dei å sjå landsmenn i mengd99

festa rot i det framande. Ja dei trugne fekk høyra vond-ord av desse landsmennene sine: kva gjeng de og sturer for? her er bra nok, berre de lagar dykk etter høvet! det gjer ikkje noko gagn å sjå de gjeng og hengjer med hovudet! Dei trugne jødane kjende seg som synde-bukkar, vanvyrde av sine eigne.

Tenk um desse verdslege israelitane hadde um-vendt seg til Gud! då vilde dei skyna at det var Herrens trugna tenarar som bar folket frelst gjenom trengslene.

Diktarpresten Anders Hovden hev ein salme som høver her. Nr. 685 i «Nynorsk salmebok». Syng han, men helst på tonen «I rosenlund under Sagas hall»: «Dei som gjeng fyrst og brøyter leid i lange fram-gangsferdi, dei femner full si bringa dei av kvasse fiendsverdi».

Når eg tenkjer på desse ordi, må eg koma i hug Arnold Winlcelried i Sveits. I fridomssoga åt sveitsar-folket er det fortalt at austerrikane rykte fram i lange rekkjer med felte spjot; det f anst ikkje gjever eller kanoner den tid. Kvarhelst sveitsarane vilde fram, møtte dei spjots-oddar, so dei laut vika. Då ropa Arnold Winkelried: brøder! eg skal gjera veg åt dykk! dermed gjekk han fram og femnde um so mange spjot han kunde og drog dei i hop mot bringa si. Han fall; men yver hans lik vart eit stort op, der sveitsarane storma fram og vann siger.

Soleis gjorde Jesus, Frelsaren vår. «Vi fér alle vilt, vende oss kvar sin veg,» Det er millionar syndevegar som møtest på Golgata; dei er som millionar spjots-oddar som borar igjenom Jesu hjarta. Han vilde gjera veg åt oss til Gud; so gjekk han fram og femnde um alle spjots-oddane, og han femnde vida yver heile verdi. Der han gav sitt liv, der er no open veg for syndarar til Gud.100

Ingen annan enn Jesus hev uppfyllt ordi i Jesaja 53; dei høver ikkje på andre.

Det er underlegt kor djupt den andre Jesaja hev lodda i livsens løyndomar. Han hev fenge nytt ljos yver lidingi. Eg trur han er elev av Jeremia. I hans skule hev han lært at lidingi ber dei rikaste frukter. Hjå Jeremia hev han fenge biletet av lammet som tegjer på veg til slakting. Hjå Jeremia hev han lært å grunda yver denne gåta: kvifor skal Guds folk lida so mykje? Og han svarar: det er syndi vår som er orsak til lidingi; men Gud vil gjenom lidingi reinsa oss; og soleis vert lidingi vegen til siger.

«Martyrblodet er eit sæde for kyrkja,» sa dei gamle.

Slik veit du det gjekk i Noregs-soga: etter martyrblodet på Stiklestad fekk kristendomen inngang. Det måtte vera rart for Magnus Olavson, då han kom heim frå Gardarike fem år etter, å sjå umsnunaden: eit heilt folk i anger for di dei hadde drepe Heilag Olav.

Biskop Brorson syng: den trengsla me må lida, kor tung ho kjennast kan, når me for Gud vil strida, er oss eit ærestand. Mange bisna på at han som hadde fenge bispeembete, kunde kjenna so mykje av trengsler. Å jau han hadde tungt å bera Brorson. Men han lærde av eigi røynsla det han syng i j olesalmen sin: når hjertet sidder mest beklemt, da vorder frydens harpe stemt, at den kan bedre lyde; så korset selv, når Jesus vil, må også hjelpe sjelen til med salmer at udbryde.

Les Trøyste-boki, den andre Jesaja, so skynar du kor lidingi hev lært han å tru! og lært han å takka. Vi lyt be at all motgang må bera oss nærare Gud; som Blix hev sunge: (nr. 324, v. 5). Um eg her vert trengd og tyngd, so styrk meg, milde Fader! gjev hjarta kraft og evig tyngd, so trengsla ei meg skader! Amen.12.

Profeten Hesekiel.

Syng nr. 471.

Hesekiel vart burtførd til Babel ved fyrste burtføringi.

Han var tempelprest i Jerusalem, presteson av Arons-ætti; de veit prestetenesta gjekk i arv i ætti hans. Prestane ved templet skulde ikkje preika; dei skulde ofra og be for folket. Gudstenesta var altartenesta heilt igjenom. Bøykoffer-altaret stod inne i heilagdomen, attmed det svære åklædet som skiide millom det heilage og det høgheilage. Røyken gjekk då innum åklædet inn i det høgheilage til nådestolen, der Israels Gud hadde sitt kongs-sæte millom kjerubane. Ute i fyregarden stod brennoffer-altaret, der dei ofra «grjonoffer» av korn og slaktoffer av dyr. Mange prestar og levitar var med i tenesta; dei laut vaska hendene sine i eit stort kopar-kjerald fyrr dei ofra: reine hender måtte dei lyfta upp mot Gud i himmelen. Og eg tenkjer Hesekiel gjorde det av heilt hjarta, med vyrdnad og andakt og takk til Gud.

Når han no var burtførd til Babel, kunde han ikkje gjera prestetenesta meir. Men so vart han profet. Han er den fyrste israelitiske presten som vart profet. Han tok til å tala Guds ord til folket. Han vart kalla til profet nokorlunde sameleis som Jesaja:

Han såg ei syn: himmelen opnast, det kom ei storm-flaga, ei sky, kvervlande eld; utor elden tedde fire102

levende, med mannaskapnad; andleti liktest på menneske, på løver, på uksar, og på ørnar! Det er desse andleti som gjeng att i den kristne kyrkja, hev vorte bilete på evangelistane. På altaret i Ullensvangs-kyrkja ser vi Gudslammet i midten, og dei fire levende tvo på kvar sida: Mattæus-evangeliet hev menneskeandlet, det er Menneskjesonen som er teikna der! Markusevangeliet hev løveandlet: «løva av Juda» er bilete på Frelsaren som vinn yver all djevelens her! Lukas-evangeliet hev ukseandlet: offerdyret som minner um Jesu soning! Johannes-evangeliet hev ørneandlet: åndi flyg yver alle vidder frå æva til æva.

Vi kjenner dei fire frå Johannes Openberring. I det heile kan du få mykje ljos yver bileti i Johannes Openberring når du les profetsynene hans Hesekiel.

Yver desse 4 levende såg Hesekiel ein kvelv av krystall med ein kongsstol av safirstein. På kongsstolen sat ein som liktest på eit menneske; det gjekk eld ut frå han, ein ljosgard tedde ikring han; det minnte um regnbogen med dei ymse skinande letene. Soleis var Herrens herlegdom å sjå til.

Hesekiel fall ned og løynde andletet sitt. Då høyrde han ei røyst som tala: «Menneskjeson! segjer ho, statt upp på føtene dine, so eg kan få tala med deg!» Og so kjem Herrens ord til Hesekiel: «Menneskeson! eg sender deg til Israelsborni, til borni med dei harde andlet og stive hjarto. Til vaktar set eg deg! til den ugudlege skal du tala; gjer du ikkje det, då vil eg krevja han av di hand. So sant eg lever, segjer Herren, eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um og lever!» Det er desse ordi som kjem att i den vene Landstad-salmen: Gud er nådig, han vil ikke nogen synders dom og død (nr. 816).103

Det er mangt hjå Hesekiel som minner um profeten Jeremia. Domsprofetar er dei båe. Liksom Jeremia peikar Hesekiel på ei ny pakt som Herren vil skipa med Israel: eg vil gjeva dei eit nytt hjarta, segjer han; eg vil ta burt steinhjarta og gjeva dei eit mjukt hjarta, so dei skal ferdast etter Herrens lov.

Men Hesekiel er ikkje som den syrgjande Jeremia. Han er viljemenneske, streng og ubøygjande.

Då dei spurde Hesekiel um dei skulde byggja altar for Israels Gud der i framandlandet, svara Hesekiel absolutt nei: ingen annan stad enn i Jerusalem skal det verta ofra til Herren. Han viser seg ein trugen son av kong Josias reformasjon, som samla all gudstenesta um templet i Jerusalem. Det måtte vera eit fælt slag for Hesekiel då han fekk bod at Jerusalems tempel var uppbrent, ved andre burtføringi. Etter den tid ser Hesekiel fram til det nye Jerusalem som Herren vil skapa åt dei heimkomne. Men sjølv fekk han ikkje leva den dagen.

So mykje meir driv Hesekiel på med å skipa syna-gogejtenesta: dei bygde seg bedehus i dei framande landi; der kom dei saman kvar sabbat, las or heilage skrifter, song salmar og bad; og der lydde formaningsord både frå lekmann og frå skriftlærd.

Profeten Hesekiel hev vore samanlikna med reformatoren Calvin i Genf. De veit han var hard og streng. Vår reformator Luther er meir lik den andre Jesaja, meir menneskeleg, meir mild og skynsam. Calvin radde ut or kyrkjene alle altar, alle bilete, og alle ceremoniar, og bygde upp gudstenesta med berre bøn og song og tale, nett som i synagogene.

I millomalderen var det meste berre altartenesta i kyrkjene; i mange kyrkjer f anst det ingen preikestol. Det var noko sers at norske prestar gjekk fram i kor-døri og preika på morsmålet; vi eig ei gamalnorsk104

preikebok frå millomalderen; det er reint ei sjeld-ßyn.

Martin Luther sa: vi tarv ikkje rydja ut altari, vi tarv ikkje kasta ut bileti, vi kan godt halda på mange gamle ceremoniar. Frå Israel har vi i vår kyrkja fenge messe-klædi, frå millomalders-kyrkja messa og musikken. Altaret har vi sams med meste alle religionar; men vi har fenge ei ny ånd i gudstenesta vår.

Det er so fatigslegt å koma inn i Calvins-kyrkjene, både i dei presbyterianske skotske og dei reformerte franske og hollandske. Det er berre som i eit bedehus.

Eg minnest eg kom i ei gamal kyrkja i Delft i Holland, prinsebyen der Oranjeprinsane er gravlagde. Ved reformasjonen hadde dei ribba kyrkja, og jamvel kalka yver dei solgylte veggene. No til eit jubileum hadde folket gjeve dronningi den gåva at den gamle kyrkja skulde vølast i gamal stil; dei hadde fenge vekk den kalde kvite kalken, den varme gylne leten var komen fram; det var som solskin yver heile kyrkja. Men eg spurde kyrkjetenaren: hev de ikkje altar? nei, det fekk dei ikkje ha i dei calvinske kyrkjene. Kva gjer de når de skal ha den heilage nattverd? spurde eg. Då flyttar vi inn eit langt bord og set i midgangen, sa han.

Æra vere Martin Luther som vilde ha ei heil gudstenesta i kyrkja.

Hesekiel fekk grunnlagt den jødiske kyrkjelyden slik som han er i alle land enno idag. Ein åndeleg hovding var han som peika ut for jødane dei faste skikkane dei laut halda fast på: umskjering, reinsingsskikkar, fasta; det er desse skikkane som hev hjelpt jødane til å halda seg uppe og ikkje drukna i folkehavet. Skynar du at det hev noko å segja? Vi skal og halda på alle gode skikkar, med kyrkjegang og tekstlesing og hus-105

andakt, bordbøn, morgonbøn, kveldbøn, — alt minner

det oss og hjelper oss til å håtta på at vi er Guds folk.

*

Mange herlege framtidssyner les vi i dei siste 16 kapitel i Hesekiels profetbok.

I 37de kapitlet ser han i ei syn kor det vart liv av daude: han såg ein dal full av bein; dei livna, fekk senar, kjøt, hud og ånd. «Menneskeson!» sa Herren, «dette et Israelslyden; eg vil senda min ande, so dei skal livna!» Å f or ei herleg syn! Gud la oss røyna same underet med vårt norske folk!

I 47de kapitlet ser Hesekiel livsens vatn vella fram frå heilagdomen: ei heil å som skapte liv der ho kom, jamvel i Daudehavet: helsebot og liv og vokster og frukt alle stader. «Men myrane der livsens vatn ikkje kjem inn, dei vert standande og rotnar.»

Eg kjem i hug kva Hognestad sa på ei ungdomsstemna i Telemark: sume kristne vil nekta oss å få livsens vatn inn i ungdomslivet, i leiken og moroi, i fedralandskjærleiken og samfundsinteressene. Det er hjartelau8t å nekta oss det. I vårt ungdomsarbeid er det nett det vi vil: f øra livsens-åi inn i alt menneskeliv! då skal det verta friskt og reint og bera god frukt.

Ja gjeve Gud at denne åi frå heilagdomen må renna inn i ungdomslagi, i verkstadene og fabrikkane og handelsbudene, på kontori, i skulane, i heimane, og på leikvollane! Eit heilrent folkeliv i pakt med Gud! Amen.

Syng nr. 29, v. 4.20.

Nehemia.

Syng: Gud signe Noregs land.

Då Georg Stang vart gravlagd, heldt Peter Hognestad minnetala. Det var Noregs ungdomsfylking som kosta gravferdi, og Hognestad var ungdomsprest. Han tok teksti or Nehemiaboki (4, 17): med eine handi gjorde dei arbeidet, med hi heldt dei verja. Welhaven hev skrive eit dikt um Nehemia; Hognestad hermde siste ordi i det diktet: det står en skrekk av byggende menn som velger at bygge med sverd ved lend.

Det var det Georg Stang hadde hjelpt oss til då vi vann sjølvstendet vårt i 1905. På bautaen hans stend dei ordi av Hovden: han gav oss mod, han gav oss makt å gjera Noreg fritt.

Nehemia var skjenkjar hjå persarkongen.

Då persarane tok Babylon, fekk jødane lov å fara heim. Det var stor gleda, kan de veta, endå ferdi var slitsam nok. Salme 126 skildrar heimferdi: Då Herren førde Sions fangar heimatt, då var me som drøymande; då fylltest munnen vår med fagnadrop. Store ting hev Herren gjort mot oss.

Men det gjekk ikkje so lett då dei var heimkomne. Dei jødane som hadde vore heime såg med mistru på dei som kom heim, ukjende som dei var for kvarandre. Jerusalem låg i røys. Eigedomane var komne i hendene på heime-jødane, det var ikkje so beint fram å semjast um eigedomsretten.107

Like vel la dei heimkomne grunnvollen til eit nytt tempel. Esraboki i Bibelen fortel at dei «song lov og takk til Herren av di han er god og hans miskunn varer æveleg». Høge fagnadrop ljoda. Men mange av dei gamle gret høgt, dei tenkte på Salomos tempel.

So kom samaritanane og bad um å få vera med og byggja templet. Samaritanane var eit blandingsfolk, halvveges jødar, halvveges heidningar. Dei sa til dei heimkomne jødane: la oss få vera med og byggja; vi held oss til dykkar Gud likso vel som de. Men jødane sa nei: dei rekna ikkje samaritanane for rett-truande. Det var syrgjeleg trongsyn og hjartelaust stivlynde. Dei burde heller ha fagna dei nye halvbrørne sine og hjelpt dei fram til rettare tru, ikkje sant? Det hadde vore etter Jesu hjartelag. Stakkars samaritanane, dei kjende seg såra av hjartekulden dei møtte. Og jødane fekk svi for det: samaritanane vart alle dagar fiendar av jødane. Fyrebels fekk dei meinka tempelbygget. Det gjekk yver tjuge år fyrr templet vart ferdigt. Då song dei salme 118: dette er dagen som Herren hev gjort.

Elles såg det ikkje rart ut. Siste profetboki i det gamle testamentet (Maleaki-boki) viser syrgjeleg likesæla: jamvel prestar hadde gift seg med heidne kvinner! og ved ofringane ofra dei låke og sjuke dyr, og tok sjølve dei friske og gode. Den skriftlærde presten Esra freista reformera livet og gudstenesta. Men det gjekk trått.

So kjem Nehemia, utnemnd av persarkongen til jarl i Judea. Det som serleg brenn i hugen hans er å reisa uppat mur ane kring Jerusalem. So lenge murane låg nede, kunde grannefolk lett trengja inn i byen. Grannefolki freista sjølvsagt meinka arbeidet med murane. Då fylkte Nehemia folket og væpna dei med forsvarsvåpen. Helvti av folket dreiv på med murarbeidet; andre helvti stod væpna på vakt. Dei skiftest108

til, og dreiv på både nott og dag. Kom nokon av fiendane og tok på arbeidarane, straks var det ein vaktmann som bles i horn, og dei væpna flokkane samlast til forsvar. Nehemia og vaktmennene kom ikkje or klædi desse vekene. Nehemia reid ikring og såg etter arbeidet og sette mod i folket. Dette minnet vil aldri døy. Det ser ut til dei slapp å drepa nokon av fiendane sine; det var nok at dei stod ferdige til å verja seg, so våga ikkje fiendane gå på.

No kjem tidi for Esra til å føra igjenom sin reformasjon. No hev han jarlen i Judea med s eg, med fullmakt frå persarkongen.

Iste oktober det året var det stor folkestemna på torget i Jerusalem. Esra las upp or ei ny lovbok. Truleg var det «Presteskrifti», skrivi i Babylon av Hesekiels læresveinar; ho inneheldt mesteparten av bodi i 3. Mosebok. Då Esra steig upp på talarstolen og opna lovboki, reis alle upp. Det er den skikken vi bar i kyrkjene våre: når bibelordet vert lese frå preikestolen eller frå altaret, då ris alle upp.

Lovene var strenge, forbaud ekteskap med heidne kvinner, prenta inn sabbatsbodet, og kravde avgifter til templet. Folket gret då lovordet vart lese. Men Nehemia stagga dei: denne dagen er heilag! gakk heim og gled dykk! gleda i Herren er vår faste borg. Det er frå desse ordi det er henta ordet um at gleda i Herren er vår styrke, eit strålande ord, ikkje sant? Nehemia skal ha takk og ære for det.

Etterpå folkestemna heldt dei lauvhytte-helgi i sju dagar på gamal vis. Slutten vart den høgtidlege lovnaden som folket gjorde, og som hovdingane og prestane skreiv under: dei lovar å fylgja Guds lov med avgifter til templet, med å halda sabbaten heilag. Eeformasjonen vann fram.109

Ein god reform som Esra og Nehemia fekk inaført skal du høyra no: ein pantelånar skulde gjeva attende alle pant til ei viss tid. Skynar du kva det vil segja? Dei fatige laut tidt setja åkrar og vinhagar og hus i pant for å få kjøpt seg mat i dyrtider. Og dei laut låna pengar til å greia skattane til persarkongen, mot pant i eigedomane sine. Når dei so ikkje greidde å løysa inn lånet, so tok pantelånaren heile eigedomen; jadet hende han tok dei fatige sønene og døtterne til trælår.

Nehemia sa eit ålvorsord til storfolket: dette er beint fram oker! her kjøper vi jødar fri frå trældom under heidningar! og so gjeng de burt og sel dykkar eigne landsmenner! Han fekk gjort det til ei æresak å strjuka gjeld og gjera sælebot mot fatigfolk; sjølv gjekk han i brodden. Og fyredømet smitta: dei käppast um å gjeva attende åkrar, vinhagar og hus som var pantsette.

Det vart lov at kvart 50de år skulde nemnast jubelår: då skulde eigedomar koma attende til eigarane; og det visste alle, so pantelånarane vart ikkje narra. Det var ikkje sjølve jordeigedomen som gjekk frå hand til hand som ei onnor vara; det var berre bruksretten dei leigde for ei viss tid, til næste jubelår. Um lag som med prestegardane her i landet: presten fær bruka dei so lenge han er i preste-tenesta; han hev berre bruksretten, eig ikkje prestegarden.

Men vi skynar det var ein stor ting i Jødeland dette, at rikfolk ikkje kunde driva fatigfolk i trældom.

Jødar tok aldri renter av sine eigne. Derimot veit vi vel kor jødane hev lånt ut pengar til kristne, mot himmelropande høge renter. I «Kjøpmannen frå Venedig» hev William Shakespeare skildra ein slik jøde, Shyllok heiter han, ein fæl flåar.

Elles skal vi ikkje kasta stein på jødane. Vi har ikkje vore likare vi kristne. Henrik Wergeland tok striden110

upp mot dei som flådde fatigfolk her i landet. Og han fekk bera byrdi med; Wergeland vart sjølv flådd av lovkunnige folk.

I dansketidi laut norske bønder tidt pantsetja gardane sine for å greia skattane til danskekongen. So vart gardane tidt seide ved auksjon. Og mange slo til seg ei mengd gardar for ein billeg peng. Eg veit ein prest i Nordfjord for 150 år sidan som hadde slege tinder seg 99 gardar!

*

Nehemia var i det heile ein rett-tenkjande mann, fri for havesykja. Han tok ikkje den inntekti jarlen i Judea hadde rett til. Han heldt sjølv kosten for dei mange tenarar og arbeidskarar; han vilde spara folket for utlogene.

*

Eg tok til i dag med å nemna gravferdi etter Georg Stang, «den ljosaste av våre menn» nemner Hovden han; «hans hug var eld», segjer han. Ei brennande varm tru åtte han, tru på Noregs rett og Noregs evna til å stå på sjølveigne føter. Den trui fengde yver heile landet og skapte det vågemod som bar landet fram til 7. juni 1905. «Men framum alt eit hjartelag som gull — i all si ferd: ein mann av dåd og ei av ord! han fåmælt gjenom livet for, og tala ved si gjerd». Eg vil binda ein lauvbærkrans kring minnet hans: ein kristen riddar som gløymde seg sjølv og ofra alt for fedralandet. Ein Nehemia, endå heilare og reinare enn jarlen i Judea. For slike nordmenn takkar vi Gud.

Og de smågutar og smågjenter! fylg i fotefari til slike riddarar som lærer oss å verja vårt land og byggja vårt land, og elska det fram i vår bøn! Amen.

Syng: I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til.12.

Profeten Jona.

Syng nr. 134, v. 1.

Kven hev skrive Jona-boki tru? Det er visst ikkje han sjølv. Jona var ein underleg profet! ulydig, trong-hjarta, fåvis, og einvis! Vil du høyra forteljingi um han? Det er ei lærerik forteljing, sameleis som når Jesus fortel sine parablar. Det er ikkje beint fram historisk. Det er ei profetskrift som vil læra oss å sjå med kjærlege augo på heidningfolki.

Gud sa til Jona han skulde fara til Nineve og preika umvending. Det var langt aust. Men tenk! so rømde han langt mot vest, tok um bord i eit skip som skulde til Spania. At han var ulydig, det er upplagt. Men at han trudde han kunde røma frå Gud, det var vetlaust. Han skulde då visst so mykje at det er ikkje råd å røma frå Gud han som er alle stader?

Det stend i 139. salmen: kvar helst skal eg fly frå ditt andlet ? för eg upp i himmelen, so er du der! reidde eg seng i helheimen, sjå der er du og! tok eg vengene til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet, — di hand vilde leida meg ogso der, di høgre hand vilde halda meg fast! sa eg «myrker løyne meg», so vilde ikkje myrkret gjera det myrkt for deg: natti vilde vera ljos som dagen!

Skynar du det? Hev du noko sinn tenkt at Gud ikkje ser deg? Det er ikkje råd å løyna seg burt for Gud.112

Det kom storm på skipet, so skipsfolki vart redde. Dei var heidningar; men dei var mykje gudlegare enn Jona: dei ropa kvar til sin gud. Og dei vekte Jona at han skulde ropa til sin Gud. Men det gjorde han ikkje. Dei kasta lut um kven som var skuld i stormen, og luten fall på Jona. Dei freista koma til lands med han. Dei bad til Herren Israels Gud for seg sjølve og for Jona. «Tak meg og kasta meg i havet! so skal det stilna!» sa Jona. På resten laut dei gjera det. Og straks heldt havet upp å rasa. Det stend at skipsfolki fekk stor age for Istaels Gud: dei ofra til Herren og gjorde Herren lovnader.

Men Jona? Ja han drukna ikkje: det forteist det kom eit stort beist og gløypte han levande. Sume hev gissa på ein kval; kvalen er stor nok; men han hev so trongt eit svelg at han snaudt kan sluka ei sild. Var det nokon fisk, laut det vera ein hai. Elles var det mange fæle beist i havet i eldre tider, som vi lite kjenner til.

Jona var i buken åt beistet i 3 døger, og so kasta det Jona upp på land. Det er dette biletet Jesus nyttår um si uppstoda: liksom Jona var tri dagar i fiskebuken, soleis skal Menneskesonen vera 3 dagar under jordi. Han nemner det «Jona-teiknet». Berre det er nok for oss til å gøyma på denne forteljingi.

Herrens ord kom so til Jona andre venda: vil du no fara til Nineve og tala mine ord? Ja no laut han; men han var ikkje mykje viljug. Han gjekk inn i millionbyen og ropa: um 40 dagar skal Nineve leggjast i grus! Det utrulege hende at folket i Nineve vende um til Gud, bad og fasta, og klædde seg i sekk til teikn på sorg. Jamvel kongen la kongskåpa av seg, sveipte seg i sekk og sette seg i oska; han gav bod at folket skulde halda store botsdagar, ropa til Gud av all makt, og113

umvenda seg frå sin vonde veg; kven veit? sa kongen, Gud kunde venda um frå sin brennande vreide, so vi ikkje gjeng under? Og Gud høyrde bøneropet og miskunna folket i Mneve.

Men no kjem det fælaste av alt: Jona vart brennande harm! Mneve var Israels fiende. Jona unnte ikkje Mneve å få godt av Guds miskunn. Han tek til å mukka mot Gud: var det ikkje det eg tenkte? du er ein nådig Gud og langmodig, og du angrar det vonde! no kan du likso godt la meg døy! Herren svara berre med eit spursmål: hev du grunn til å harmast?

Tenk noko bo hjartélaust at Jona verkeleg ynskte å sjå Nineve lagd i grus! tenk noko so ugudlegt at han profeten israeliten harmast yver Guds miskunn!

Men Gud vilde gjeva han ein lærdom. Jona gjekk ut or byen, laga seg ei hytta og sette seg i skuggen, vilde sjå kor det gjekk; i ulag var han. Ein plante voks til skugge for han; det skulde vera eit teikn på Guds tol-modige kjærleik, at han vilde gjera vel mot profeten. Ja Jona fann hugnad i denne planten; men han takka ikkje Gud! og han angra ikkje alt det stygge han hadde synda både i tankar og i ord og i gjerningar. Då so planten visna, soli stakk, då ynskte Jona å få døy: eg vil heller døy enn leva, sa han. «Hev du grunn til å harmast?» spør Herren. Og som ein uskikkeleg unge svarar Jona: ja eg hev grunn til å harmast.

Då sa Herren, og her kjem lærdomen i denne for-teljingi: du ynkast av di denne planten visna! skulde ikkje eg ynkast yver Mneve den store byen, der det finst eit hundrad og tjuge tusen som ikkje kan skilja milliom høgre og vinstre, og mange dyr —?

No må du tenkja deg um: kjenner du nokon som ikkje veit skil på høgre og vinstre? vi må vel heilt ned til 2 års bom fyrr vi finn dei som ikkje kan skilja millom

g — Anker: Bibelen for barn.114

høgre og vinstre. 80 mange småborn var det i Mneve! og dei småane var då uskyldige i alt det vonde folket hadde synda; profeten kunde ikkje ynskja straff yver dei!

Og mange dyr! segjer Herren. Det er so vent eit ord dette: Gud hev hjartelag for dy ri! dei var då uskyldige, og kunde ikkje fortena straff!

Dyri gjer mang ein gong skam på menneske. Pro-fetbøkene i Bibelen peikar på det. Jesaja segjer: ein ukse kjenner eigaren sin, og eit asen kjenner krubba si; men Guds folk Israel kjenner ikkje Gud. Visst stend menneskja høgt yver dyri. Men difor kan menneskja falla so mykje djupare. Menneskja kan det som ikkje noko dyr kan: trassa Guds vilje. Aldri gjer dyri so mykje vondt som det menneskja finn på. Aldri syndar dyri slik mot dei lovene som gjeld for alt liv. Dyri er lydige mot Gud dei; difor hev Gud hjarteleg umsut for dei. Jødefolket skyna det: menneske og dyr frelser du Herre, segjer 36de salmen.

Ver snild med dyri! det høyrer med til kristendom. Ja det høyrde med til jødedomen og. Mange ord i Mose-lovi peikar på det: du skal ikkje set ja muleband på uksen når han treskjer! Uksen skal ha lov til å nappa eit kornstrå og tyggja på det medan han treskjer; det er tungt arbeid for uksen, han er vel verd å få ein smakebit! Paulus segjer i 1. korintarbrev (9, 9): er det uksane Gud hev umsut for? Vi svarar: ja det er det!

Minnest du Henrik Wergeland kor glad han var i dyri? Han sette ein plakat upp i ein bakke: kast av under bakken! Ein gong han såg ein køyrar piska på øyken sin, sprang han ned og kasta av lasset sjølv, og skjelte ut køyraren; køyraren truga med å piska Wergeland i staden. Wergeland hev skrive ei tala til «menneskeligheden i menneskeheden» av Vesle-Brunen: det115

er ingi æra for oss, segjer dyri, at sume menneske ter seg som asen, som svin, som aper, som gjæser, som på-fuglar! dei tek berre dei veike sidene ved dyri og lagar seg etter deira lyte! men dei gode sidene ved dyri vert ikkje etterlikna.

Det finst ingen større vondskap på jordi — enn den å pina dyr: dei kan ikkje klaga til øverheiti. Men dei klagar til Gud. Eg høyrde ein gong ei liti gjenta segja til bror sin som gjorde katten vondt: det er Vårherres katt! Hev du sett Vårherres katt? Ja, alle kattar høyrer Gud til. Alle dyr er Guds skapningar. Når vi skal gjera rekneskap for vårt liv, då veg det

ikkje minst det spursmålet: korleis for du åt mot dyri?

*

Og so syner Israels Gud hjartelag for heidningane. Det skal vi læra av Jona-boki. Heidningane gjorde skam på israelitane mang ein gong. Du veit Jesus sette den romerske offiseren i Kapernaum til mynster for Israel.

Det er ein underleg kristendom den som spottar heidningmisjonen. Ein trongsynt kristendom er det som talar um at vi har heidningar nok heime. Det er sælebot for oss nordmenner, som sjølve hev vore heidningar, at vi no fær driva heidningmisjon i Afrika og Asia. Når Gud held rekneskap med oss, spør han sjølvsagt korleis vi har stelt oss med våre eigne! men han spør og um vi har havt umsut for dei som ikkje kjenner Guds frelsa. Skulde vi ikkje ynkast yver alle dei menneske som aldri hev høyrt um Jesus? Dei må ha det vondt! dei hev ingi trøyst når motgangstider kjem. Å kor vi må takka Gud at det kom misjonærar til Noreg og lyste upp i myrkret her i landet.

Syng 2dre verset av nr. 134: Herre Gud send ut ditt ord! og gjev ljoset siger! Amen.12.

Profeten Daniel.

Syng nr. 141, vers 2.

Fyrste ungdomspreiki eg høyrde var um Daniel; det er snart 60 år sidan. Det var sokneprest Herman Lunde som heldt henne; han kom frå Paris til Risør, eit friskt ver, med friske tankar. Eg minnest kor det tok meg, endå eg berre var barn. Han sette fram Daniel og venene hans til mynster for ungdomen, «min kjære ungdom», sa han.

Kjenner du soga um Daniel og venene hans? Eg skal fortelja henne, etter Daniels-boki i Bibelen.

Kong Nebukadnesar tok med seg frå Jerusalem nokre av dei evnerikaste jødane; millom deim var fleire profetar, Hesekiel, den andre Jesaja, og Daniel. Daniel var berre ungguten. Då Nebukadnesar vilde ha seg nokre gilde skutel-sveinar av høg jødeætt, vart Daniel utvald saman med tri andre gutar. Dei skulde få upp-læring i kaldeisk skrift og tungemål. Dei skulde alast upp med kongens mat og kongens vin i 3 år, so dei kunde verta gilde og feite. Men Daniel fekk dei andre tri jødegutane med på det at dei vilde ikkje «gjera seg ureine med kongsmaten». Det var mangt som jødane etter Moselovi ikkje kunde eta. Daniel bad då stallaren: lat oss sleppa eta denne maten og drikka denne vinen! lat oss berre få grønt å eta og vatn å drikka! Stallaren var redd det kunde verta låkt117

resultat: at dei 4 vart magre og skrinnleitte, og då vilde kongen draga han til ansvar. «Gjer ein freistnad med oss i 10 dagar,» sa Daniel, «so skal du få sjå». Og etter dei i 10 dagar hadde levt på vegetarkost, røyndest det at dei 4 jødegutane var fagrare og betre i hold enn dei andre sveinane som hadde ete av kongs-maten. Ja det var ein siger for Daniel. Og stallaren let dei 4 gutane få same enkle kosten alle dei 3 åri. Du veit han burde teke lærdom av denne røynsla, so alle dei andre gutane skulde fenge vegetarkost dei og. Men det spørst um dei vilde! dei hadde visst altfor god hug på feite saker, svinesteik og gåselever og kaviar og søt vin! So dei laut få den kosten kongen hadde etla dei.

Det var ikkje einaste utsjånaden som hadde bate av den enkle kosten; han verka på tenkje-evna og: dei vart kvikare desse 4 jødegutane; maten hev mykje å segja for vetet og, ser du. I Skottland et folk mykje havre. Engelsmennene tykkjer havre er altfor simpel kost. Då ein engelsmann vilde terga ein skotte, sa han: vi gjev havren åt hestane våre vi. Ja difor er dei engelske hestane so kvike! men vi vil vera kvike sjølve vi, sa skotten.

Ja det er ille med mykje forkunnmat (eller skjesse-mat eller lystemat som dei segjer sume stader): borni og ungdomen øydelegg magen sin, og øydelegg tennene sine, og vert tunge både i kropp og sjel. Ikkje å snakka um vin og annan sterk drykk som øydelegg både vet og samvet. Mange som sit i sinnssjukehus kan skulda rusdrykken for det. Og endå fleir som sit i fangehus for ugjerning dei hev gjort i fylli. Dei 4 jødegutane er eit strålande fyredøme for ungdom. Det var speidar-gutar det! som vilde gjeva folket sitt æra! som vilde ly da lovene! og nytta ungdomsåri til alt som godt er!118

Då dei 3 åri var gjengne, kom dei fram for kongen. Og kongen bisna på kor kvike desse 4 var: han fann dei visare enn dei andre, stend det.

So kjem den underlege draumen Nebukadnesar drøymde. Han hadde gløymt draumen, men var svært uroleg; han skyna at den draumen hadde mykje å segja; han laut plent få greia på han.

Han sende bod på runemeistrane og vismennene, at dei skulde segja kva han hadde drøymt. Dei greidde det ikkje: «Fortel oss draumen, so skal vi tyda han,» sa dei. Nei det var det, at kongen hadde gløymt han! Han vart nervøs og svevnlaus av dette, og truga på resten med livsstraff for dei vismennene som ikkje greidde fortel ja han draumen; og han lokka dei med lovnad um stor æra og rike gå ver. Men dei svara alle: det finst ikkje menneske på jord som kan fortelja kongen draumen når han sjølv hev gløymt han; og det hev aldri vore nokon konge som hev kravt noko sovore av runemeistrane.

Det såg spøkjelegt ut. Men so heldt Daniel og dei 3 kameratane hans bøn saman, og bad Gud openberra løyndomen. I ei syn um notti fekk Daniel sjå kongs-draumen. Han gjekk til kongen og fortalde: Gud i himmelen hev vist meg draumen din: du såg ei stor biletstytta, høg og strålande; hovudet var av gull, bringa og armane av sylv, magen og mjødmane av kopar, føtene av jarn og av leir; so såg du ein stor stein vart lausrive, men ikkje av menneskehender; han råka biletet og krasa det heilt; men av steinen vart det eit stort fjell som fyllte upp heile jordi. Deretter tyder Daniel draumen um 4 rike som skal koma etter kvart, og til sist kjem Guds rike som skal æveleg standa.

Daniel vart då sett til rektor på universitetet i Babylon, den øvste av alle vismennene. Det var eit119

underlegt Guds styre: dei fekk høyra av Daniel um Messias som Israel venta; det gjetordet gjekk frå ætt til ætt, til dess vismennene frå Austerland fleire hundrad år etterpå — kom til krubba i Betlehem og tilbad Frelsaren. Soleis spinn seg livstrådene underleg i hop,

etter Guds kjærlege tankar med alle menneske.

*

So er det fortalt i Daniels-boki um kor trufaste desse 4 speidargutane var mot Israels Gud. Dei vilde ikkje beda til andre gudar. Og so fekk dei straff. Daniel vart kasta i ei løvegrop. Men Gud sende engelen sin, som let att løvemunnane: dei gjorde han ingen skade. Dei 3 andre jødegutane vart kasta i ein gloande eld-omn; men kongen såg det gjekk ein fjerde med dei, han såg ut som ein gudeson, sa kongen; og elden gjorde ingen skade på dei.

*

Daniels-boki er skrivi i ei forfylgjingstid som vi kallar makkabeartidi, då mange israelitar leid martyr-dauden for sin truskap mot Gud. Daniels-boki var til stor trøyst for dei trugne israelitane: det var ein veldig kveik for dei å tenkja på Daniel og venene hans, kor dei heldt ut og våga livet, og kor Gud hjelpte dei med under på under. Det var noko for martyrane å gleda seg yver, det som stend sist i 6. kapitlet i Daniels-boki: Daniels Gud er den levande Gud som skal vera i all æva; han frelser og friår ut; han gjer teikn og under i

himmelen og på jordi, han som frelste Daniel or løvevald.

*

Endå tvo forvitnelege segner fortel Daniels-boki: Daniel tydde ein ny draum for Nebukadnesar, og ei innskrift på veggen for kong Belsasar.120

Draumen var um eit veldigt stort tre, og ei røyst som ropa: hogg ned treet! og skjer greinene av! Daniel tydde draumen so: du konge er sjølv dette treet: du skal verta utstøytt frå menneske og bu millom dyri og eta gras som ein ukse. Det gjekk slik, Nebukadnesar vart sinnssvak, fekk stormannsgalskap, som enda med at han levde som eit dyr eit langt bel. Det var ei tydeleg minning um kor dei høgste menneske kan verta ned-støytte frå makti si. Det var og ei trøyst i martyrtidi då kongen pinte og drap Guds olk.

Innskrifti på veggen såg kong Belsasar i eit gjestebod han heldt. Full var han, og fulle var gjestene. Han baud dei skulde henta dei gullstaupi som Nebukadnesar hadde teke frå templet i Jerusalem; dei drakk av staupi, til spott for Israels Gud. Ein tysk diktar Heinrich Heine hev laga eit dramatisk dikt um dette hendet. Han legg i munnen på Belsasar svivyrdande ord mot Jahave, Israels Gud. Då kom det ei hand som skreiv på den kvitkalka veggen i kongshalli. Kongen såg det; han skifte let, heldt på å uveta! Daniel kom og tydde skrifti: mené, mene, tekél, ufårsin! det vil segja: tald, tald, vegen, sundbytt: dagane dine er talde! du er vegen og funnen for lett! riket ditt vert sundbytt og gjeve åt persarane.

Soleis vitnar Daniels-boki mektig um Guds allmakt: Guds mylna mel trygt. Amen.

Syng nr. 32 i Nynorsk salmebok, salmen av Nord-landspresten Peter Dass, og syng folketonen som hev fylgt den salmen i fleire hundrad år: Herre Gud, ditt dyre namn og æra yver verdi høgt i akt skal vera. Gud er Gud um alle land låg øydde. Høge hall og hytta feil i sunder. Men fram skal roda som sol å skoda: Guds rike!12.

Judas Makkabeus.

Syng nr. 414.

I Johannes-evangeliet 10de kapitlet stend: So høgtida dei tempelvigsle-helgi i Jerusalem; det var vinter. Dei høgtida den helgi i desember månad kvart år. Det var til minne um noko som hende meste tvo hundrad år fyre Jesu tid. Eg lyt fortelja um dette. Det stend ikkje i vår bibel. Men i den gamle danske bibelen stod, etter dei 39 bøkene i gamle-testamentet, ei rekkja «apokryfiske skrifter»: Tobia-boki, Judit-boki, Siraks-sonens visdomsbok, og tvo makkabear-bøker, og endå nokre fleir. I 1ste makkabear-bok er fortalt det som eg her skal ripa uppatt.

De veit Aleksander den store sette seg til mål å f øra gresk kultur inn i alle dei gamle landi: i Syria, i Mesopotamia, i Persia, i Egyptarland, og kring heile Midhavet. Det er denne kongstanken hans som hev gjeve Aleksander tilnamnet den store.

Vel eitt hundrad år etter Aleksander vilde ein syrarkonge Antiokus Epifanes føra Aleksanders kongstanke igjenom med makt: no skulde alle folki taka gresk kultur og gresk religion: den greske gudefar Zevs fekk sine tempel i alle byar. Hjå jødane møtte han sjølvsagt motstand. Og so sette han hardt mot hardt: han forbaud umskjeringi og andre religiøse jødeskikkar, han forbaud ofring til Israels Gud, han vanhelga sab-122

baten, han tvinga jødar til å eta ureine dyr. Det hende at ein flokk jødar høgtida sabbaten; syrarkongen let dei alle førast på bålet, der dei vart levande brende. Møder som hadde late borni sine umskjera, vart pinte ihel. Jødar som nekta å eta urein mat, vart hengde. Syrarkongen reiv ned murane kring Jerusalem, so byen vart verjelaus. Han bygde ei syrisk borg midt i byen. Han bygde altar for Zevs rundt ikring i landet. Til sist vart Herrens tempel innvigd til Zevs: offer-røyken steig upp til æra for Zevs i sjølve Guds heilagdom. Det er dette som Daniels-boki (11, 31) nemner «den øydande styggedomen på den heilage staden», eller som det heitte i den danske bibelen: ødeleggelsens vederstyggelighed. Då gjorde jødane uppreist. Det samlast nokre hundrad trufaste jødar, med presten Mattatias til hovding. Han hadde fem spræke søner, serleg var sonen Judas som ei ung løva. Han førde flokken og slo syrarane gong på gong. Difor fekk han tilnamnet Makkabeus, det tyder Hamaren; han slo so hardt som ein hamar, skynar du. Etter han fekk heile ætti namnet makkabeane.

Tonediktaren Handel skreiv eit kor-verk han kalla «Judas Makkabeus»; Handel levde for 200 år sidan. I dette korverket skildrar han martyrtidi då truande jødar vart drepne for si tru. Og so skildrar han upp-reisten; det er der vi finn ein namngjeten sigersong då Judas Makkabeus kjem heim etter vunnen siger, og kvinnene kjem med helsing: sjå no kjem han sigers-krynd. Eg hev høyrt f leire songkor sunge den tonen til ordi: Sions dotter! sjå han kjem.

På resten tok makkabeane att Jerusalem, jaga syrarane burt, og vigsla templet på nytt til Herren. Det er dette hendet som jødane seinare høgtida kvart år, med namnet tempelvigsle-helgi.123

Dei fekk fem store høgtider på den tidi: påske, pins, lauvhyttehelg, tempelvigslehelg, og purim (um purim kan du lesa i Ester-boki).

Du kan veta jødefolket gledde seg og var takksame mot makkabeane. Dei var av presteætt, so det høvde godt at dei var øvsteprestar; men dessutan fekk dei kongsvyrdnad. Makkabeane styrde Jødeland i hundrad år, til romarane tok landet.

I desse hundrad åri var det ikkje fritt anna sume jødar drøymde um Messias-riket: no er han komen som er både prest og konge etter Melkisedeks vis. Du kan lesa um Melkisedek i 14. kapitel av 1. Mosebok, og i 110. Davidssalmen. Han var som eit fyrebilete på Messias. Hebrearbrevet hev ei lang utgreiding um han.

Men det vart eit stort vonbrot: dei seinare makkabeane søkte sin eigen bate, mjøla si eigi kaka, som vi segjer, og tenkte berre på å vinna rikdom og æra og makt. Det gjeng tidt soleis med dei som fær høg vyrdnad.

Likevel skal vi æra minnet um Judas Makkabeus. Mange kristne kan koma til å lida forfylgjing for si tru. Her i landet har vi det makalaust godt i den vegen. Det er ikkje no slik som då Hans Nilsson Hauge vart forfylgd. Men vi høyrer gjete i andre land, kor kristne menneske vert pinte og drepne for si tru. Difor bed vi kvar sundag i kyrkjebøni: ver deira styrke som lid trengsla for Kristi namn skuld. Og når vi les i avisene um forfylgjingar av kristne både i Europa og i andre heimsluter, då må vi be for brørne våre, og takka Gud for han styrer heile verdi!

*

Daniels-boki er skrivi i makkabear-tidi, til trøyst for dei som vart forfylgde. Kan henda det fanst upprit124

frå Daniels tid. Daniels-boki tek sogene um Daniel og venene hans til fyredøme for jødane i makkabear-tidi. So trugne som Daniel og dei 3 kameratane hans var, so trugne må jødane vera mot Israels Gud. Og soleis som Guds allmakt greidde å verja Daniel mot alle fiendar, soleis skulde Gud nok verja sitt folk no og.

Daniels-boki hev ei rekkja syner som ho gjev ut i Daniels namn; mange bilete i desse synene kjenner vi att i Johannes Openberring.

I 7. kapitlet ser vi «ein som liktest ein menneslceson kom med himmelskyene»; han gjekk burt til den gamle («den gamle av dage», syng Grundtvig um); menneske-sonen fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og tungemål skulde tena han; hans velde skal aldri verta frå honom teke, og riket hans skal aldri rikkast. Du skynar det var Messias dette. Dei drøymde um Messias, og venta han snart: um 1290 dagar, stend det, det vil segja 31/2 år: ei tid og tvo tider og ei halv tid, stend det, rekna frå syrarkongen forbaud «det daglege offer» til Herren og sette upp i templet «den øydande stygge-domen», Zevs-biletet. Ja dei venta og venta og vona å få sjå Messias koma og gjera ende på alt det vonde.

I Daniels-boki kjem trui på Guds englar meir fram. Det ser ut som det er i tidi etter heimkoma frå Babylon jødane hev fenge meir syn for desse usynlege hjelparane Gud sender oss. Engelen Gabriel vert nemnd tvo vender i Daniels-boki, den himmelske evangelisten som kjem med fagnadbod frå Gud. Tvo vender vert og nemnd verje-engelen Mikael, som er hovding for ljosfylkingen i strid mot myrkheims makter. Det er han som «Draum-kvædet» vårt kallar «sante såle-Mikjel», den heilage føraren for sjelene i striden mot «Grutte Gråskjegge».

I 12. kapitel i Danielsboki stend det at «mange av dei som sov i moldi skal vakna upp» or gravene til125

nytt liv. Det er fyrste venda vi møter i Bibelen trui på uppstoda frå dei daude.

Det vart eit skil millom dei tvo religiøse parti millom jødane: farisearane trudde på englar, på uppstoda, og eit ævelegt liv; men saddukearane ikkje. Det er på makkabear-tidi desse tvo parti kjem fram; dei var som eld og vatn. Farisearane heldt fast ved Mose-lovi og alle gamle skikkar. Saddukearane dilta med straumen og heldt seg til vens med dei mektige, både med syrarane og grekarane og romarane. Men båe dei tvo parti samdest um å drepa Jesus!

Syng uppatt salme 414 av Støylen. Han skreiv den salmen då han budde på Notodden og nett hadde «mist» eit lite barn. Eg fekk salmen frå han til meg send, og eg lærde syngja han. Lær å syngja han du ög! «Lat draumane døy og vonene visna som blomar og høy, når berre mi sjel kunde vinna sitt slag og stå på si vakt til min døyande dag!» Amen.12.

Preikaren.

Syng nr. 302, vers 1.

Millom bøkene i det gamle testamentet har vi ei som heiter Preikaren; ho er vel ei av dei yngste bøkene i gamle-testamentet; og likevel er ho so gamal so gamal; det finst ikkje anna enn gamalmanns-tale i henne.

Ordi er lagde i munnen på kong Salomo; meiningi er: kva vilde den vise Salomo ha sagt til vår tid? So kjem det: eg var konge, eg bygde meg hus, eg planta meg vinhagar, eg kjøpte trælår, buskap fekk eg i mengd, eg samla meg sylv og gull, eg fekk meg songarar og songmøyar; alt det augo mine ynskte seg, let eg dei få; eg nekta meg ingi gleda; men då eg skoda på det, då synte det seg at alt i hop var fåfengd. Eg vilde skyna meg på visdom; men det er fåfengt det og, og jag etter vind.

Tykjer du dette er svart og vonlaust? Ja det tykkjer eg og. Heilt frå barndomen og ungdomen hev eg høyrt gamle folk snakka slik: dei hadde mist alt livsmod, dei hadde mist all von, livet vart meiningslaust. Og det er fælt.

Biskop Hognestad hev skrive ei bok um Preikaren; der spør han: kva vil Preikaren? vil han berre taka modet og voni og gleda frå ungdomen? det ser so ut! Nei, segjer Hognestad, han vil hjelpa ungdomen til å byggja livs-lukka på trygg grunn. Du veit Jesus segjer127

på slutten av bergpreiki: ein vetug mann byggjer hus på berg, ein fåvis mann han byggjer på sand. Det er det som er ulukka for so mange mange menneske: dei tenk jest vinna lukka med å samla skattar på jordi; då narrar dei seg sjølve; det kjem mol og makk og et upp alt sovore.

Småborn trur dei kan få tak i månen, berre dei kjem upp på skogsbruni. Hev du tenkt det? Når du kjem dit upp, so er månen like langt burte. Mange vender når vi gjekk yver fjell-vidder, såg det ut som det var so stutt veg burt åt storenuten; men han flutte seg; kom vi upp på ei høgd, so viste det seg nye dalar og dælder og lang veg fram.

Småguten og smågjenta gleder seg til dei vert store; born lengtar jamt etter å verta vaksne. Når dei er vaksne, stundar dei etter å få eit levebrød. Og det er bra. Men so kjem nye mål: berre eg kan få meg eigen heim, då skal eg slå meg til ro og ha det godt! Det er ein lengt og ei von hjå oss menneske som alltid siktar på noko nytt. Og den lengten hev Gud sjølv lagt ned i oss. Men aldri vert den lengten stetta, kor mykje vi vinn i det ytre, kor mange skattar på jordi vi samlar oss.

«Hjarta som freden vil vinna, leitar i nord og i sud, kan ikkje freden f inna fyrr kvila det f ær — i Gud.» Det er det den gamle Preikaren vil læra oss: du må aldri tru du vert lukkeleg um du f ær det eller det; lukka kjem ikkje med dei synlege skattane.

Eit hus med mange fine møblar, med sofa og speglar og mjuke stolar, med målarstykke og åklæde på veggene, — det vert ingen heim. — utan hjartelag; det er hjarte-laget som skaper heimen. Det er hj artelaget som skaper lukka; hj artelaget høyrer med til det Jesus kallar skattar i himmelen, dei usynlege skattane som korkje128

mol eller makk kan eta upp; du skynar det når du ser mor smiler til deg; du kjenner det når du veit mor er heime, eller ho kjem snart heim.

Sovore kan vi ikkje kjøpa for pengar. Garborg segjer ein stad: ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug; mjuke senger, men ikkje svevn; dropar, men ikkje helsa; lærdom, men ikkje vet; stas, men ikkje venleik; glans, men ikkje hygge; moro, men ikkje gleda! skalet av alle ting kan ein få for pengar, men ikkje kjernen: den er ikkje for pengar fal. Nei lukka i livet er ikkje å få for pengar. Tvert um: det vi ilckje kan få for pengar, det er det som gjer livet rikt: venskap, kjærleik, truskap, godt humør, helsa, ja frisk luft og godt drikkevatn; ein kan ikkje kjøpa noko av det. Det er vondt å tenkja på mange ulukkelege rikfolk som med alle sine pengar lever eit tomt liv, medan mange fatigfolk takkar Gud og gleder seg yver kvar ny dag.

Det er den falske trui på alt dette ytre Preikaren vil ta ifrå oss; han vil læra oss å ikkje byggja livet på sovore.

*

For 60—70 år sidan tenkte mange at upplysningi skulde gjera ende på alt vondt. Eg minnest eg sa ein gong: no vert folk so vetuge at dei vil slutta å føra krig; dei skynar at i ein krig taper båe parter, både dei som vinn, og dei som ikkje vinn. Eg minnest mange unge drøymde um å få ende på fatigdomen; det er berre upplysning som trengst, so sluttar dei å drikka seg fulle, so sluttar dei med dovenskap, og so tek dei arbeid som løner seg!

Alle som trudde på kulturen, fekk eit fælt vonbrot då den fælslege heimskrigen tok til i 1914. Og tenk no ser det ut til å gå same vegen att! Vi trøysta oss med129

Folke-sambandet, som skulde vaka yver freden og greia alle flokar på fredleg vis. Og so røyner vi at den eine etter den andre tek seg sjølv til rettes, og brukar mordvåpen på sine medmenneske! tenk berre på korleis Italia for fram i Etiopia! heile Europa stod rådlaust! eller tenk på borgarkrigen i Spania! kor gjeng det med kulturen? dei er verre enn dei villaste barbarar eller berserkar frå gamle dagar.

Og kor gjeng det med å få ende på fatigdom og fyll og urettferd? So lenge hjarta vårt er fullt av sjølv-hug og sjølvkjærleik og sjølwilje, vert det den gamle leksa uppatt. Kulturen og upplysningi utan kjærleik — vil berre med større og større sløgskap kara alt til seg sjølv!

Der hev den gamle Preikaren rett: det finst inkje nytt under soli: trass i alle uppfinningar og uppdagingar og framsteg, vert det berre det same på ein annan måte.

Til yverskrift yver skildringane i Preikaren kan vi setja: slik vert livet utan Gud! Same yverskrifti kan vi setja yver ei heil mengd bøker som kjem ut til kvar jol: slik er livet utan Gud! Sameleis når vi ser alt det vonde auka og breida seg i dei gamle kulturlandi: slik vert det utan Gud.

Vi må læra å rekna med Gud; då vert livet heilt onnorleis.

Eller skal eg segja: vi må læra å rekna med Jesus Krist! Hadde den gamle gamle Preikaren set Jesus, so vilde han ikkje sagt det han segjer. Då vilde han ha røynt det kom noko vedunderleg nytt på jordi: med Jesus kom det nye livet frå Gud! og med Jesus kjem nytt liv i eino. Det kan eg fortelja i dag: eg hev upp-levt det, at livet vert nytt for meg frå dag til annan, kvar ny dag kjem med ny nåde frå Gud. Og kvart nytt år kjem med nytt ljos yver livet. Livet hev vorte rikare

9 — Anker: Bibelen £or bam.130

og rikare for meg, di nærare eg kjem min Gud. Jau her er æveleg nytt under soli.

Men når himmelen er burte, so vert jordi framand for oss menneske. Ein av studie-kameratane mine, ein ung gåverik gut, skreiv i ungdomsåri: eg gjeng på gata og ser på trafikken, alle vognene, alle damene, alle dei annige notidsmenneske! det kjennest so framandt for meg alt i hop! eg er visst komen på ein galen klote! Ja det er mange unge som hev vorte leide av livet.

Biskop Hognestad segjer: «Du gamle Preikar, du er ærleg, du talar sant, du hev mod til å segja heile sanningi um livet utan Gud. Eg er glad for at boki di kom inn i Bibelen. Men endå gladare er eg for at di bok er bundi saman med Jesu Kristi bok, det nye testamentet. Der finn eg det som du ikkje kunde gjeva meg.»

Ja, Gud vere takk at vi ikkje tarv nøgjast med vis-domsordi frå Preikaren. Det er som Johannes-evangeliet segjer: det er bra nok med det gamle testamentet, men nåden og sanningi vart til ved Jesus Krist. Han lærer oss å sjå ljost få livet, trass alt som er vondt.

Syng nr. 302, v. 2: Um hugsår her eg stundom sit —INNHALD

Fyreord um Bibelen............................... 7

1. Kain og Abel..................................... 9

2. Bsau og Jakob ................................... 14

3. Josef............................................. 19

4. Mosea ............................................ 24

5. Josva............................................. 29

6. Moabitkvinna But ................................ 34

7. Samuel........................................... 38

8. David............................................ 42

9. Salomo........................................... 47

10. Frofeten Elia...................................... 52

11. Profeten Jesaja ................................... 58

12. Kong Josia ....................................... 84

13. Profeten Jeremia.................................. 70

14. Menneskja kongen på jordi ........................ 76

15. Kyrkjehuset Guds hus............................. 81

16. Haustfest......................................... 86

17. Den himmelske kongen............................. 92

18. Den andre Jesaja ................................. 97

19. Profeten Hesekiel..................................101

20. Nehemia .........................................106

21. Profeten Jona ....................................111

22. Profeten Daniel ...................................116

23. Judas Makkabeus .................................121

24. Preikaren.........................................126Anw H. B! BELÉU r'0j4 BÆ,RN

Digitaliserad av Projekt Runeberg och publicerad på http://runeberg.org/barnepreik/.
Konverterad till .pdf, .epub, .mobi och .txt av Arkivkopia och publicerad på https://arkivkopia.se/sak/runeberg-barnepreik.
Filen skapad 2018-12-16 19:08:45.861609